Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skjerdalsstøylen



Skjerdal, gard nr. 35, er ein veglaus gard ved Hyefjorden med store fjell-, skog- og beitevidder som er lite påverka av tekniske tiltak. Frå tunet går ein dal kransa av høge fjell om lag ei mils veg sørover, parallelt med fjorden. I denne dalen har garden to stølar. Den viktigaste er Skjerdalsstøylen som ligg 3-4 km innanfor tuna i ei høgd på ca. 210 m o.h. Her er ei stor inngjerda og teigbytt stølskvie med husa i nedre ende. Eit hus står att og er spesielt ved at to bruk har bygt saman. Under er to steinfjøs, og over er eit sel i kvar ende og to høylader i midten. Tett ved sida er tufter etter eit hus bygt på same måten, men for eitt bruk. Den andre stølen til Skjerdal er Vasstølen. Sjå eigen artikkel.

Den store stølskvia med husa. På fjellhylla bak ligg Hyenesstølen.

Den store stølskvia med husa. På fjellhylla bak ligg Hyenesstølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

No er det bygt skogstraktorveg 2-3 km innover dalen frå tunet. Frå denne er det kring 1 km til med rås fram til stølen.

Bruk av stølen

Dei to stølane til Skjerdal ligg heller lågt og gjev lang beitetid. Stølstida varte frå førstninga av juni til ut september, 12 veker på heimestølen og 4 veker på Vasstøylen. Den store kvia på heimestølen er godt rydda, nærast overflatedyrka, og viser at stølsslåtten var svært viktig.

Stølsdrifta tok slutt bortimot 1970 og det same var med slåtten på heimestølen. I denne store og lite påverka dalen har alltid fiske og fangst vore viktige for garden. Det er på same måten i dag. Selet på Vasstøylen er sentralt under hjortejakta. Det same når det gjeld fiske i elver og vatn. Tidlegare hadde Gloppen hotell ei stor hytte ved Skjerdalsvatnet, Bjørnheim hotell. No står berre tuftene att, men det seier noko om at friluftsinteressene alltid har vore viktige i dalen.

Interessant geologi

Det bør nemnast at frå Skjerdalen og utover ligg eit felt av våre yngste bergartar, Hornelens devonfelt, som kan vere kring 350 millionar år gamalt. I geologisk kart, Måløy, står skrive:

Hornelens devonfelt består vesentleg av grønn sandstein med marginale breksjer og konglomorater, - areal 64x24 kv.km. Sedimentserien har en tilsynelatende mektighet på over 20000 meter, og dette forklares ved en skjev innsynkning med en gradvis forskyvning av sedimentasjonsbassenget. Bølgeslagsmerker, tørkesprekker, krypespor og regndråpeavtrykk viser at avsetningen fant sted på grunt vann.

Vidare om fossiler i Hornelens devonfelt:
Plantefossiler er funnet ved Svartevann ved Gjegnalundbreen. Følgende plantefossiler er funnet: Opprekna 6 latinske namn. Fiskefossilene er krossopterygier som er vanskelig å artsbestemme bortsett fra Gyroptychius kiæri. Sannsynlig alder er undre del av mellomdevon.

Det nemnde Svartevatn ligg rett ved Skjerdalen og har avrenning til dalen.

Det mest spennande med dette er at desse avsetningane er avsett i kontinentale innsynkings-område begrensa av forkastningar. Først har det vore svære vassmengder som har fylt opp med breksjer (kantete stein) og konglomorater (transportert og avrunda stein) samankitta med sandstein. Dette var altså i botnen og vi finn det då i utkanten av feltet. Vidare er det sandstein som vi ser ligg lagvis oppover. Høgda på devonfeltet er 20 km - vanskeleg å tenkje seg. Men om vi tenkjer oss at det la seg 1 millimeter pr år, vil det bli 1 meter på tusen år og dermed 20 millioner år for å fylle heile bassenget.

Dette bassenget ser vi no som eit høgt fjell med lågare fjell omkring. Det vil seia at fjellet omkring har vore mjukare og erodert lettare enn sandsteinen. Dette kan forklarast ved at under denne sedimentasjonsprosessen har den delen som forvitrar lettast vorte finfordelt og er vaska langt ut i havet. Sandsteinen lenger inne består av harde mineraler, serleg kvarts. Dette forvitrar seint og dermed vil det som først var eit basseng, stå att som høge fjell.

Nokre fakta

Skjerdal, gard nr. 35, Vereide sokn, hadde 3 bruk i 1890. Det er registret 25 menneske på garden i 1865, medan talet er 27 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 70. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR