Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Gammal meieribygning på Vassenden



På Vassenden i Jølster står det eit lite hus som skil seg ut frå dei andre. Det ligg tett attmed vegen på den smale stripa mellom E39 og Jølstra. Det spesielle med huset er at bygningen blei sett opp i 1897, og at dette var Vassenden meieri i 60 år.

Gamlemeieriet på Vassenden 2009. Her heldt Vassenden meieri til i åra 1897-1957.

Gamlemeieriet på Vassenden 2009. Her heldt Vassenden meieri til i åra 1897-1957.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

2009

Huset til gamle Vassenden meieri er godt synleg frå riksvegen enten ein køyrer sørover eller nordover. Det eine brystet vender mot vegen, det andre mot elva Jølstra. Huset ser ut til å vera lite brukt. Ein snødag viser ingen spor inn til inngangsdørene. To av dørene i svala på nordsida er spikra føre. Ein kikk inn eit vindauga viser at huset blir brukt som lagerplass.

Kring 1940 

Gamlemeieriet var noko heilt anna før i tida, då det kom mjølk inn til meieriet, og det blei ekspedert smør og ost til Førde og endå vidare. Eit fotografi frå kring 1940 viser eit hus som utvendig er mykje det same som i 2009. Den einaste skilnaden er at pipa er borte, og at dei to dørene på framsida er noko utvida. Derimot er det stor skilnad på aktiviteten ved huset: I 1940 er folk der med hestar og meierispann. Ein damesykkel står ved døra på langveggen, kan henda meierska sin?

Meieria i Sogn og Fjordane 

Meieriutviklinga i Sogn og Fjordane er i hovudtrekk denne: Dei første meieria starta opp på slutten av 1800-talet. Det var i førstninga små grendemeieri. Fleire hadde kort levetid. Etter kvart vart det bygd større meieri. Etter siste verdskrigen byrja utviklinga mot større meieri som avløyste mange småmeieri. Denne utviklinga heldt fram til 2002 då fylket stod att med to meieri, stormeieriet til Tine på Byrkjelo og gamalostmeieriet i Vik. Frå det fyrste meieriet i Vik i 1874 hadde då fylket hatt langt over 100 meieri.

Vassenden meieri 

Meieriet som stod ferdig på Vassenden i 1897 viste seg å vera liv laga. Mange og etter måten store gardar sikra ei stabil drift. I 1957 vart gamlemeieriet avløyst av ein ny og større meieribygning. Dette var i drift til 1976 då Vassenden meieri gjekk med i Firdameieriet (Sunnfjord Meieri), og mjølka vart frakta til Førde.

Jubileumsskrift  

Styret i meieriet på Vassenden vedtok på eit møte 27. november 1975 å få laga eit sogeskrift. Formannen i styret, Bjarne Hamar, fekk oppgåva med å samla tilfang og å stå føre skrivinga. Resultatet blei heftet Vassenden Meieri 1897-1976 på 32 sider som kom ut i 1976. I det følgjande tek me med nokre spreidde noteringar frå heftet.

Stort meieri for si tid 

Meieriet på Vassenden var for si tid eit stort og godt utstyrt meieri. Det var drive med vasskraft. Meieriet hadde langt fleire leverandørar enn det som var vanleg ved andre meieri på denne tida. Hotelleigar Nikolai Nilsen, Vassenden, var ei drivande kraft i arbeidet med å byggja meieriet. Han hadde gode medspelarar i Johs. Kjelsnes og Lars Hammer.

Skipingsdagen var 2. februar 1897. 24 interessentar var med på møtet og sette namnet sitt under lovene for Vassenden Meieri. Nikolai Nilsen vart valt til formann i det første styret. Han var også kasserar dei to første åra. Meieriet stod ferdig og kom i drift i oktober 1897.

Litt om byggjearbeidet i møteboka 

Den første møteboka innheld noteringar om byggjearbeidet. Til dømes står det 11. mars 1897:

"År 1897 den 11 Mars sammentrådet bestyrelsen i Vassenden Meieri og overdrog til Ludv. j. Årset og Peder Gjesdal at påbegynde mineringsarbeide for en godtgjørelse af kr. 1,30 pr. dag g at disse to leier andre lige gode fo samme dagløn.

Ligeledes besluttedes innkjøpt 2 stenger mineborstål og 2 "sæt" hamre, samt det tiltrængende minerkrudt og "streng": Formanden pålagdes at tilskrive meieriassistent Ihlen om at hans nærvæerelse ønskes straks for at bistå med planlegning og tegning af meierianlegget. I henhold til generalforsamlingens bemyndigelse af 27de Februar d.å. underskrives kontrakt med Tollef Årseth om tomt m.v. Kontrakten er skrevet på stemplet papir til 50 øre.

 

Meiersker

Dei første meieria vart ofte kvinnene sitt domene, på same måten som fjøsa og matstellet var det på gardane. Første meierska på Vassenden meieri var Hanns Olsdotter Lien frå Førde. Frå februar 1898 fekk ho med seg ei "hjelperske", Nikoline E. Gjesdal. Fleire av meierskene hadde kort tenestetid, andre lenger. Olina D. Sandal var meierske i heile 14 år, frå 1934 til 1948.

Nokre årstal

1897  Skipingsmøte vart halde 2. februar
1897  Meiriet starta opp i oktober
1928  Norske Meieriers Salgssentral (NMS) vart skipa
1932  Alt smøret vart sendt til NMS
1938  Jølster hadde 12 småmeieri
1943  Maskinanlegget vart modernisert
1948  Meieriet fekk godkjent pasteuriseringsanlegg
1957  Nytt meieribygg vart teke i bruk 18. oktober
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vassenden meieri 1897-1976. [Utg. av styret] 1976. 32 s.
Meieribruket i Sogn og Fjordane 1874-1974. Sogn og Fjordane meierilag, 1974. 134 s.

PERMANENT IDENTIFIKATOR