Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Stortingsmann Gjert Holsen



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Gjert Holsen frå Førde.

Frå Stortinget 7. juni 1905. Gjert Holsen hadde sjukepermisjon. Som varamann møtte Anfin Refsdal frå Vik. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal'.

Frå Stortinget 7. juni 1905. Gjert Holsen hadde sjukepermisjon. Som varamann møtte Anfin Refsdal frå Vik. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal'.

Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Kort biografi
I boka "Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814 - 1970" står denne biografien:

"Gjert Martinus Markvardson Holsen, fødd i Holsen sokn i Førde 24. juli 1855, son åt Markvard Danielson frå Gjesdal på Jølster og Anne Gjertsdotter Holsen. Bonde på Holsen frå 1882. Var med i Førde heradsstyre frå 1887 til 1910, forlikskomissær m.m. Var president i Lagtinget 1905-1906, medlem av spesialnemnda [Specialkomiteen] i 1905 og av kroningsdeputasjonen 1906. Døydde 22. juni 1921. Var gift med Anne Holsen, dotter åt bonde Søren Andreasson Holsen og Helga Rasmusdotter Hustetuft.

Representerte Høgre. Var første representant frå Nordre Bergenhus amt 1889-1891, femte 1892-1894, tredje 1895-1897, og andre 1903-1906. Representant frå Sunnfjord krins 1906-1909 og 1910-1912. Fråbad seg val i 1912."

Fylte 50 år i 1905
Då Holsen fylte 50 år i 1905, hadde den konservative avisa Nordfjord omtale og fotografi (det var sjeldan i avisene på den tida). Etter nokre personalia står:

"Han valgtes til stortingsmand første gang i 1889 som moderat, men sluttede sig noget efter til det konservative parti. (..) Han er en udmerket repræsentant for vort amts jordbrugsinteresser.
Han er nøgtern og forsigtig, prøver alt nøie, før han giver det sin stemme, forsvarer sit standpunkt seigt og trofast.

Holsen har været blandt de første til å kræve aktion i konsulatsagen som svar paa de svenske løftebrud. Han er ingen eventyrpolitiker, men tager paa anden side frygtløst standpunkt til konsekvenser, som er uundgaaelige.
Som taler er han lun, slagfærdig og kortfattet. I unionspolitikken har han vist sig baade langmodig og meget bestemt."

"skifte leten"
Avisa Nordfjord viste til at Holsen i 1889 vart vald inn på Stortinget som "moderat", og at han seinare gjekk over til "det konservative parti." Det "moderate" partiet vart skipa etter kløyvinga av Venstre i 1888.
Bygdediktar Andreas Korsvoll er inne på dette partiskiftet i diktet "Tvo stortingsmenn". Det 4. og 5. verset er slik:

Han Gjert i Bakka han vart vi-gjeten.
Vart vald av vinstre men skifte leten
På tinget stod han blant høyres tal
Den staute bonden frå Holsadal.

I høgreflokken der vart han æra
Han president i lagting fekk vera
Og at han kom seg so mykje fram
Det vart for Holsa slet ingi skam.

Lagtingspresident
Lagting var i gamalnorsk rett eit sendemannsting for eit heilt lagdøme, som Gulatinget o.fl. I Grunnova frå 1814 vart den eine delen av Stortinget i lovsaker kalla Lagtinget.
Lagtinget er samansett av ¼ av stortingsrepresentantane. Lagtinget handsamar lovsaker minst tre dagar etter at Odelstinget har handsama dei.

Gjert Holsen vart valt til lagtingspresident 3. april 1905, men grunna sjukdom var han ikkje med under handsaminga av konsulatsaka 23. mai og i møtet i Stortinget 7. juni 1905. Anfin Refsdal frå Vik møtte som varamann under sjukefråveret 12. mai - 14. juni.

Grunngav røystinga for Karlstad-semja
Mange meinte Norge var altfor ettergjevande under Karlstad-forhandlingane om unionsoppløysinga, og at stortingsmennene burde ha røysta nei til semja forhandlarane kom fram til.
Alle representantane frå Sogn og Fjordane røysta for, noko nokre få i fylket kritiserte dei for. Holsen svara med ei grunngjeving for at han røysta som han gjorde. Norge hadde vunne mykje meir enn landet hadde "tapt" (nedlegging av grensefestningane).

I avisa Sogningen står i eit stykke 25.10.:
"Eders Smerte [over nedlegging av grensefestningane] deles af alle Representanter [frå Sogn og Fjordane] Men Smerten maa ikke være afgjørende - hele Situationen maa veies. Er vi ydmyget, naar hele Verden anerkjender os og roser vore Statsmænd og vort Folk? Skal vi sætte alt paa Spidsen, tabe Europas Symphathi og risikere alt, vor Frihed, Velfærd og alt, vi har vundet i 90 Aar, for at skaane os selv for en øieblikkelig Smerte?"

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens opløsning. Kristiania 1906.
Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1914. Fjordenes Blad. 09.08.1905
Sogningen. 25.10.1905.
G.M. Holsen og fridomsstriden i 1905. Jol i Sunnfjord, 1955.
Bull, Edvard Hagerup: Gjert Holsen. I Profiler av noen samtidige.

PERMANENT IDENTIFIKATOR