Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Jølstra, Anga og Halbrendselva



Desse tre elvane prydar Førdebygda, men kva tyder namna? Til Halbrendselva høyrer og elva Hundsrasta, som ligg i den "bymarka" Førde har fått seg bak Hafstadfjellet. Ingen av dei nemnde elvane har spikra forklaringar, men det er råd å tolke dei eller kaste lys over kva namna fortel.

Jølstra midt i tettstaden Førde 2009. Husa i byen har byrja å vende seg mot elva. Til høgre restaurantbygget Pikant, og lenger oppe Hafstad vidaregåande skule.

Jølstra midt i tettstaden Førde 2009. Husa i byen har byrja å vende seg mot elva. Til høgre restaurantbygget Pikant, og lenger oppe Hafstad vidaregåande skule.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Arne Aasland

Halbrendselva

Dette vassdraget inneheld faktisk fem elvenamn, eldre og yngre, på øvre og nedre del. Halbrendselva er dagens hovudnamn på nedre del. Tydinga her er grei; elva har namn etter garden Halbrend, ein brennegard på hellande berggrunn. Slike brennegardar har vi ein del av i Noreg. Dei er minne om gardar frå kring 5-800 der ein brende lyng og kratt med visse mellomrom, og såleis stadig fornya beita i utmarka. Då det kom vassdriven sag i nedre del av elva på 1700-talet, fekk denne delen namnet Sagelva.

Hundsrasta - nedre delen av Halbrendselva

Dette namnet er på kartet knytt til elva mellom Bekkjavatnet og Digrenesvatnet. Elvenamn på rast kjem frå gammalnorsk rost, med kort å-lyd. Ordet blei brukt om elvar som syd og kokar, altså strie, skumrike vassdrag. Vi kjenner ordet att frå engelsk roast. Vi forstår då at namnet har oppstått på strekninga frå Bekkjavatnet og ned til fjorden, der elva er skumrik. Ordet hund bekreftar dette, som nemning for årviss, god fiskeplass. Fiskeplassen må vere staden der elva møter fjorden, for elva sjølv er bratt og stri. Det er då tale om fangst av laks og sjøaure. At namnet no er trengd til fjells, fortel oss at det er eldre enn Halbrendselva. Hund-namna er generelt svært gamle. Fiskeplass-skumelva blir då tydinga.

Kvanndalselva - ovre delen av Halbrendselva

Øvre del av elva heiter i dag Kvanndalselva. Opphavet er Kvanndalen, stølsdal for gardane på Sunde. Kvann er ei gammal urteplante som var god mot infeksjonar. Men det er sannsynleg at denne elva frå gammalt heitte Eitra, ho som freser eller ho som er eitrande kald. Dette namnet kjenner vi berre gjennom gardsnamnet Eitrelia, eller Etterlia i dag. Namnet må kome av elva nedanfor, trur forskarane. Det rimar godt at dei to eldste namna er Eitra og Hunnsrosta: ho som freser og fangstelva som skummer.

Anga

Elvenamnet Anga er vanskelegare. Var det dalen som fekk namn først, eller elva? Opphavet til ang er truleg angr, trong, på gammalnorsk. Ordet kan ha blitt brukt om den trongare dalen som munna ut i Førde-dalen frå nord, eller om elva i den. Dalen og elva er smale i området Hjelle-Tefre, dalen innover djup og til dels trong. Kanskje har dalen og elva vore parnamn frå starten av, som Anga, trongdals-elv og Angrdalr, trongdal. Viss namnet på dalen først var Angadalr, dalen til elva Anga, er elvenamnet eldst. Men Anga kan og vere ei kortform av Angedalselva slik Nausta må vere ei kortform av Naustdalselva. Då er dalnamnet eldst.

Garden Angedal ligg i indre del av dalen. Den må vere gammal, men truleg yngre enn t.d. Hjelle og Tefre ytst i dalen. Viss garden var den første i dalen, kunne den ha vore opphav til namna på dal og elv. Men til vanleg går prosessen motsett veg: garden får namn etter elva. Det er då rimeleg å tru at garden er blant dei eldste i indre del av dalen, og kunne då ta namnet til dalen og elva.

Jølstra

Dette namnet heng saman med Jølster og Jølstravatnet. Dei eldste formene av Jølster frå 1300-talet er ikkje gamle nok til å gi full opplysning. Nokre har prøvd seg på namnet. Eg stør meg her til O. Rygh, Norske gaardnavne, og namnegranskaren Eivind Vågslid, men går eit par steg til.

Elvenamnet er truleg danna på 16-1700-talet, for gamle døme på Jølstra ser ikkje ut til å eksistere. Det er Jylster elv og liknande ein støter på. Det kan tyde på at folk sa Jølstraelva, og at Jølstra er kortforma av dette. Bakom ligg bygdenamnet Jølstr. Ut frå forma Jolmstar 1338 (rettsreferat, Breim), som er eigeform av bygdenamnet, meiner forskarane å sjå eit Jolmstr som grunnform. Utspringet for jolm kan liggje i å jalma , dvs. å gjalle eller brake. Engelsk jam er same ordet.

Jølstra - Jalma

Det er altså tenkeleg at eit tidlegare namn på Jølstra var Jalma, ho som gjallar eller brakar. Bak ei slik forståing av elva ligg nok den brusande Stakaldefossen, som no er regulert, og fossar og stryk ovanfor.

Jølstra . nytt elvenamn?

Kvifor forsvann då elvenamnet Jalma? Forklaringa må vere at bygdenamnet blei stadig viktigare med aukande busetting. Elvenamnet fortalde ikkje at elva gjekk til Jølster, og folk såg heller ikkje at Jalma låg inni nyskapningen Jøllster frå 1300-talet. Derfor oppstod Jøllstraelva, som knytte elva direkte til bygdenamnet. Namnet blei så forenkla til Jølstra. Vi finn og døme på at ein i Førde skreiv Førdeelva og Storelva om Jølstras nedre del, men desse har aldri hatt stor utbreiing. (Meir om namnet Jølster kan du lese i eigen artikkel under Jølster).
 

kjelder:

Hovda, Per: Norske elvenamn. 1966. Vågslid, Eivind: Stadnamntydingar. 1974. Rygh, Oluf Rygh: Norske gaardnavne.

PERMANENT IDENTIFIKATOR