Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

1905 - datoliste



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne datolista omfattar unionspolitiske hendingar i året 1905.

Stortinget 7. juni 1905.

Stortinget 7. juni 1905.

Eigar: I Unionens Opløsning 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend amatørfotograf.

Månadsskiftet november/desember 1904
Krise i forhandlingane mellom Norge og Sverige om å skipa eigne konsulatstell for kvart land. Den svenske statsministeren Erik Bostrøm la fram svenske vilkår som var uakseptable for Norge.

Forhandlingane gjekk i stå. "Loddet er kastet", skreiv stortingsmann og skuledirektør Karl Aas i Dagbladet 7. januar 1905. "Det fælles maal vil nu ingen undgaa at se. Det er, og det kan kun være et: Unionens opløsning. Med Norges politiske vanmagt maa det nu ha en ende."
Skuledirektøren fekk rett, og ting skjedde snøggare enn han og andre hadde tenkt seg. Fem månader seinare var "unionens opløsning" eit faktum.

Februar 1905
07.02.: Endeleg brot i forhandlingane mellom Norge og Sverige om oppretting av særskilde konsulatvesen for kvart land. Kong Oscar stod på Sverige sitt standpunkt.
08.02.: Kronprins Gustav overtok regentskapet.
18.02.: Stortinget valde ein breitt samansett komite - Specialkomiteen - som skulle ta stilling til situasjonen landet var kome i.

Mars 1905
01.03.: Regjeringa Hagerup søkte avskjed.
06.03.: Specialkomiteen kunngjorde at komiteen i sitt vidare arbeid ville gå inn for "ved lov å oppretta eige norsk konsulatstell i inneverande stortingsperiode." Lova skulle iverksetjast 1. april 1906, og frå same dato skulle det felles konsulatstellet seiast opp.
11.03.: Regjeringa Michelsen vart utnemnd.
15.03.: Den nye regjeringa sitt program: Gjennomføra Norges rett etter grunnlova til norsk konsulatvesen i inneverande stortingsperiode.

April 1905
05.04.: Oppmoding frå kronprinsregenten om å ta opp att nye forhandlingar om særskilde konsulatstell for kvart land under felles utanriksminister - og no: norsk eller svensk.
13.04.: Statsminister Bostrøm gjekk av.
17.04.: Svar frå den norske regjeringa: Forhandlingar om "unionelle forhold" kan ikkje koma på tale før norsk konsulatstell er gjennomført. 25.04.: Samansett statsråd på Stockholm slott: Ikkje grunnlag for nye forhandlingar.

Mai 1905
10.05.: Innstilling frå Specialkomiteen til Lov om norsk konsulatvesen.
18.05.: Innstilling til Lov om norsk konsulatvesen samrøystes vedteke av Odelstinget. 23.05.: Lovframlegget samrøystes vedteke i Lagtinget.
27.05.: Kongen nekta sanksjon. Den norske regjeringa søkte avskjed. Kongen avviste avskjedssøknaden. Statsrådsavdelinga heldt fast på avskjedssøknaden. Siste statsråd på Stockholm slott med norske representantar.

7. juni 1905
07.06.: Møte i Stortinget. Regjeringa Michelsen sa frå om at regjeringa ville gå av. Regjeringa vart oppmoda om å halda fram. Samrøystes vedtak i Stortinget som innebar oppløysing av unionen. Vedtaket har denne ordlyden:

"Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder,
da Hans majestæt kongen har erklæret sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstitutionelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed, bemyndiger stortinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som Den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved,
at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af,
at kongen har ophørt at fungere som norsk konge".

07.06.: Kunngjeringa Stortingets kundgjørelse til det norske folk af 7. juni vart utsendt. Kunngjeringa vart prenta i alle aviser og lesen i mange kyrkjer 1. pinsedag, 11. juni.

Etter 7. juni 1905
09.06.: Nytt orlogsflagg. Det unionsmerka flagget vart bytta ut med eit reint norsk. Flaggskiftet føregjekk på alle festningane og marinefartya 9. juni kl. 10 om føremiddagen under salutt såvel for det gamle flagget som det nye.
15.06.: Utanriksdepartement vart oppretta. Fyrste norske utanriksminister: Jørgen Løvland. Diplomatane Wedel Jarlsberg og Jakhelin vart tilsette.
19.06.: I ei svaradresse til kong Oscar ba Stortinget kongen, Sveriges riksdag og det svenske folk om å medverka til ei fredeleg gjennomføring av "uniones ophør" for å tryggja venskap og samhald mellom dei to landa.

Juli 1905
28.07.: Det svenske riksdagsvedtaket i unionssaka. Eitt av vilkåra var nyval eller folkerøysting.
29.07.: Samrøystes vedtak i Stortinget om folkeavrøysting, søndag, 13. august.

August 1905
13.08.: Folkeavrøysting. Folket skulle svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Massivt fleirtal for ja: 368 208 ja, 184 nei.
22.08.: Stortingsvedtak om å be dei svenske statsmaktene om å medverka til unionsoppløysinga ved for Sverige sitt vedkomande å oppheva Riksakta.
31.08.: Forhandlingane om unionsoppløysinga byrja i Karlstad.

September 1905
23.09.: Karlstad-forhandlingane vart avslutta.

Oktober 1905
09.10.: Karlstad-traktaten vart vedteken i Stortinget.
13.10.: Karlstad-traktaten vart vedteken av Riksdagen.
26.10.: Karlstad-traktaten, skriven på norsk, svensk og fransk, vart underskriven.
31.10.: Stortingsvedtak om at det skulle haldast folkerøysting om statsforma søndag og måndag, 12. og 13. november.

November 1905
12/13.11.: Folkerøysting, - ja eller nei til å oppmoda prins Carl av Danmark til å la seg velja til konge i Norge. (I røynda ei røysting om statsformene kongedømme og republikk). Stort fleirtal for kongedømme: 257 710 (78,9%) ja, 68 852 (21,1%) nei.
18.11.: Prins Carl av Danmark kåra (vald) til Norges konge. Prins Carl tok namnet Haakon 7.
25.11.: Kong Haakon 7., dronning Maud og kronprins Olav kom til landet.
27.11.: Kongen avla eid i Stortinget:
"Jeg lover og sværger at ville regjere kongeriget Norge i overensstemmelse med dets konstitusjon og love, saasandt hjælpe mig Gud og hans hellige ord!"

Desember 1905
07.12.: Takkegudsteneste i kyrkjene.

Juni 1906
22.06., fredag: Kongen vart krona og salva i Nidarosdomen.

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens Opløsning 1905. Kristiania 1906.