Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Om namn på dalar i Jølster



Stadnamn er kulturminne, men samstundes ord i full dagleg bruk. Frå den rike namnefloraen på Jølst (i Jølster) tar denne teksten fram dei viktigaste dalnamna. Kva inneheld desse gamle orda? Nokre av namna på Jølst er uproblematiske å tyde, andre er vi høgst usikre på, men kan gjette litt på dei.

Årdal i Jølster.

Årdal i Jølster.

Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1984-1985

Fotograf: Ukjend

Gjesdalsdalen, Dvergsdalsdalen og Sanddalsdalen

Det er vanleg på Vestlandet at vi får slike dobbelformer av namn. Jølster har mange. Forklaringa ligg i tida då gardane fekk seg namn. Opphavleg var det ein Dvergsdal, ein Sandal og ein Gjesdal, eller dei fekk desse namna då folk slo seg til i dei, gjerne i den nedre delen. Så blei namnet på dalen til eit gardsnamn, t.d. Gjesdal, medan sjølve dalen stort sett låg ovanfor gardstunet og inn i fjellheimen.

Sidan dalnamnet no var i bruk som gardsnamn, trengde ein ei spesiell nemning for sjølve dalen. Det var naturleg å knyte namnet til gardsnamnet, og dermed bruke det som utmerkingsledd. Å skape eit nytt dalnamn var ikkje naturleg, for det gamle sa best korleis dalen var. Gjesdalsdalen uttrykkjer då at dalen knyter seg til garden Gjesdal, men fortel samtidig at gjes er treffande for denne dalen.

Tydingar

Gjesdal kan tyde ein vid eller brei dal. Vi kjenner ordet att frå det som er gjese. Gjes er brukt slik om eit nes ute i Førdefjorden. Gjesdalsdalen er som kjent nokså vid i nedre del, og den har og ein svært brei stølsdal ovanfor eit smalare midtparti. Men stadnamneksperten Oluf Rygh set namnet i samband med fossane i elva, som gøysar, og eit tapt elvenamn, så her kan diskuterast.

Dvergsdal uttrykkjer at ein dal er kort, etter gammalnorsk dvergr. Sjølv om øvre del av Dvergsdalsdalen er dyrka opp i seinare tider, brukte nok dei første busettarane heile dalen til beite og støling, slik at den korte dalen omfatta også den høgare delen. Det var likevel ein kort dal.

Sanddal forstår vi handlar om ein dal med sandformasjonar, og kanskje sandrik jord. Sand var eit godt underlag for bøar, så namnet seier truleg noko om gode tilhøve.

Årdalsdalen

Denne dalen på nordsida kjem i same namnegruppa. Men Årdal er ikkje heilt rett fram. Rygh (1919) er i tvil. Ei tolking er dal med oreskog. Men oreskogdalane har gjerne ei elv, også Årdal, og garden heiter gjerne Erdal i Sunnfjord og Sogn. Der trur ein eit eldgammalt elra (ho som renn i oreskog) ligg i nemninga. Kan då Årdal vere noko yngre enn desse, eller er utspringet eit heilt anna? Ei tenkeleg forklaring er ordet øyre fordi elva dannar ei grusøyre ut i vatnet som garden Årdal ligg ved. Både frå 15, 16, og 1700-talet finst døme på skrivemåten Ørdal. Eit Oyrdal med mørk vokal i starten, kan ha utvikla seg til Årdal. Men dette passar igjen dårleg på garden Årdal ved Breimsvatnet, for den ligg høgt over vatnet.

Ålhusdalen

Dette namnet knyter seg til gardsnamnet Ålhus. Det er eit minne om ein kvile- og overnattingsstad for reisande, og kjem av Ølhus, som tydeleg har vore dominerande i området. Men Olhus låg saman med fleire gamle gardar; som Hegranes, Nedrebø og Øvrebø. Kanskje kan det store gardsanlegget arkeologane no grev fram på Ålhus, vere utspringet for alle desse? Eit sannsynleg namn på det er .

Alder

Ein reknar gjerne dei einledda naturnamna på gardar som eldst. kan såleis vere frå før Kristus, eller noko seinare. Men også toledda, som Gjesdal, kan vere eldgamle. Når vi finn dei i ubestemt form, kan vi trygt plassere dei før svartedauden, og truleg skriv dei seg frå hundreåra før år 1000. Men kor lenge det har budd folk i desse områda, kan berre arkeologiske funn gi klåre svar på. At vi finn langformene, som Dvergsdalsdalen i bestemt form, fortel at desse nye dalnamna kan ha danna seg etter svartedauden. Men namna kan teoretisk først ha vore i ubestemt form, og dermed eldre.

Skryklingsdalen

Denne dalen går frå Gjerland i Haukedalen til Myklebust i Jølster, og er ein gammal driftedal for fedrifter frå Nordfjord mot Sogn. Berre Skryklingen finn vi på Haukedalssida. Det tyder på at opphavet ligg der. Der namnet står på kartet, finn vi både grønne beite i fjelldalen og ei elv som går i sløyfer og løkar. Elva har skrukla seg, og marka kring ligg då i skruklar. Leddet -ing i skrykling kan kome av eng, men finst og som ending på innsjønamn. Om det her viser til vatnet eller til marka rundt elveløkane, blir då usikkert. Vi forstår i alle fall at namnet kjem frå det elva gjør i dette området, og det har drege seg med dalføret og ferdselen over på jølstrasida.

Stardalen

Tydinga av dette namnet er nokså uviss. Sidan namnet ikkje er gardsnamn, er det vanskeleg å finne i gamle utgåver. Hadde uttalen vore stårdalen, ville meininga vore stor dal. Men det ser ikkje ut til å vere dekning for det. Bygdebokskrivar Albert Joleik har sett namnet i samband med ein grassort starr, eit stivt gras som veks der det er myrlendt. Det kan vere fullt mogeleg, for dalen var truleg nokså myrlendt før ein fekk kanalisert elva og grøfta ut. Men uttalen ser ut til å ha trykk på andre staving, slik at star blir ein trykklett start: star´dalen. Om dette berre er eit utslag av lokal dialekt, som i na´boa, eller fortel at dal er den viktige delen, er ikkje lett å avklare.

Ei mogeleg tolking av Stardalen kan etter mine tankar vere Jølster sin dal. Dalen ligg for seg sjølv, med elv til Breim gjennom den herrelause Våtedalen. Det kunne det vere eit poeng i eldre tider å seie at denne dalen hører til Jølster, kanskje som ein beitedal. Sidan vi nettopp har eigeforma av Jølster i det eldste kjende forma Jolmstar frå 1338, ville Jolmstardalr uttrykkje Jølsters dal. På 1300-talet fekk vi då etter kvart Jollstardal. Namnet var langt, og dal det viktige leddet. Dermed kutta folk joll, og Stardal stod att, framleis med trykk på siste ledd.

Våtedalen

Jølstringane har diskutert dette namnet og er nokså samde om at våt er misvisande, for dalen er ikkje spesielt våt bortsett frå der elva renn. Ein har då peika på ordet våd om vad i fleirtal fordi dalen har ei rekkje vad på grunne elveparti. Men Albert Joleik meinte dette ikkje heldt fordi ein ikkje finn fleirtalsformer av substantiv først i stadnamn. Han kan ha rett.

Ei forklaring ein kunne gripe til her, er den gammalnorske forstavinga vada om fare, skade, ulukke. Vi kjenner ordet att i ordet vådeskot. Vadadalr ville bli til Vådadalr, som lett kunne brytast ned til Vådedal, og Våtedal. Bakgrunnen for namnet blir då at ein rekna dalen som farleg å bu i. Vi veit at der går snø- og steinskred med trykkbølger, der kjem farleg vind og farlege flaumar. Namnet Hestefonna fortel kanskje om ein hest som rauk til i eit ras. Folk har heller aldri prøvt seg på busetting i Våtedalen om vi ser bort frå sommarstølane.
 

kjelder:

Rygh, Oluf: Norske gaardnavne. Heggstad, L: Gamalnorsk ordbok. Kart over Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR