Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. januar 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Island - Presidentbesøk i Rivedal i 1955



I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om presidentbesøket i 1955.

Rivedal med utsyn vestover mot Neigarden og Berget, båtstoppestaden.

Rivedal med utsyn vestover mot Neigarden og Berget, båtstoppestaden.

Eigar: Petra Ask

Fotograf: Ukjend

Offisielt besøk

Island oppnådde fullt sjølvstende ved vedtak i Alltinget 13. mars 1944. Den nye republikken vart proklamert 17. juni same året. Det var fødselsdagen til fridomsmannen Jon Sigurdsson (1811-1879). Den første presidenten heitte Sveinn Bjørnsson. Han vart avløyst av Asgeir Asgeirsson i 1952.

Sommaren 1955 var det islandske presidentparet, Asgeir Asgeirsson og kona Dora Torhallsdottir, på offisielt besøk i Noreg. Dei kom til Oslo med MS Gullfoss og fekk kongeleg mottaking med stort program i hovudstaden og næraste omland. Etter besøk på Eidsvoll drog presidentparet på "privat" reise til Trøndelag, derifrå gjennom Møre og Romsdal og sørover på Vestlandet til Stavanger der dei tok farvel og reiste heimatt til Island med fly.

Seinare på året kom det ut ei bok om Noregsbesøket, skriven av Arni Olav. Boka, på kring 150 sider, er skriven i dagbokform og rikt illustrert. Eitt uttrykk går att: "Gott ad vera islending i Noreg i dag".

Ein dag i Dalsfjorden

Basert på ei oversetjing av denne boka skreiv Firda Folkeblad i 1961 om det islandske presidentbesøket i 1955. Det var eit apropos til avdukinga av Arnarson-monumentet hausten 1961:

"Den 4. juni [1955] tok dei ut frå Loen. Det skulle fara om ættestaden til landnámsmannen Ingolf Arnarson i Fjaler [no i Askvoll kommune]. Sume heldt det for å vera den merkelegaste staden på (..) ferda. Det var 270 km den dagen (fram til Balestrand) og lite tid om ein skulle sjå Dalsfjorden skikkeleg. Han [forfattaren av boka] nemner Innvik, Utvik, Egge, Våtedalen, Klakegg, Moskog, Storhaug og Eidsvik i botn av Dalsfjorden. (..) På Skei var ordførarane i fylket samla. Dei helsa presidentparet, og fylkesmann Schei slo seg med, til Dalsfjorden og til Sogn (..).

Ved fjordbotn (..) Bygstad (..) steig me på ei ferje som heiter Atløy og siglde ut Dalsfjorden. Han er trong fyrst, men vidkar seg ut straks me kjem til Dale. Med oss var lærar [Ragnvald] Fagerheim som er den allermest kunnige om soga til heradet.(..).

Så vart det siglt fram, ut mot Rivedal. (..) Garden Rivedal ligg på ei høgd fram mot sjøen, og der er [ein] stor bø. Ovanfor er skogåsar og nes fram mot sjøen i vest, og attanfor er høge fjell, og sjølve Rivedalen ligg mellom dei. Der renn [ei] elv mot sjøen, og bøen hallar mot den og mot øyra som har laga seg ved osen. Midt på bøen står bautasteinen [ein eldgamal bautastein som etter folketradisjonen skal ha vorte reist av Ingolf Arnarson då han utvandra til Island.] (Så langt Firda Folkeblad).

Henning Rivedal om presidentbesøket

Henning Rivedal, fødd 1944 i Rivedal og oppvoksen der, var heime då presidentbåten MS Atløy kom til Rivedal, tysdag 3. juni 1955. Bygda hadde førebudd seg godt på å helsa presidentparet frå land - derimot ikkje på at presidenten skulle koma i land for å helsa på dei. Det synte seg at dei meistra den uventa hendinga godt. Henning har fortalt om det uventa besøket i boka Dalsfjorden (1999).

"Då ferja seig forbi der bygdefolket stod, stemde dei i med Millom bakkar og berg, og deretter den islandske nasjonalsongen [på islandsk!]. President Asgeir Asgeirsson, kjend som ein mann med sterke kjensler, braut med all etikette og gav ordre om at han ville i land, stikk i strid med planane til fylkesmann Schei.

Folk i land såg at noko var i gjære. Småbåtane la seg inntil Atløy, og presidenten steig ned i snekka til Hans Enstad, knivfabrikkarbeidar i Rivedal. Dei to småjentene Solveig og Dagmar Rivedal som budde på Berget der kaia var, fekk i hui og hast på seg kvar si bunad. Mor deira treiv ei blomsterpotte med ein fin blomst som stod i vindaugskarmen i stova.

Då presidenten steig i land, gjalla hurraropa, og småjentene gjekk fram og gav blomen til presidenten som vart svært rørd. Den fine potteblomen som berre kort tid tidlegare hadde levt eit uskuldig tilvære i glaskarmen til Ida og Sigurd Rivedal, hadde vorte den islandske presidenten si eige.

Så gjekk følgjet til bautaen, og der heldt Ola Sørebø [lærar i bygda] på strak arm, ein sterk tale om det norsk-islandske hopehavet. Presidenten svarde med å love at han skulle komme att og reise ei støtte av Ingolfr.

Islendingane gret og fylte sølvøskjer med jord. Presidenten forsvann saman med skysskaren Hans Enstad heim til han og drakk kaffi der, medan fylkesmann og ordførar stod rådville att og hadde fått øydelagt heile opplegget sitt. Til slutt kunne følgjet atter samle seg og dra vidare. Men før dei drog lova Asgeir Asgeirsson at han skulle planta potteplanten i hagen sin på Island og den norske molda skulle ligge omkring." (Så langt Henning Rivedal.)

Ved Kleppeneset

Kleppeneset ligg eit stykke lenger ute i fjorden, mellom Rivedal og Holmedal. Her óg står det ein gamal bautastein. Somme vil ha det til at han vart reist av Hjørleif Rodmarsson, fostbroren til Ingolf Arnarson, som utvandra til Island i lag med Ingolf.

Om besøket her på Kleppeneset fortel Firda Folkeblad etter den islandske boka om presidentbesøket i Noreg i 1955:

"Ved Kleppeneset er [eit] berg ved sjøen og ein god vor [bryggje], men skip kan ikkje leggja til der. Der er ein skogås ovanfor og nokre gardar under han. På ein pall på den garden som er nærast sjøen, hadde mykje folk samlast, med fire store norske flagg, og framfor seg på bøen hadde dei spent ut eit måla islandsk flagg mellom to staurar. Ut mot skipet kom nokre båtar, mellom dei motorbåtar, fulle av folk, og der var ei småjente med ein stor blomekrans til presidentfrua.

Presidenten gjekk då på land, ville helsa på alt folket som gav så hjarteleg mottaking. Det vekte stor glede mellom folket, av di det ikkje hadde vore skipa til å stiga på land der. Og presidentparet trega heller ikkje på å ha kome dit. Såleis var møtet med ættarstaden til Ingolf og Hjørleif." (Så langt Firda Folkeblad)

kjelder:

Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. 1998.
Firda Folkeblad. 12.09.1961.
Falch, Emmy: Dagboknoteringar. Kopi.