Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 14. mai 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Askvoll kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Askvoll kommune.

Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk. Aluminiumsfabrikken kom i drift i 1908. Sommaren 1905 skjedde eit uhell ved Stangfjordens elektrochem. Fabriker. Ein arbeidar vart stygt forbrent i ansiktet då det sprakk hol i eit damprøyr. Han vart sendt til Bergen dagen etter.

Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk. Aluminiumsfabrikken kom i drift i 1908. Sommaren 1905 skjedde eit uhell ved Stangfjordens elektrochem. Fabriker. Ein arbeidar vart stygt forbrent i ansiktet då det sprakk hol i eit damprøyr. Han vart sendt til Bergen dagen etter.

Eigar: Odd Vie/Sogeskrift for Askvoll kommune 1.

Datering: Kring 1900.

Fotograf: Ukjend.

Askvoll kommune i 1905

Askvoll kommune var mindre i 1905 enn i 2005. Kommunen omfatta i 1905 dei to kyrkjesokna Askvoll og Vilnes. Frå 1964 vart kommunen utvida med området frå Stavestrand til Hestvik på sørsida av Førdefjorden, som tidlegare hadde høyrt til Vevring og Bru kommunar. I 1990 vart Holmedal sokn på nordsida av Dalsfjorden og garden Fossedal lagde til Askvoll.

I 1900 var folketalet 2691. Jordbruk og fiske var dei viktigaste næringsvegane. Etter eit avbrot kom Grimeli kopargruver i drift att i 1906. Industriutbygginga i Stongfjorden var komen i gang med jodfabrikk og torvkolfabrikk. I 1906 kom engelske industrigründarar til Stongfjorden og Skandinavias fyrste aluminiumsfabrikk byrja produksjonen i 1908. Det var teglsteinfabrikkar i Vårdal og på Helle. Frå Vårdal vart det sommaren 1905 levert fire millionar murstein, mesteparten til Ålesund. Vilnæs og Sætre Hellebrud dreiv hellebrot på gardane Vilnes og Sætre.

Dei viktigaste handelsstadane var Nyborg (Askvoll), Sauesund, Korssund, Stavenes og Værøy. Det var postopneri i Korssund, på Stavenes, Atløy, Bulandet og Yndestad, og dampskipstoppestad desse stadene: Korssund, Grytøyra, Sauesund, Askvoll, Stavenes, Yndestad, Bulandet, og Atløy.
Kommunen hadde eigen bank, Askvoll Sparebank, grunnlagd 1893.

Holmedal og Kvammen

Holmedal sokn høyrde som alt nemnt, til Ytre Holmedal (Fjaler) kommune. "Tettstaden" Holmedal hadde båtstoppestad, postopneri, landhandel og ullvarefabrikk (Trollefoss.)

Kvammen var "sentrum" i den delen av Vevring kommune som låg på sørsida av Førdefjorden. Her var òg båtstoppestad og postopneri, likeeins på Flokenes. Vevring Sparebank, skipa i 1904, heldt til på Hegrenes.

"i sterk Spaning"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på krambui, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk alle stader i landet på siste nytt om "Situationen", det vil seia om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember.

Ein mann i Underdal i Aurland fortalde i eit lesarbrev til ei avis korleis det hadde vore der i bygda:

"Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad."

Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, både gjennom smånotisar og i større oppslag.

I Høyvik fekk dei i oktober dette året 2000 makrell av prima kvalitet i eit kast. Noko vart selt som ferskvare til 25-30 øre per stk., men mesteparten vart salta til husbruk. Større oppslag fekk utstillinga av sau og geit på Askvoll den 6. oktober. I januar 1905 snakka folk om rasulukka i Loen, natt til 16. januar, då over 60 menneske sette livet til.

Døme på saker i kommunestyret var: utviding av vegen Askvoll kyrkje - Nyborg, nytt skulehus i Høyvik krins, innkjøp av bokskåp og bøker til Askvoll folkebibliotek, telefonanlegg Askvoll - Bulandet og nytt tårn på Askvoll kyrkje. (Sjå møtebokregister for Askvoll.)

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og Ole Sjurson Nordeide vart vald til ordførar. Han hadde vore ordførar sidan 1880. Karl Andreas Breyholtz var sokneprest og Reinhard Jørgenson Steen lensmann.

Lag og organisasjonar

Fleire idealistiske lag var aktive rundt om i bygdene, til dømes Askvoll Ungdomslag (skipa 1896), Holmedal fråhaldslag (1860), Ungdomslaget Vårvon (1901, Gjelsvik), fleire skyttarlag og mange misjonskvinneforeiningar.

17. mai 1905

I 1905 var det var ekstra stor oppslutning om 17. mai, som dette året var på ein onsdag. Fjordenes Blad hadde den 24. mai eit stykke om nasjonaldagen i Askvoll. Det var gudsteneste, folketog og samling hjå "Anders Askvold (Bøen) og datter Elisa", som hadde stilt plassen og huset til disposisjon for 17. mai-feiringa. Toget tok seg vakkert ut med tre store flagg, mange barneflagg og ikkje få kvinner i nasjonalbunad.

På Atløy gjekk folk i tog og seinare var det fest i Leirvåg skulehus der kyrkjesongar Jens Askvold og redaktør David Leervaag m.fl. heldt talar.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Sokneprest Breyholdtz las opp kunngjeringa frå preikestolen i Askvoll kyrkje søndag 25. juni. Kyrkjelyden reiste seg og etterpå song dei "Vår Gud han er så fast ei borg."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august skulle folket svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november skulle folket svara ja eller nei til om landet skulle utkåra ein konge.

Begge røystingane vart haldne etter reglane for stortingsval og administrerte av lokale valstyre. Askvoll valsokn tilsvara dåverande Askvoll kommune. Holmedal kyrkjesokn høyrde til Ytre Holmedal (Fjaler) valsokn. Valstyret var samansett av lensmann R.J. Steen (formann), og formannskapet: ordførar O.S. Nordeide, sokneprest Breyholtz, sersjant H. Follevaag og gardbrukarane Mathias K. Stubseid, Johannes E. Vilnæs og Jakob M. Einen.

I begge røystingane var det ein røystestad, i Askvoll kyrkje.
I Holmedal kyrkjesokn røysta dei i Holmedal kyrkje. Røystene derifrå vart tekne til Dale og talde opp saman med dei andre røystene frå valsoknet.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet i Askvoll valsokn: Av 581 som hadde røysterett, vart det avgjeve 512 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 88,1%. Alle røysta ja.

I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten 88,7 og berre tre røysta nei. Det føreligg ikkje særskilt taloppgåve frå Holmedal sokn.

Om røystinga

Ei melding Fjordenes Blad,12.08 fortel at i dagane før folkerøystinga dreiv folk på med å få høyet sitt i hus og at veret var noko ustadig. Det var stor interesse for den føreståande røystinga, og med ruteendringar av Fylkesbaatane, rekna dei med godt frammøte. Det rådde spenning om resultatet, om det ville koma nei-røyster. "De kom dog ikke!", skreiv signaturen "M.G:" i eit avisstykke etterpå.

Eit minne frå røystinga i Holmedal

I 1955 - femti år etter - fortalde Erling Vindheim om eit barneminne frå folkerøystingsdagen i Holmedal. Det var særleg to menn han hugsa. Om den eine, Jens Engebø, fortalde han:

Han kom med ein stor fletta lyng-krans forma som eit Ja og sette opp på veggen nær preikestolen. Frå den stund vart Jens Engebø "min" mann - og var det alltid sidan. Eg kan ikkje lesa om eller tenkja på 1905, ja, eg kan ikkje tenkja på holmedalskyrkja - og det gjer eg ofte - utan at han Jens Engebø stig fram denne merkedagen.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Aksjonen vart ordna på ulike måtar, mellom anna ved at listene låg ute i avisredaksjonane. I Leikanger kunne kvinnene skriva seg på utlagde lister i sakristiet under gudstenesta før røystinga.
Vi har ikkje funne særskilde opplysningar om kvinneunderskriftsaksjonen i Askvoll.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast folkerøysting om Stortinget skulle velja prins Carl av Danmark til konge. I røynda var dette eit val om statsform, kongedømme eller republikk.
I Fjaler (Ytre Holmedal) var folk opptekne av dette spørsmålet lenge før. Den 22. oktober sende eit folkemøte i Holmedal telegram til Stortinget med fylgjande oppmoding:

Til Stortinget. Folkemøte igaar i Holmedal uttalar: Til Trygd for roleg Utvikling for Framtidi og med rett som sjølvstyrt Folk, ventar me, at Folket vert spurde, ved Avrøysting eld Valg fyrr Avgjerdsla vert teki um Kongedøme eld Republikk.

Telegrammet var underteikna av Bakke, Helgerud og Skarstein.

Resultat

Det vart folkerøysting, og resultatet av folkerøystinga i november for Askvoll valsokn var: Av 572 med røysterett, vart det avgjeve 451 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 78,8. To røyster vart forkasta. 409 røysta ja (90,7%) (for kongedømme), 42 (9,3%) røysta nei (for republikk).
For heile fylket var tala 18 278 (med røysterett) og 14 315 (godkjende røyster), 11 507(80,4%) (for kongedømme) og 2 808 (19,6%) for republikk. (Det føreligg ikkje særskilde taloppgåver for Holmedal kyrkjesokn)

David O. Bakke - ruvande republikanar i Holmedal

Fjaler (Ytre Holmedal) hadde prosentvis større oppslutning om republikk enn i Askvoll, 25,1% mot 19,6%. Kva kan grunnen vera til ein så stor skilnad? Noko av forklaringa er truleg Venstre-mannen og tidlegare stortingsmann D.O. Bakke som budde i Holmedal. Han var sterkt med i valkampen før avrøystinga. Bakke var med og skipa til folkemøte og skreiv artiklar i fleire aviser.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske venta på dei.

I Askvoll vart kongeinntoget markert med allmenn flagging og salutt. Dampskipa "Alden" og "Stavenes" - som denne dagen var framom Askvoll i rutene sine - hadde flagga oppe og helsa med salutt. Søndag 26. november salutterte dei fleire stader i Askvoll i høve dronning Maud sin fødselsdag.

Takkegudsteneste 7. desember

Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudsteneste rundt om i landet. I Askvoll var det takkegudstenester i kyrkja på Askvoll og i Holmedal; i Holmedal ved pastor Landmark. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i gudstenestene, men etter Kyrkjedepartementet sitt rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers 23-26, og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland".

Salmane 118, 23-24:
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Blad. 24.05, 01.07, 15.07, 12.08, 24.10.1905.


Sogns Tidende. 18.08.1905.


Søndfjords Avis. 27.10.1905.


Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyra i Askvoll og Ytre Holmedal valsokn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR