Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. januar 2020

Sist oppdatert 06. januar 2020

Rå-data

Minnesmerke i Columbinebukta på Lepsøy – kopling til Sogn



Sommaren 1886 hadde fleire aviser notis med overskrifta Elisabeth Mouat’s Reddere. Seks menn var tildelt heidersteikn for bergingsdåd på Lepsøy 6. februar same året. Dei hadde vore med og berga Elisabeth (Betty) Mouat i land frå ei stranda seglskute, smakka «Columbine». Skuta hadde vore i drift i ni døgn frå Shetland til Sunnmøre. Ein av bergingsmennene var Johan Rekdal. Han var fødd på Njøs i Leikanger. I 1986 blei det sett opp eit minnesmerka på strandingsstaden, no med stadnamnet Columbinebukta.

Columbinebukta på sørvestsida av Lepsøy. Det var her Shetland-skuta med Betty Mouat om bord rak i land 7. februar 1886. Folk frå garden Rønstad kom til og berga Betty i land frå havaristen. Eit stykke opp frå stranda reiser lendet seg bratt oppover. I 1986 vart det sett opp ei minneplate bolta fast i berget.

Columbinebukta på sørvestsida av Lepsøy. Det var her Shetland-skuta med Betty Mouat om bord rak i land 7. februar 1886. Folk frå garden Rønstad kom til og berga Betty i land frå havaristen. Eit stykke opp frå stranda reiser lendet seg bratt oppover. I 1986 vart det sett opp ei minneplate bolta fast i berget.

Eigar: Norvald Kjerstad

Datering: 16.09.2019

Fotograf: Norvald Kjerstad

Om hendinga på minnesmerket

Columbinebukta ligg på sørvestsida av Lepsøy, kring 1,5 kilometer vestover frå garden Rønstad. Frå Rønstad går det merka tursti langs stranda til Hellevika på nordvestsida av øya. Minnesmerket er ei koparplate bolta fast i berg som på norsk og engelsk fortel om hendinga vinteren 1886.

S/S Columbine.
Den 7. februar 1886 stranda den 50 fot lange sluppen s/s Columbine her i fjøra etter å vore i drift 9 dagar og 8 netter frå Dunrossness på Shetland. Om bord i den havarerte skuta fann dei den 59 år gamle Betty Mouat heilt åleine. Rønstadfolket gav Betty den beste omsorg dei dagane ho var der.

Bergingsmennene – dei fleste rorskarar frå Rønstad – fekk kvar sin medalje frå den britiske stat for dåden. Namna deira var desse:

Bernt P. Rønstad, 38 år, Haram
Paul Hestholm, 19 år, Herøy
Knut Veblungsnes, 24 år, Rauma
Johan Rekdal, 41 år, Vestnes
Ole Nesset, 26 år, Nesset
Bertinius H. Knarvik, 29 år, Lindås
Elling Hestholm, 21 år Herøy, seiest å ha teke del i berginga

S/S Columbine vart kjøpt til Ålesund, istandsett og siglde på norskekysten i lang tid. Elizabeth Mouat reiste tilbake til Shetland. Ho døydde den 6. februar 1918, 93 år gammal
[vidare fylgjer engelsk tekst, og under står:]
Haram kultur-historiske lag sette dette minnet, 1986

Minnehøgtid og avduking 100 år etter

Minnesmerket i Columbinebukta blei sett opp 100 år etter hendinga. Det vart avduka 17. mai 1986 av shetlendaren T.M.Y. Manson. Mr. Manson var ingen kven som helst. Til 50 års-markeringa i 1936 skreiv han heftet Drifting alone to Norway.The amazing adventure of Betty Mouat, og til 100 års-markeringa i 1986 kom publikasjonen ut på nytt i større utgåve. Dessutan vitja T.M.Y. Manson Norge og Lepsøy i 1985 med seglbåten «Loki».

«Elisabeth Mouat’s Reddere»

Mange var med og tok hand om Betty Mouat, i første omgang dei som berga kvinna i land frå den ilanddrivne skuta, og etterkvart mange andre, ikkje minst fleire kvinner. Seks menn fekk tildelt medalje og ein pengesum for bergingsdåd. Fleire aviser hadde notis om tildelinga. Den attgjevne notisen her er henta frå Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 22. juni 1886. Haram kultur-historiske lag granska hendinga grundig, og kom til at Elling Hestholm òg var med og berga kvinna i land. Difor tok dei namnet hans med på minneplata.

Ein av bergingsmennene var frå Leikanger – Johan Rekdal

Våren 1845 reiste kring 50 personar frå Leikanger til Romsdal for å busetja seg der. Erik Olsen Njøs, fødd 1807, reiste saman med kona Marie Ivarsdotter, fødd 1807, og borna Ola, fødd 1839, Eli, fødd 1842, og Johan, fødd 6. mars 1845. Familien busette seg i bygda Rekdal. Vinteren 1886 var Johan ute på Lepsøy, på garden Rønstad, som rorskar under torskefisket, - og det var slik det hadde seg at han vart ein av dei som var med og berga Betty Mouat i land frå «Columbine».

Johan Rekdal var oldefar til Per Einar Rekdal som per 2020 bur i grenda Rekdal. Ei personliste frå Erik Olson Njøs til oldebarnet Per Einar Rekdal ser slik ut:

Erik Olson Njøs Rekdal (1807-1896)
Mari Ivarsdotter 1807-1896
Born;
Ola, fødd 1839
Eli, fødd 1842
Johan (Johannes), fødd 1845
Ingeranna, fødd 1853

Johan (Johannes) Erikson (1845-1918)
Dortea Gurine Olsdotter Bakke (1837-1918)
Born:
Erik Olaus (1874-1958)
Ole Martinus (1876-1893)
Mads Andreas (1880-1883)

Erik Johanson Rekdal (1874-1958)
Ane Olsdotter Rekdal Elllingsæter (1882-1970)
Born:
Johan, fødd 1917
Olaf, fødd 1920
Dortea, fødd 1924

Johan Erikson Rekdal, fødd 1917
Judith Margrethe Pedersdotter Ulvestad, fødd 1924
Born:
Jan Erik, fødd 1955
Arnhild, fødd 1957
Per Einar, fødd 1965

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Manson, T.M.Y: Drifting alone to Norway. 2. utgåve. 1996


Grant, Roderick: Betty Mouat si einsame reise. Omsett til norsk. Med etterord. Haram kulturhistoriske lag, Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys. Hefte 21. 1986


Rekdal: Olav: Gards- og slektshistorie for Vestnes-Tresfjord. 1977


Foto av minneplata


Wikipedia: Betty Mouat


Leikanger sokneprestembete, Ministerialbok A 7, 1838-1851, s. 87

PERMANENT IDENTIFIKATOR