Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkja på Rygg



Rygg ligg like ovanfor Aurlandsvangen. Her ligg tomta etter ei stavkyrkje som truleg vart bygd kring år 1130. Området nærmast kyrkjetomta, mot vest og sør, var kyrkjegard i mange hundre år, fram til 1806.

Kyrkjetomta på Rygg ligg i biletet mellom Vangen kyrkje og punktet merka R. 'Bønesteinen' ligg nedst ved høgre foten på R.

Kyrkjetomta på Rygg ligg i biletet mellom Vangen kyrkje og punktet merka R. 'Bønesteinen' ligg nedst ved høgre foten på R.

Eigar: Aurland kulturkontor.

Datering: Biletet er frå 1895-1900.

Fotograf: N. M. Nielsen.

Ryggjakyrkja

Stavkyrkja på Rygg låg fritt og fint til rett ovanfor Aurlandsvangen, med god utsikt over fjorden. Det er sett opp ein minnestein her. Ein veit ikkje korleis kyrkja har sett ut, men det var ei lita kyrkje. Likevel kan ho ha sett staseleg ut.

Jon Pettersson (Jon Fot) av den mektige Aurlandsætta kan ha bygt kyrkja. Han gifte seg i 1129 med Ingrid Kollsdotter frå Agder. Dei fekk sonen Brynjulv, og skulle døypa guten. Dei må ha budd på nordsida av elva og hadde inga kyrkje. Det vart bygt mange kyrkjer på den tida, og Jon kan såleis ha fått reist Ryggjakyrkja kring 1130. I skriftlege kjelder er ho nemnd fyrst i 1322.

Kyrkjetomta

Biskop Neumann var i Aurland i 1834 og skreiv då ned ein del fakta om kyrkja. Årboka til Foreininga til Norske Fortidsminnesmerkers bevaring av 1902 gjev att m.a. dette frå rapporten:

"Man ser tydelig rester av grundmurene med tre af hjørnestenene. Koret har ligget inderst, vestgavlen saaet ude på kanten. Saavidt jeg kunde se har koret været 4,30 meter, skibet 4,70 meter bredt. --- efter mitt maal har koret ikke været længre end 5 meter, og skibet 6,15. --- Kirken har åbenbart været ganske liden."

Det ligg ein 'bønestein' på kyrkjetomta. Segna seier at dei få overlevande frå Svartedauden samla seg til bøn kring denne steinen.

Stavkyrkja på Rygg vart riven i 1576, medan kyrkjegarden var i bruk heilt fram til 1806.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders J.:Aurland I. Aurland 1962.
Bjørnestad, Magne: På historisk vandring. Aurland 1998.
Munnleg informasjon frå Ohnstad, Anders J., bygdebokforfattar.
Aurland kulturkontor, fotosamlinga.
Henden Aaraas, Djupedal, Vengen, Førsund: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Andreas Holmsen: Økonomisk og administrativ historie. I Norske Bygder. Sogn, side 46-47. Bergen 1937.

PERMANENT IDENTIFIKATOR