Kulturhistorisk leksikon

Dal (2)

  • Ljøsndalen - meir enn ein støl

    Ljøsndalen er nedslagsfeltet for elvane Storesokni og Vetlesokni som renn ut i Lærdalselvi ved Galdane. Frå Galdane går i dag den greiaste vegen inn i dalen. I tidlegare tider gjekk truleg vegen opp frå Seltøyni, over Dragesete og Furesete. Den gamle fjellstølen, fremre Ljøsndalen, merkar seg ut som ei naturperle. Arkeologar har funne spor etter aktivitet i fleire tusen år. Mange særeigne stadnamn er enno i bruk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Om namn på dalar i Jølster

    Stadnamn er kulturminne, men samstundes ord i full dagleg bruk. Frå den rike namnefloraen på Jølst (i Jølster) tar denne teksten fram dei viktigaste dalnamna. Kva inneheld desse gamle orda? Nokre av namna på Jølst er uproblematiske å tyde, andre er vi høgst usikre på, men kan gjette litt på dei.