Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sjøahola



Sjøahola var den første tettstaden i Førde, og gjennom fleire hundre år sentrum i bygda, både for ferdsel, handel og administrasjon. Då Jølstra skifta elveløp i 1780, var det starten på slutten for Sjøahola, men gjestgjevarstaden var i drift heilt til 1857, og tingstova vart ikkje flytta før i 1902.

Utsyn over Sjøahola før 1900. Her var det hamn i eldre tid der jekter la til. Elva Jøstra hadde då hovudløpet sitt her til ho endra løp kring 1780. Det store huset er tinghuset, som seinare vart flytta til Øyna.

Utsyn over Sjøahola før 1900. Her var det hamn i eldre tid der jekter la til. Elva Jøstra hadde då hovudløpet sitt her til ho endra løp kring 1780. Det store huset er tinghuset, som seinare vart flytta til Øyna.

Eigar: I Førde bygdebok, bind II.

Datering: 1890-1900.

Fotograf: Reiakvam.

Naturleg landingsplass

Sjøahola vart tidleg den naturlege landingsplassen for ferdsla til og frå kyrkja, og etter kvart voks det her fram ein tingstad med handel og administrasjon. Her kom båtar frå fjern og nær som siglde opp elva den vesle kilometeren frå utløpet ved Kletten. Fleire av sokneprestane hadde eigne jekter som førte varer til og frå Bergen, m.a. Peder Finde på 1600-talet og Søren Hielm Friis på 1800-talet. Frå Sjøahola gjekk vegen over land mot Jølster og Angedalen.

Gjestgjevarstad

Kor langt tilbake i tid vi kan tale om tettstaden Sjøahola, veit vi ikkje, men den første tingstova er nemnt i 1591. I 1610 måtte Nils Halbrend bøte fordi han slo laus to tenner på ein kremmar i "kræmmerens eget nøst", og det må ha vore i Sjøahola. Frå same tid høyrer vi om gjestgjevarstad og krohus. Den første kjende handelsmannen var David Sanderson, i Førde 1637-41. Namnet tyder på at han var utlending. Dette skjedde i ei tid då Christian IV's lov frå 1604 sa at byane skulle ha monopol på all handel. I privilegia for Bergen by frå 1702 vart dette halde oppe, men då fekk handelsmennene høve til å eige og drive "kræmmerleier" på bygdene. Mellom dei som nytta høvet til å slå seg opp i Sjøahola var Bernt D. Nagel (1670-1733), ein bergensar som fekk seg både handelsløyve (1710) og gjestgjevarløyve (1719). Nagel var på line med prest, sorenskrivar og fut i det mest fornemme sosiale sjikt i Førde i første halvdel av 1700-talet.

I bakevja

Starten på slutten for Sjøahola som tettstad var den store naturkatastrofen våren 1780, då Jølstra skifta elveløp. Under isgang braut elva seg nytt løp mot fjorden, og Sjøahola vart bokstaveleg tala liggjande i bakevja. Alt i 1785 peika sorenskrivar Arentz på at Sjøahola låg ulagleg til for ferdsla Vadheim-Nordfjord, som var hovudsambandet i fylket, den gongen som no. Arentz meinte det ville vore betre med gjestgjevarstad på sørsida av elva, og det var nettopp det som skjedde. I 1785 kom det skysstasjon og postgard på Hafstad, og seinare gjestgjevarstad. Dermed var konkurransen mellom Sjøahola og Hafstad i gang.

Så seint som i 1844 vart det bygd ny tingstove i Sjøahola, eit bygg som vart brukt til skule, kommunale møte, banklokale m.m. Og i 1845 budde enno 2/3 av folket, vel 300 menneske, i "Førde på Skei" eller i Sjøahola. Men handelen flytta seg meir og meir til sørsida av elva, og gjestgjevarstaden vart nedlagt i 1857, og "kræmmerleiet" gjekk same veg i 1874. Då Tingstova vart flytta til Øyna i 1902, var det den endelege slutten på Sjøahola som bygdesentret i Førde.

Kjerringsteinen

I Korsavegen ved Sjøahola ligg eit minne frå den gongen folk på veg til kyrkje kom i land i Sjøahola. Bak den store Kjerringsteinen vert det sagt at kvinnene stoppa for nødvendige ærend, m.a. klesskift.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Christensen, Hjalmar: Skeid (yttre) 1821-1921. Bergen 1922.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager. (upubl.)

PERMANENT IDENTIFIKATOR