Meieriet på Indre Hjelmeland var i drift til sentralmeieriet i Bygstad stod ferdig i 1952. I staden for at dette skulle forfalle, greidde eldsjeler å ta vare på bygning og inventar, slik at det i dag kan brukast til ulike kulturarrangement.
Mange meieri er vortne nedlagde dei siste åra, men Vik Meieri har overlevd. Ein av grunnane til det er at meieriet har spesialisert seg på produksjon av gamalost.
På Vassenden i Jølster står det eit lite hus som skil seg ut frå dei andre. Det ligg tett attmed vegen på den smale stripa mellom E39 og Jølstra. Det spesielle med huset er at bygningen blei sett opp i 1897, og at dette var Vassenden meieri i 60 år.
Dei veglause gardane Skeistrand, Hammar, Årevika og Mettenes ligg på sørsida av Nordfjorden mellom Hyeneset og Ålfoten. I åra 1924-1945 dreiv dei med geiter og hadde eige ysteri i Årevika. I Kjelda 4/96 står eit stykke av Martinus Mettenes om geitehaldet på Strendene. Artikkelen her er det same stykket, berre litt redigert.