Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Indrøy handelsstad



Godt synleg i leia Ytre Steinsund ligg handelsstaden Indrøy. Staden er eit slåande døme på korleis ein gründer bygde fram ei allsidig næringsdrift som i neste omgang vart utslått av nye kommunikasjonar og endra ressursgrunnlag.

Biletet er teke mot sør. Me ser handelshuset med krambu og leilegheit, ark med vindespel og store dører for handtering av varer og reiskapar. Framfor ligg <i>Stål 1</i>. Bygningen til høgre er nothengja, og til endes for den, er naust for notbåtane. Mellom handelshuset og sjøbua ligg den romslege utrullingsplassen for sildetønner. Oppe i haugen står bustadhuset, sør i vika eit eldhus og til høgre for sjøbua ein liten fjøs som vinterstid gav rom til 2 kyr og nokre sauer. Nedst i biletkanten skimtar me gangbrua bort til Andholmen der ekspedisjonskaia er bygd.

Biletet er teke mot sør. Me ser handelshuset med krambu og leilegheit, ark med vindespel og store dører for handtering av varer og reiskapar. Framfor ligg Stål 1. Bygningen til høgre er nothengja, og til endes for den, er naust for notbåtane. Mellom handelshuset og sjøbua ligg den romslege utrullingsplassen for sildetønner. Oppe i haugen står bustadhuset, sør i vika eit eldhus og til høgre for sjøbua ein liten fjøs som vinterstid gav rom til 2 kyr og nokre sauer. Nedst i biletkanten skimtar me gangbrua bort til Andholmen der ekspedisjonskaia er bygd.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: Ca. 1950.

Fotograf: Ukjend.

Med sirupsfatet i kammerset

Unge Knut Berentsen (1867 - 1952) frå Indrøy reiste først til Bergen i snikkarlære, og i snikkarheimen fann han seg også kone, Hanna. Då det vart knapt om arbeid, leigde faren ein kutter og henta einebarnet og familien heim. Han lånte sonen 300 kroner som dei kjøpte varer for med heim, og dermed etablerte Knut seg som handelsmann i eit kammers til sides med stova, som dei budde i. Det var tungvint å frakte varene i robåt like frå Tangenes til Indrøyvågen, sirupsfat på 300 kilo, mjølsekker på 100.

Sjøbu frå Tyskebryggja

Knut begynte å kjøpe hummar, laks, snart alle fiskeslag, først for sal i Bergen, men sidan eksporterte han sjølv til utlandet. Verksemda kravde meir plass og vart etter kvart flytta til innsida av øya. Kring 1890 kjøpte han heim ei sjøbu frå Tyskebryggja i Bergen. No vart her krambu nede, husvære oppe, der dei sjølv flytta inn, og endåtil bra plass for varer og fiskereiskap.
Han kjøpte alt han kunne av tareoske (kelp), lever og agnskjel, brende levra og lagra tranen på store fat. Etter kvart leigde han folk til å skyte ut og planere større lagringsplass, med støypt plate. I front mura dei kai.

Mannen som aldri sov

Allsidig drift kravde nye bygningar: tranbu, oskebu, ishus, sjøhus, nothenge. Knut kosta landnotbruk for vintersilda og kjøpte fleire fiskefarty. Mest kjende er 58 fot lange Stål 1, ei natt i 1941 "teken" av norske som rømde til Shetland, og den nyare, noko større Andholm. Fartya, som fangsta og fiska frå Hebridane til Barentshavet, vart drivne av dei neste slektsledda og av leigeskipperar. I Indrøy salta dei vintersild. Eigne og andre farty kom og leverte og mange hadde arbeid på land. Knut var motoren som gjekk mest døgnet rundt, men som saman med kona jamvel fann tid også for kristeleg verksemd.

Ekspedisjonskai og oljetank

Fylkesbaatane stogga ved Indrøy eit par gonger for veka. Like eins hadde Knut avtale med eit Møre-reiarlag om å stogge på signal for å ta med varer som skulle vidare med båt til England. Ei stor lette vart det med ny ekspedisjonskai i 1930. No kunne både Gula og større fraktefarty gå inntil. Litt opp for handelshuset hadde nytt bustadhus komme til. Mannen som med folkeskule og snikkarlære korresponderte med Amerika og halve Europa, fekk betre plass.

Indrøy vert hengsla av

I 1950/60 åra sprengde nye vegar seg fram gjennom steinlandskapet i Solund, men til det sterkt sundrivne øyriket kring Indrøy kom ingen veg. Stor- og vårsildfisket var historie og andre fiskeslag minka sterkt år for år. Folk såg etter sikrare inntekt og fråflyttinga tok fart. Naturgrunnlaget og kundekrinsen for drifta i Indrøy var ikkje lenger til stades.
Men handelsstaden Indrøy er ein vakker og triveleg ferieplass for etterslekta, og dei få pensjonistane som bur der fast, kan vandre mellom bygningar og kaiar og lese historia om den driftige, nøkterne og heiderlege kjøpmannen Knut Berentsen. Indrøy handelsstad var Solund sitt val i kulturminneåret.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berentsen, Lina: Indrøy Landhandel. I På tun og tofte. Hardbakke skule 1981.
Steinsøy, Alf: Solund. Gards- og ættesoge, bind 1, s. 423, 424. Solund 1982.
Privatarkiv Jacob Oddekalv, Askvoll: Artikkel 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR