Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Røyrvikstøylen



Røyrvik, gnr. 22, har sin støl på eit graskledd nes i det vakre Røyrvikstøylsvatnet. Høgd ca. 555 m o.h. Her er fire velhaldne sel av ulik alder, og ein fjøs. Utheimselet ligg for seg sjølv mot sørenden av vatnet ved ei lita tjørn. Røyrvikstøylen avløyste den tidlegare Nipestølen.

Røyrvikstølen på eit nes i Røyrvikstølsvatnet.

Røyrvikstølen på eit nes i Røyrvikstølsvatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Vel 1 km skogstraktorveg. Så 3,5 km vel opprydda rås med moderat stigning. På den siste delen vert det til vanleg brukt båt. Til Nipestølen same lengd traktorveg og nedre del av rås. Ein tek av til råsa oppi lia - om lag 2 km til fots i alt.

Bruk av stølen

Røyrvikstøylen er nokså ung - vel 100 år. Tidlegare var det Nipestølen, litt nedanfor osen på Røyrvikstøylsvatnet, som var stølen for Røyrvik. Stølen vart flytta på 1895-1900 talet. Her var ein del slåttemark og det kan vere konflikt mellom slått og beite som gjorde at stølen vart flytta. Men beitene kunne nok vere vel så gode på andre sida av vatnet der stølen ligg no.

Arne Gjengedal seier dei hadde kring 30 mjølkekyr + kviger på stølen. I eldre tid vart mjølka sett til syrning og rømmen vart dagleg boren heim. Seinare fekk dei separator og då vart fløyten boren heim daglag. Surmjølka, og seinare skummamjølka, vart reia(kløvja) heim. Stølsdrifta tok slutt kring 1950.
Stølen var viktig som opphaldsplass når dei slo omkring i fjellet. Røyrvikstøylsvatnet var og fiskerikt og med vide jaktområde omkring. Stølen var god å ty til når fjellet skulle nyttast - og er det framleis.

Nipestølen ligg kring 4 km aust for garden ved elva som renn frå Røyrvikstøylsvatnet. Høgda er ca. 580 m o.h. For vel 100 år sidan vart sela flytta til noverande støl, truleg for å unngå konflikt med bruk av slåttemarkene. Fjøsane vart ståande att og rotna etter kvart ned. Arne Gjengedal meiner det skal vere spor etter 5 hustufter der.

Nokre fakta

Røyrvik, gard nr. 22, Hyen sokn, hadde 3 bruk i 1890. 31 menneske høyrde heime på garden i 1865. I 1900 var talet 27.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 247. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR