Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. desember 2005

Sist oppdatert 15. juni 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Skulehuset på Helleland



"Jeg Ole Olsen Otregjeld erklærer mig herved villig til at istandsette, indrede og bordklæde Skolehuset i Berdal." Slik byrjar den høgtidsame kontrakten om oppføringa av skulehuset i Berdal som Ola Olson Otrehjell (1831-1922) skreiv under på 30. april 1863. Skulelova av 1860 hadde gjort krav om at undervisninga skulle gå føre seg i faste skulestover og ikkje i omgangskular. Skulen som vart sett opp i dalen i Feios avspeglar såleis utviklinga av det norske skulestellet.

Det nær 150 år gamle skulehuset på Helland slik det står i dag. Taket er skifta ut, men skal få dei same utskjeringane som det gamle hadde. Det ytre er mykje likt som det alltid har vore bortsett frå dei endringane som må ha blitt gjort då huset vart flytta frå Berdal til Helleland.

Det nær 150 år gamle skulehuset på Helland slik det står i dag. Taket er skifta ut, men skal få dei same utskjeringane som det gamle hadde. Det ytre er mykje likt som det alltid har vore bortsett frå dei endringane som må ha blitt gjort då huset vart flytta frå Berdal til Helleland.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2005

Fotograf: Bjarnhild Samland

Frå omgangsskule til fastskule

Skulehuset er der framleis, i Feios, på sørsida av Sognefjorden like over fjorden frå Hermansverk. Fram til 1992 var Feios ein del av Leikanger kommune, men etter ei endring av kommunegrensene, høyrer bygda no til Vik kommune. Om lag 500 menneske budde i Feios rundt 1860 og bygda var delt inn i tre skulekrinsar; Fedje skulekrins, Dale skulekrins og Berdal skulekrins. Avgjera om oppføringa av skulehuset i Berdal tok Leikanger kommune i 1861. Enkelte stader klarte ein ikkje å oppfylla kravet til faste skulelokale, noko som var tilfelle for Dale skulekrins i Feios. Ikkje før det skjedde ei omregulering av skulekrinsane i 1879 fekk alle born i skulepliktig alder i bygda undervisninga i faste skulerom.

Først i Berdal

Ola O. Otrehjell frå Fresvik bygde huset i 1863 og den jobben fekk han 40 spesidalar for. I kroner var dette om lag 160 kroner. Dette tilsvarar litt over 9 000 kroner i dagen kroneverdi. Material til huset var kjøpt inn to år i førevegen, etter skulekommisjonen sitt vedtak fatta i 1861. Bygget er rektangulært noko som er i strid med kravet om kvadratiske undervisningslokale som var på den tida huset var bygt. Tømmeret hadde kommunen kjøpt inn allereie i 1861 og då fanst ikkje dette kravet.

Eit lite og koseleg skulehus

Skulehuset er kvitmåla. Informantane kjenner ikkje til at det har hatt nokon anna farge. Kvit er ein farge som er mykje brukt på skulehus så det kan godt vera at huset alltid har hatt den fargen. Vindauga er sprossa og huset har enkle, men stilfulle utskjeringar. Fram til 1879 stod skulebygget på Skulehusuri i Berdal. Då vart det flytta fram til Helleland der det står framleis.

Urolege foreldre

Korleis hadde det seg at ein flytta skulehuset frå Berdal til Helleland? Det hadde med den geografiske inndelinga av skulekrinsane å gjere og som nemnt at undervisninga skulle gå føre seg i faste skulestover. Dit skulehuset vart flytta i 1879 ligg gardane Smidje og Helleland. Båe desse høyrde til Dale skulekrins som fungerte som omgangsskule. Med tanke på at Smidje og Helleland låg på andre sida av elva i dalføret verkar dette i første omgang som ei snodig løysing. Foreldra på gardane var engstelege for borna sine for elva var til tider farleg. Berdal låg nært til og ville soleis ha vore eit betre alternativ.

Plassmangel var ei hindring

I følgje møtebøkene etter Leikanger kommune var plassmangel ei viktig årsak til at bønder frå dei to gardane som ønskte endring av krinsgrensene ikkje fekk medhald. Ei regulering av skulekrinsane kunne endra dette. Første gong møtebøkene fortel om misnøye med denne inndelinga var 1864. I 1873 kom det ny klage med oppmoding om regulering av skulekrinsane. Bøndene frå Dale skulekrins ønskte at ein skulle dela bygda inn i to skulekrinsar og såleis at skulehuset skulle vera nærare dei, enten til garden Helleland eller helst over på deira side av elva, til garden Tjønn. Det tok endå fem år før ein kom til ei løysing på problemet.

Flytting

Den som fekk ansvaret for flyttinga var Olai Halbrændt frå Lånefjorden. Denne jobben fekk han først 300 kroner for, men seinare fekk han 20 til som erstatning for ein skade han hadde pådrege seg under arbeidet. Huset står framleis i bratta eit lite stykke over elva på garden Helleland. Samstundes som skulehuset blei flytta vart det laga bru over elva. No var bygda delt inn i to skulekrinsar og elevar frå andre sida av elva skulle over til Helleland på skule. Skilje mellom dei to krinsane var slik at born som budde på garden Tjønn og oppover på den sida av dalen gjekk på Helleland skule. På Berdalssida gjekk grensa overfor garden til Are Ytre - Eide.

Minner om skulehuset

Dette er litt av det Kari Samland fortel om si tid på skulen, frå 1931 til 1938:

Først kom me inn i gongen der me kledde av oss. Der var det ein peis som no er mura igjen. Inne i sjølve skulestova var tømmeret måla lysegrønt og vindaugskarmane kvite. Kateteret stod på øvste veggen når me kom inn, attmed eit stort skåp og eit bord. Me sat to og to i lag. Der var alltid godt og varmt i skulestova. Det var også eit lite kammers, der me fekk vaska oss på hendene før me skulle eta.

Folkefulle juletrefestar

Kari Samland, Sigmund Tveit og Sigurd Helland fortel at skulehuset har vore nytta i andre høve enn undervisning. Skulehuset romma juletrefestar for heile bygda, predikantmøte og fungerte som vallokale. Skulehuset ber i seg mange minne frå oppveksten som sit godt hjå dei fleste og syner at eit skulehus er meir enn berre sjølve huset. Nokre av desse minna kan du lytta til her.

Nye krav til skulehus

I 1962 var tida som skulehus over. Lokalet var for lite til å oppfylla krava som skulelova av 1959 medførte. Helleland skule hadde vore ein todelt skule der dei yngste elevane gjekk på skulen tysdag, torsdag og laurdag, og dei største dei tre andre kvardagane. Elevane skulle få fleire undervisningstimar og fagkrinsen auka. Fag som engelsk og kunst og handverk vart obligatoriske. Helleland skule var blitt ein umoderne og gammaldags skule og kunne ikkje gi dette tilbodet.

Moderne skulehus ved fjorden

På Feidjane stod den raudmala og romslege Fedje skule. Den var ny og hadde lokale som tilfredstilte dei nye krava som var sett til eit skulebygg. Her var moglegheiter til undervisning i forming, gym og husstell. Læraren på Helleland skule kunne ikkje undervisa i engelsk og det siste året før nedlegginga laut skuleelevane frå Helleland skulekrins gå ein dag på Fedje skule for å få engelskundervisning. Nokre engelsktimar fekk dei på ettermiddagstid ved at engelsklæraren på Fedje skule gjekk opp til Helleland og underviste der. Tida som skulehus er over. 

Dette var inga god ordning og skulestyret meinte at ei samanslåing av skulane ville gi ei betre utnytting av lærarkreftene. Å leggja ned ein skule er aldri noko enkel sak og heller ikkje denne gongen. Det var mykje diskusjon i bygda om denne endringa. I skulestyret var det berre ei stemme i mot samanslåing. Avstemninga som vart halden i Helleland krins gav 26 stemmer i mot nedlegging og 11 for. I Fedje krins var det 16 for og 1 i mot. Det samla stemmetalet vart då uavgjort. Skuledirektøren, skulestyret og kommunestyret gjekk difor inn for ei samanslåing av Fedje krins og Helleland krins.

Sølvskei som trøst

Som eit plaster på såret lova dei å arbeida for vegsamband mellom dei to dalsidene i bygda, frå Helleland til Tjønn. Dette plasteret kom ikkje på før på slutten av 90 talet. Dei rundt 20 borna i skulepliktig alder frå Helleland krins byrja på Fedje skule hausten 1962. At nedlegginga var eit vanskeleg tema kom til syne ved at borna som ikkje hadde fått tilfredstillande skuleskyss første året på Fedje skule, fekk ei syltetøyskei i sølv frå kommunen.

Skulehuset etter nedlegginga

Etter nedlegginga vart skulebygget nytta som vallokale då ein hadde to valkrinsar i bygda. I 1969 lyste Leikanger kommune huset ut for sal. Sigmund Tveit var den einaste som la inn bod og han fekk kjøpa skulehuset som ligg slik til at det vart ein del av garden hans på Helleland. Han tok godt vare på huset og leigde det ut til turistar gjennom Norsk hytteforening fram til 1980. Sigmund Tveit selde garden til Asbjørn Grindedal i 1990. I 2004 kjøpte nederlendaren Augustin Morel og kona garden.

Skulehuset i fare for å gå tapt

Skulehuset var då i svært dårleg stand som følgje av ein lekkasje i taket. Mykje verdfull historie har gått tapt, men nokre fåe kart og litt konkretiseringsmateriell har ekteparet Morel på ein imponerande måte restaurert. Dei har skifta tak og soleis redda huset. Dei ønskjer å gjenskapa atmosfæren som var i ei gamal skulestove og målet deira er å kunna nytta huset til turisme eller til ein stad å ta i mot funksjonshemma born slik at dei kan få oppleva og delta i livet på ein gard. Trør det på ny barneføter i skulehuset på Helleland, har ein ivareteke ein viktig del av Feios si skulehistorie.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Masdalen, Kjell Olav og Mykland, Liv:Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Oslo 1987.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Leikanger kommune: Kommunestyret. Møtebok. 1857-1865, 1866-1884


Munnleg informasjon frå: Sigurd Helland, f. 1921 (Vik), Kari Samland, f. 1924 (Vik), Sigmund Tveit, f. 1921 (Vik). 


Sæbø, Arne Inge: Skulesoge for Vik. Leikanger 2005. 


"Den gamle og so den nye tid." Vik skulestyre i arbeid for 100 år sidan: Pridlao,nr.3, s 10.Vik 1998.


Bygging av ny skule. I:Pridlao, 1999, nr. 1, s 19. Vik.


Skulen på strendene. i: Pridlao, 2000, nr. 2, s 62. Vik.


9-årig skule i Vik. I:Pridlao,2000, nr. 3, s 14. Vik.


Skulesentralisering. I:Pridlao,2000, nr. 3, s 17. Vik.


Innviing av Flatbydgi skule. I:Pridlao,2000, nr 3, s 19. Vik.


Valsvik skule. I:Pridlao,2005, nr. 1, s 64. Vik.

PERMANENT IDENTIFIKATOR