Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Utvær fyr - vegvisaren lengst vest



Frå 1900 til 1920 vart det bygt 37 fyrstasjonar. Det er dimensjonar og kvalitet over Utvær fyr, den eine av dei. Det kom vel med, for påkjenningane vart uventa harde.

Utvær fyr var 100 år i 1999. Postverket ga ut eit kort med særstemplet UTVÆR FYR I SOLUND.

Utvær fyr var 100 år i 1999. Postverket ga ut eit kort med særstemplet UTVÆR FYR I SOLUND.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: -

Vestlegaste fyrstasjonen i landet

Utvær fyr vart sett i drift 15. november 1900. Det er eit støypejernstårn som - før det vart skada i 1945 - hadde to galleri oppe. Eit såkalla 1. ordens fyrapparat vart levert frå Paris og blei som attraksjon utstilt på Bergensutstillinga i 1898.

Framfor fyret mot sør vart det bygt bustad, med tre husvære: for fyrvaktar, assistent og reserveassistent. Eit stort uthus kom på plass, og naust 150 m frå fyret, der det var bra hamn. I fjellgrunnen under fyret vart det i 1940-41 bygt bomberom. Fyret har eige aggregat som stod i reserve dei åra Utvær hadde straum frå fastlandet.

Utværvågen minna om ei marinehamn

I krigsåra var fyra på norskekysten sløkte, også Utvær. Men fyrstasjonen var bemanna, fyrvaktaren budde der. Alt i førstninga av krigen forstod tyskarane at dei burde halde betre auga med vestre delen av Solund. Under det eventyrlege vintersildfisket på nyåret 1944, kom her så mange farty at det var umogeleg å halde kontroll. Det var medverkande til at tyskarane sette seg fast og overtok Utvær fyr i februar 1944. Fyrvaktaren måtte flytte ut. Dei bygde ikkje nytt anna enn ein bunker over bomberommet. To luftvernkanoner kom på plass, og patruljebåtar låg ved kaia stadig vekk.

Fyrstasjonen i flammar

Nokså nøyaktig eitt år etter at tyskarane overtok fyret, kom det engelske flyåtaket frå aust, luftvernkanonane hadde blindsone den vegen p.g.a. bustadhusa. Tyskarane fekk ikkje løyst eit skot. Tårnet vart ein rykande skorstein med god fyr i. Alt brennbart i fyret gjekk i flammane, og øvre tårndelen vart sterkt brannskadd. Fyrbustaden brann opp, soldatar og offiserar kjempa for livet med å rulle ut alle bensinfata der. Uthuset gjekk med. Tre tyskarar miste livet.

Etter dette vart den vestlegaste signalstasjonen nokså redusert. Tyskarane la tak over grunnmuren, som stod att etter fyrbustaden, der budde dei primitivt til freden kom.

Staseleg 100-årsfeiring

Eit storarbeid med å restaurere fyret vart ferdig i 1952. Fyret var då redusert med ei høgd og hadde fått ei anna utforming oppe, bl. a. med berre eitt galleri. Radiofyr vart etablert i 1954.

I førstninga blinka lyset på grunn av tunge lodd som fyrfolka sveiva til topps. Utviklinga fram mot automatisering har vore formidabel. Også for Utvær vil det kanskje vere eit tidsspørsmål før lyskjegla feiar over himmelen frå eit folketomt fyr.
15. november år 2000 var det verdig hundreårsfeiring på Utvær. Dagen fall saman med Frimerkets dag, og 350 menneske hadde funne vegen til rikhaldig festivitas.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kystverket: Noregs Fyr, 1986.
Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Solund kommune:
Reidar Engevik:Tysk overvaking av Solund. Dei tyske installasjonane i Solund kommune, Sogn og Fjordane fylke. 1995. Omfattande registreringsarbeid.
Garatun-Tjeldsjø, Gerhard: Ein norsk utpost. I Eskeland, Lars og Severin: Lesebok for ungdomsskulen. Norlis Forlag 1949.

PERMANENT IDENTIFIKATOR