Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kunstnaren Kjartan Slettemark



Kjartan Slettemark er fødd i 1932 på garden Slettemark i Naustdal kommune. Han er son til Jakob Slettemark og Brita Eimhjellen. Slettemark er ein av dei mest originale nyskaparane innanfor moderne kunst i Norge og har difor vore kraftig omstridd. Motstanden vart så sterk i Norge at han flytta og gjekk i "eksil" i Sverige på 1960-talet. Kjartan Slettemark døydde i 2008.

Av rapport fra Vietnam: "Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør."

Av rapport fra Vietnam: "Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør."

Eigar: Museet for Samtidskunst, Oslo.

Datering: 1965.

Fotograf: Ukjend.

Akseptert kunstnar

I dag er han akseptert som ein av våre fremste spontankunstnarar eller performance-kunstnarar. Kjartan Slettemark har utdanning frå kunsthøgskular og akademi i Norge og Sverige og har som svensk statsborgar motteke ei rekkje stipend frå Stockholm by - der Slettemark har vore busett sidan 1965.

I 2002 fekk han kunstnarløn frå den svenske staten. Slettemark er kjøpt inn av m.a. Museet for Samtidskunst, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Bergen Billedgalleri, Moderna Museet i Stockholm, Gøteborgs Konstmuseum og Norsk Kulturråd.

Kontroversiell politisk kunstnar

Kjartan Slettemark vart brått kjend i norsk samtidskunst i 1965 då hans "Vietnambilde" vart angripe med øks. Kunstverket stod utstilt i ein monter utanfor Stortinget.

Biletet - som synte ein skrikande, blodig munn, eit amerikansk flagg og ei lemlesta dokke - vart for sterk kost for den norske offentlegheit. Kunstverket vart tre gonger utsett for hærverk og måtte til slutt ha politivern.

"Vietnambilde" vart laga midt i den heitaste debatten kring Vietnamkrigen og var meint som ein protest mot amerikanarane si krigføring i Vietnam. Mange pro-amerikanske nordmenn følte seg provoserte. Konservative kunstkritikarar skreiv at kunstverket var eit sjofelt og sjusket makkverk og at Slettemark var ein blasfemisk provokatør og kunstnerisk talentlaust.

Motstanden mot Slettemark var også sterk innanfor dei offentlege kunstmusea og først i 1988 gjekk Nasjonalgalleriet med på å ta i mot "Vietnambilde" som ei gåve frå kunstnaren. Kjartan Slettemark sitt "Vietnambilde" er eit av dei mest sentrale kunstverka i norsk etterkrigskunst.

Impulsar frå utlandet

"Vietnambilde" varsla noko nytt i norsk kunsthistorie med introduksjonen av nye materialar i kunsten som plastmaling og bruk av gjenstandar frå dagleglivet i ulike kombinasjonar.

Slettemark er ein god representant for moderne kunst og han fekk tidleg sterke kunstneriske impulsar frå det franske spontanistiske målarrørsla (Jean Dubuffet o.a.) og amerikansk "popart" som på 1960-talet tok i bruk trivielle forbruksartiklar frå kvardagen i kunsten sin - slik som reklame, suppeboksar, colaflasker og bilringar (m.a. Andy Warhol og Robert Rauschenberg).

Slettemark resirkulerte gjenstandar han fann kring seg, kombinerte eller monterte dei og sette dei inn i nye samanhengar - ofte med eit humoristisk alvor. Slettemark nytta ofte fotografi, colaboksar, glorete barneleikar og anna søppel han fann tilfeldig.
Samanføying av ulike materialar på denne måten vert kalla for assemblage eller collage, og Slettemark var ein av dei første kunstnarane som nytta denne kunstforma i Norge.

I motsetnad til mykje av amerikansk popkunst, var Slettemark meir samfunnskritisk og gjekk i djupna og synte fram eit samfunnsengasjement som ikkje var vanleg i norsk eller amerikansk kunst på den tida.

På 1960-talet var den kalde krigen på sitt kaldaste og samfunnskritisk kunst vart oppfatta som suspekt og "kommunistisk".

Slettemark v Nixon

Mykje av Slettemark sine aktivitetar (happenings) har handla om utforsking og endring av sitt eige sjølvbilete - ei form for kompromisslaus sjølvutlevering i protest mot det han oppfatta som borgarlege konvensjonar og trongsynt moral.
Då han i 1974 skulle fornya passet sitt, leverte han inn ein fotomontasje av president Nixon og seg sjølv. Fotografiet i passet var ein kombinasjon av eit portrett av Nixon, men montert med Slettemark sitt eige hår og skjegg. Passet var signert "KjARTan Slettemark".

Passet var ein bolk i Slettemark si identitetsforvandling som var meint å oppheve skiljet mellom kunst og røyndom. Slettemark brukte dette passet i mange år før "bedrageriet" vart oppdaga av grensepolitiet. Saka vart lagt bort.

På 1970 talet laga Slettemark mange originale og respektlause harseleringar over den tidlegare amerikanske presidenten Nixon. Her finn ein m.a. "Nixon-vision" (1971) - ein kaffidrikkande president som også vart laga i plakatvariant og nytta i demonstrasjonstog.

Kunst som rollespel eller performance

Slettemark sine rollespel og symbolske handlingar (performance) som vart utført på offentlege plassar førte tidleg til problem. Hans eksentriske utsjånad og oppførsel vart tolka som åtferdsavvik og uttrykk for psykiske problem. Ein uvitande og maktarrogant psykiater diagnostiserte Slettemark som eit døme på "boarder case" (grensedøme).

Slettemark lot seg ikkje knekke av byråkratar og maktmenneske sin ignoranse og intoleranse. Som kunstnar slo Slettemark attende og stilte ut maktapparatet til spott og spe.

Psykologen Sigmund Freud skreiv ein gong at bruk av ironi og latter kan minska respekten og angsten for makthavarane. Det var dette Slettemark gjorde i sine performance iført puddelkostyme. Det legendariske puddelkostymet (1975-76) er frå ein personleg vond periode i Slettemark sitt liv kor han som fattig kunstnar opplevde forakten og undertrykkinga frå samfunnet si side.

Han utførte sin performance i dette antrekket for fyrste gong under opninga av ei kunstutstilling i Malmö Konstmuseum i 1975. Kunstdirektøren hadde tala i store bokstavar om kunst som fridom, toleranse, og grensesprenging og vart rasande då Slettemark avbraut talen.

Politiet vart tilkalla og Slettemark kasta brutalt på dør. Resultatet var ein broten arm og ambulanse til legevakten, men kunstnaren gav seg ikkje med dette. For seinare på kvelden, medan opningsfesten på kunstmuseet heldt fram, kom Slettemark attende i kostymet sitt, sitjande i rullestol framfor trappa til kunstmuseet med plakat på brystet som forkynte: "Rundjult av høgverdig estet".

Betre kunne ikkje Slettemark vise fram det kritiske potensialet i performance som kunstform og kan hende er dette eit godt prov på filosofen Jean-Paul Sartre sine ord om at genialitet ikkje er ei gåve, men den utvegen ein finn i desperate situasjonar.

Arven frå dadaismen

Mange kunstkritikare var ikkje samd med Slettemark sitt kunstsyn og evna ikkje å sjå den kunsthistoriske tradisjonen han var del av. Slettemark har kunsthistoriske røter i den tidlege avantgardismen slik den m.a. kom til syne i dadaismen etter første verdskrigen og surrealismen på 1930-tallet. Som hjå Kjartan Slettemark, var absurde og anarkistiske element eit viktig element i dadaismen. Dadaismen kritiserte både til høgre og venstre og spesiell krass kritikk vart retta mot finkulturen, kunstmusea og kunstmarknaden. Delar av dadaismen trudde at mennesket berre kunne realisere og frigjere seg sjølv gjennom kunst som politisk handling. Som "antikunst" ville ikkje dadaistane godkjenne kunst som venleik, sanselegdom og rein oppleving. Kunst skulle vere sann og usminka og ikkje lenger fungere som tidtrøyte for borgarskapet. Kunsten måtte i staden forvandlast til å vera eit reiskap i kampen mot samfunnet sine umenneskelege krav om rasjonalitet og profitt.

Dadaistane tok i bruk og sette saman produkt og fragment som den industrielle utviklinga hadde ført med seg: fotografi, trikkebillettar, jarn, maskinar, urinalar og sykkelhjul.

Dadaistane arrangerte "happenings" som kombinerte poesi, teater, målarkunst, skulptur, atonal musikk, fotomontasjar, absurd lyrikk. Då dei i tillegg plasserte stinkbomber i teatersalen førte dette til heftige slagsmål med delar av publikum. Kunst skulle provosera og statsmakta svarte med politimeldingar, beslag og fengselsstraff.

Dadaistane var ei av de første kunstgrupperingane som stilte spørsmål ved kunsten og kulturen sitt føremål og funksjon: kva meinest med kunst, kva type kunst bør utviklast som kan fungere som spegelbilete for samtida?

Kjartan Slettemark førte vidare liknande tankar opp til våre dagar. Nettopp etter eit tiår kor postmodernistisk kunstideologi har vore oppteken av å proklamere kunst som noko meiningslaust, er det viktig å bli minna om kva kunst eigentleg bør handle om: engasjement, humor, provokasjon og erkjenning.

Kjartan Slettemark døydde 13. desember 2008 av hjartesvikt.

kjelder:

Norsk kunstnerleksikon: Artikkel om Kjartan Slettemark av Harald Flor s.601-603. Oslo 1984.
Pettersson, Jan Åke: Kjartan Slettemark. I Utstillingskatalog utgitt av Trondhjems kunstforening og Kunstnernes Hus 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR