Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Vêrspåmannen i Røyrvik



Magnus Skildheim, fødd 18.07.1932, kjem frå Luster og vart tidleg kjend for sine merkelege evner til å spå vêr og føre langt betre enn meteorologane. Under krigen tok nazistane radioen, så Magnus måtte læra seg dei gamle teikna for værforandring ved å sjå på oppførselen til krøtera og andre ting i naturen. Særleg på stølen i høgfjellet var det viktig å kunne vita litt om vêret i komande dager.

Magnus Skildheim, fabrikkarbeidar, gardbrukar, vêrspåmann og ven med huldrefolket!

Magnus Skildheim, fabrikkarbeidar, gardbrukar, vêrspåmann og ven med huldrefolket!

Eigar: Magnus Skildheim.

Datering: Kring 1990.

Fotograf: Bjørg Skildheim.

Bonde, fabrikkarbeidar og mykje anna

Magnus Skildheim gifta seg med dottera på garden Røyrvik, gnr. 33, eigd av Vadheim Elektrochemiske Fabriker. Han dreiv garden samstundes som han arbeidde på fabrikken i Vadheim og gjekk åtte kilometer kveld og morgon. Beste bøane vart neddemde under reguleringa, men Magnus har store vidder att å bruka kreftene på. Steinut er der, men god jord og sjeldan frostlendt. Nedbørsmåling kvar morgon kl. 08.00 har det vore på garden sidan 1929.

Bilete av Røyrvik-garden.

Ein Sjåar

Magnus er av dei som har fått evna til å sjå det som er dult for oss andre. Tidleg vart han kjend for sine evner til å spå vêret, men han har også fleire gonger vore i kontakt med dei "hine", om det no er drapsmenn eller offer som ikkje får fred, eller det er huldrefolk. I eldre tid hadde Røyrvik to bruk og ein husmannsplass. Det skjedde både ran og fleire drap i utmarka der i byrjinga av attenhundretalet. Ingen ting vart oppklara, men bygdefolket hadde sine greie meiningar om at Røyrvikbonden var gjerningsmannen. Magnus har fleire gonger teke foto rundt på garden, og når bileta vert framkalla, er det kome inn folk og dyr som ingen såg likt til då fotograferinga skjedde.

Det ruslar i løe og fjøs

Han har også mang ein gong både høyrt og sett dei som ruslar rundt i løe og fjøs på garden. Det hender at Magnus set kost og fjøsreke frå seg på sin vanlege plass i fjøset. Om morgonen er reiskapen flytta ut på tunet. Slike pretter vert han ofte ute for. Det har også hendt at kyr har kalva om natta. Når folket kjem i fjøset, er kalven plassert i bingen og grinda attlaten og alt ordna på beste vis. Eller når bonden skal i siloen, er alt stigen sett på plass. Men Magnus er aldri redd. Han er ven med huldrefolket og steller seg vel med dei, og meinar han mang ein gong har fått ei teneste i eit knipetak.

Sist haust var han uheldig og køyrde ut mellom brøytestikkene ved Langeneset. Traktoren gjekk rundt fleire gonger og hamna på isen i vatnet. Han meiner at nokon lurte han utfor der, men også hjelpte han opp att, elles hadde han aldri greidd seg. Han meiner det er som dei seier for eit gamalt ord: -Trollet er aldri god til å vera prettelaust.-

Bilete av Røyrvik-garden med Langenes i bakgrunnen.

 

Magnus ser også om eit ekteskap vert vellukka, eller ender med brot, ved å studera brudebiletet. Det er mange som har prøvd han i dette, og han lukkast i ni av ti forsøk, som regel. Han og kona dreiv også som fosterforeldre, og det gjekk skikkeleg bra med borna dei tok til seg.

Smellvakre jenter

Då V.E.F. starta i 1907 med kanalisering av Røyrvikvatnet, var det store ungeflokkar på alle tre bruka i Røyrvik. Særleg gjekk det gjetord om dei vakre døtrene der i gifteferdig alder. Det enda med at jentene fann seg kvar sin anleggsmann, gifta seg og drog av stad, alle i hop, og sønene fekk arbeid i Vadheim og Høyanger. Røyrvik vart liggande øyde, og ei ny ætt frå bruket Skitnevik, g.nr. 123, tok over bruka.

Bilete av Røyrvikvatnet og lendet rundt.

Åleine att på eigedomen

No er Magnus Skildheim for det meste åleine i Røyrvik. Kona Bjørg er død, og ungane har sitt å stella med, så det spørs om det same skjer på nytt når han vert borte; at den gamle storgarden som fødde tre store huslydar med drenger og terner fell i audn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Adolf: Ættebok for Kyrkjebø I. Høyanger 1949.
Førsund, Adolf, Førsund, Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø II og III. Høyanger 1963.
Magnus Skildheim
Ymse Vadheimsfolk

PERMANENT IDENTIFIKATOR