Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gravstaden Fredensborg



Fredensborg ligg i ein vakker park attmed eit lite vatn ein halvtimes gonge frå Lillingstonheimen. Her hadde Landmark-slekta på Tysse sin private gravstad.

Frå gravplassen Fredensborg.

Frå gravplassen Fredensborg.

Eigar: Cecilia Hauge

Datering: 1940.

Fotograf: Ukjend.

Køyreveg, innsjø og alléar

Sorenskrivar Nils Landmark på Tysse fekk i 1824 kongeleg løyve til å opprette gravstad for familien sin, og denne plasserte han på Fredensborg. Han bygde køyreveg opp og rundt ei myr der som han demde opp til eit vatn, og sette ut fisk som vart fiska opp med garn. Kringom planta han alléar av edle lauvtre. Då staten kjøpte skogen på Leitet i 1911, tok familien atterhald om at staten skulle overta vedlikehaldet av gravstaden. Tidleg på 1990-talet vart vegen opp dit restaurert og det vart sett opp informasjonstavler.

Utfluktsmål for embetsstanden

Landmark-familien har nok hatt mykje fint folk på vitjing til Tysse, og då var det naturleg å leggje inn ei utflukt til Fredensborg. Den eine sonen til Nils, Johan Theodor, skreiv i 1912:
"Omkring gravstedet anlagdes en smuk park med grusede veie, plantede alléer og en samling av forskjellige trær, et rent arboretum. Til pryd blev arrangeret et springvand, som ute i vandet fra dets overflate sprang høit tilveirs midt foran den allé, der fra vandet førte opp til gravstedet. Om Sommeren førte mine foreldre sine gjæster op til denne park, hvor benke og stenborde indbød til hvile. Her servertes svaledrikke, te, vin og kage, medens andre av selskabet gjorde ride- og kjøreture omkring vandet eller rodde rundt paa dette og derfra glædet den ilandværende del av selskabet med sang og musikk."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Magne og Ragnvald: Fjaler. Gards- og ættesoge. Dale 1976.
Turistbrosjyre frå Fjaler kommune om Lillingstonheimen.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

Nettstader:
http://www.jensbua.no/
http://sognogfjordane.kulturnett.no/arkivnett/

PERMANENT IDENTIFIKATOR