Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kråkenes fyr



I 1906 vart det bygt fyrstasjon på Kråkenes etter påtrykk frå Kristiansund skipperforeining. Fyret ligg lenger vest enn Stad og er det mest vêrharde på norskekysten. Under krigen vart bomba av dei allierte og bygt opp att kring 1950. I dag er Kråkenes og eit populært turistmål.

Kråkenes fyrstasjon ligg på nordvestpynten av Vågsøya, lenger vest enn sjølvaste Stad. Fyret ligg mest vêrhardt til av alle norske fyr.  Fyret er òg meteorologisk stasjon. Kråkenes har mange årsrekordar i tal rapporterte kuling- og stormvarsel. Ikkje sjeldan kan dei melda om vindstyrke som overstig orkan som er det høgste instrumenta kan registrera. Fyret ligg 42 meter over havet, men likevel kan bylgjene slå heilt opp. I havet utanfor på skjeret Gamla er det ljos og orgelbøye. Når vind og hav leikar som best, spelar orgelet opp med ei buring som høyrest langt til havs og langt inn i Sildagapet.

Kråkenes fyrstasjon ligg på nordvestpynten av Vågsøya, lenger vest enn sjølvaste Stad. Fyret ligg mest vêrhardt til av alle norske fyr. Fyret er òg meteorologisk stasjon. Kråkenes har mange årsrekordar i tal rapporterte kuling- og stormvarsel. Ikkje sjeldan kan dei melda om vindstyrke som overstig orkan som er det høgste instrumenta kan registrera. Fyret ligg 42 meter over havet, men likevel kan bylgjene slå heilt opp. I havet utanfor på skjeret Gamla er det ljos og orgelbøye. Når vind og hav leikar som best, spelar orgelet opp med ei buring som høyrest langt til havs og langt inn i Sildagapet.

Eigar: Thomas Bickhardt.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Thomas Bickhardt.

Ynskje frå Kristiansund skipperforeining

I 1892 hadde Kristiansund skipperforeining understreka at det måtte koma eit fyr på nordsida av Vågsøya. I 1904 kom kravet opp på nytt, og no vart det sett av 42 000 kroner til dette. For desse midlane vart det bygt ein trebygning på 9,7 x 8,2 meter. Fyrlykta vart plassert i tilknyting til stoveetasjen. Det vart òg bygt uthus med arbeidsrom, bod og vedskur. Fyret vart tent den 1. oktober 1906. Kråkenes fyr er først og fremst vegvisar inn til farvatnet Sildegapet på sørsida av Stadlandet.

Familiebustad

Kråkenes fyr var planlagt som eit familiefyr. Her skulle fyrvaktaren bu med kone og born. Fram til 1911 hadde fyrvaktaren hatt 2 vaksne søner buande heime og desse hadde vore til god hjelp. Då dei drog frå heimen, vart det tilsett ein assistent. I 1930-åra vart det sett opp bustad for assistenten 70 meter aust for fyret.

Bilete av husvære for fyrvaktaren og familien, men også ein bustad for assistenten.

Til næraste handelsstad, som var Raudeberg, var det 7 km sjøveg. Det var mogeleg å gå over land, men vegen var tung og ein måtte rekna med 3 timar kvar veg. Til folkeskulen ved Kråkenesgardane var det 2 kilometer veg.

Det var ikkje lett for folk på fyret å koma til og frå med båt. Landingstilhøva var svært vanskelege. Når dei kom til fyret sjøvegen, måtte båten heisast opp med svingkran som stod på eit høgt landingskar. Derifrå måtte dei dra han på skinner inn til naustet som låg noko høgare. Vegen frå landingsplassen til fyret var kring 500 meter.

Under krigen

Under krigen vart fyret overteke av tyske styrkar. Det kunne vera opp til 100 mann som tok seg av kanoner og peileutstyr. Tyskarane byrja òg å byggja molo, men den vart teken av sjøen. Dei hadde òg planar om ei stor festning med større kanoner, men dei kom ikkje så langt. I 1944 gjekk allierte fly til åtak på stasjonen og skaut sund fyrlykta.

Fyrassistenten som akkurat var i lyktehuset, kom seg så vidt unna. I mars 1945 kom eit nytt åtak. Oljelageret eksploderte og heile fyrstasjonen brann ned til grunnen. Då var det til all lukke ikkje folk i bygningen. Ei provisorisk fyrlykt vart sett opp framføre stasjonen i 1946. Kring 1950 vart alt bygt opp att.

Planteikning av Kråkenes fyrstasjon etter at han vart bygd opp att kring 1950.

Folka i Kråkenesbygda levde og under vanskelege kår under krigen. Om lag 60 tyskarar var stasjonerte på dei 2 gardane. Gardane var gjerda inn av eit belte med 2000 landminer. Folk måtte ha pass for å gå inn og slå si eiga slåttemark. Tyskarane hadde òg eit stort radaranlegg i nærleiken. Murane står enno.

Automatisert i 1986

I 1933 tok ein til å byggja veg over fjellet til Kråkenesbygda. Denne bygde tyskarane ferdig då dei tok over. I 1961 vart fyret kopla til lysnettet til Ytre Fjordane Kraftlag. Då var det slutt med 55 år med dieselaggregat. Aggregatet står no som reserve om det skulle koma straumbrot.

Heilt fram til 1983 var Kråkenes familiefyr der fyrvaktaren og huslyden budde. Då vart fyret såkalla tørnstasjon med fyrvaktarar på skiftordning. Kråkenes fyr vart automatisert i 1986 og har vore utan fyrvaktar frå 1993. Ein tilsynsmann frå Kråkenesbygda har hatt tilsyn med fyrstasjonen dei siste åra.

Turisme

Vegen som tyskarane gjorde ferdig, vart seinare utbetra slik at bilane kunne køyra fram til fyret. Etter kvart vart fyret eit populært turistmål. Vågsøy kommune tok over bygningane og leigde dei ut på åremål.

I slutten av 1990-åra tok Thomas Bickhardt og Bettina Vick frå Tyskland til som vertskap på fyret. Dei tek i mot grupper og einskildpersonar. Dei bur der heile sommarhalvåret og held bygningane ved like. Dei fleste gjestene kjem frå Tyskland. Kråkenes fyr har overnattingsplass til 12-13 personar i dei to bustadene. Frå fyret er det 2 kilometer inn til Kråkenesbygda. Her bur det kring 30 menneske mot på det meste opp mot 100.

Bilete av Kråkenes fyr i kveldsol.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Edvard Os: Selje og Vågsøy, 1957.
Birger Bjørkhaug og Svein Poulsen: Norges Fyr.
Fjord og kyst, nr. 1, 1997.
Fjordabladet, 9. august 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR