Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den gamle Årdalsvegen



Årdalen i Breim ligg 200 - 300 meter over Breimsvatnet, på søraustsida, ca. 8 km frå senteret i tidlegare Breim kommune, Re. Før 1880 var grenda heilt utan skikkeleg veg, og alt som skulle til gards måtte berast, eller dragast på slede.

Ved Årdalsnausta. Vi ser den lange, gamle steinbryggja stikke seg ut bak naustet. I vika mellom bryggja og berget bak låg den første motorbåten på Breimsvatnet fortøydd når han ikkje var i bruk. Gamlevegen til Årdal startar her.

Ved Årdalsnausta. Vi ser den lange, gamle steinbryggja stikke seg ut bak naustet. I vika mellom bryggja og berget bak låg den første motorbåten på Breimsvatnet fortøydd når han ikkje var i bruk. Gamlevegen til Årdal startar her.

Eigar: Gloppen Kommune.

Datering: 2003.

Fotograf: Arne Eikenes.

Frå grenda og ned til vatnet

I dei brattaste og verste kleivane hadde dei tidleg laga ein slags veg som var tømrelagd, slik at hestane fekk noko som dei kunne ta spenntak i. Tømmeret vart lagd på steinar. Ein av gardane vart tildelt ein skogteig ved vatnet der det kunne hoggast sviller til formålet.

Skulle det fraktast til gards tunge ting som ikkje kunne delast, var det å leggje dei på slede og få hjelp av hesten. På vinterstid, med issvullar, hende det at ein korkje kom opp eller ned. Ein stad på vegen vart kalla Gråløype. Staden fekk namnet etter at ein grå hest ramla utfor ein hammar. Heldigvis gjekk det bra med hesten.

Veg måtte til

Folk tykte ikkje dei kunne gå stien mellom vatnet og grenda utan å bere noko. Dette kunne ikkje halde fram i lengda. Ein av dei som tala sterkast for veg til gardane i Årdalsgrenda, var Mons Jonson Årdal. Han var med i Breim heradsstyre, og gjorde sitt til at dette løyvde 600 kr til veg til Årdalen. Seinare ytte kommunen 500 kr ekstra, og fylket ytte ein liknande sum, slik at heile anlegget fekk 2200 kr i offentlege tilskot. Ved hjelp av desse midlane kunne Brikte-Lars, ein sogning som hadde arbeidd med stølsvegar i Jølster, opparbeide ein vognveg opp Kleivane. I nær tre år arbeidde årdølene på den nær 3 km lange vegen utan betaling. Etter at vegen var ferdig, og sprengstoff, reiskap og oppsyn var betalt, hadde dei 75 kr til gode.

Vegen mellom bruka i Årdalen og Årdalsnausta snor seg fint oppover den bratte lia. Han er ikkje lenger i dagleg bruk, og vedlikehaldet har difor vorte forsømt ei tid. Men som turveg er han framleis fin, og vi kan absolutt tilrå ein rusletur ned gamlevegen frå Årdalen til Breimsvatnet.

Veg til Re

Etter kvart melde tanken seg sterkare og sterkare om at det måtte byggjast veg til Re. Alt i 1923 vart arbeidet på første byggjesteget - bilveg frå Årdalsgrenda til Seljestøa - starta opp, ei veglengd på ca. 4 km. Men arbeidet tok lang tid, og først nokre år etter krigen stod parsellen ferdig. I Seljestøa vart det bygt ny bryggje, slik at vegen vart knytt til båtferdsla på Breimsvatnet.

Ingen høgtidsdag i denne grenda kan vel måle seg med den offisielle opninga av bilvegen frå Re til Årdal måndag 12. november 1956. Då stod vegen mellom Seljestøa og Seime ferdig, og dermed var grenda knytt til det offisielle vegnettet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band 5.
Frøystad, David: Om Årdalsvegen. Nedskrive av Asbjørn Frøystad. 1955.
Olav A. Årdal, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR