Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sygna Ullvarefabrikk



Sygna Ullvarefabrikk AL vart skipa i 1913, og låg ved Henjaelva i Leikanger. Produkta var i hovudsak ullgarn, ullteppe og seinare bomullstøy. Bedrifta gjekk konkurs i 1972 og verksemda på staden vart endeleg nedlagt i 1982.

Fabrikkbygningen til Sygna ullvare kort tid før bygget brann ned i 2000.

Fabrikkbygningen til Sygna ullvare kort tid før bygget brann ned i 2000.

Eigar: Kjell Røysum. Leikanger.

Datering: 2000.

Fotograf: Kjell Røysum, Leikanger.

Småindustri ved Henjaelva i Leikanger

Det hadde vore industriverksemd ved Henjaelva i over 20 år før Sygna Ullvare vart skipa i 1913. Fargaren Mathias Larsen kom frå Guddalen i Fjaler i 1880-åra og dreiv dampfargeri i Leikanger. Han utvida verksemda etter kvart og starta opp Leikanger Uldspinderi i 1911. Men Larsen vart alvorleg skada i handa året etter, og døydde same år.

Aksjelag vert skipa

Sygna Ullvarefabrikk A/L vart skipa, og overtok bygningar og inventar frå Mathias Larsen sine etterkomarar. Industrimannen Arne Johannessen i Strusshamn (Askøy) sat med aksjemajoriteten. Elles var det første styret samansett av: Einar Langberg (styreleiar), A. Knudsen og Hans Flesche. Første disponent var Paul Myklebust.

Produksjonen ved fabrikken

Produksjonen ved Sygna varierte noko opp gjennom åra, men produkta var i hovudsak ullgarn, ullteppe og andre ullvarer. Dessutan leverte fabrikken ulike tøysortar, dress-stoff, kjole- og kåpestoff. Råstoffet var frå først av shoddy (dvs. ullfiller som vart rivne opp til spinnemateriale) og råull levert frå bøndene i bygdene omkring.

Sygna leverte både til detaljistleddet og til konfeksjonsindustrien. I periodar vart det òg eksportert til m.a. Sverige og Danmark.

Vekslande konjunkturar før 1940

Etter nokre innkøyringsproblem i 1913 og 1914, kom produksjonen i gang. Under første verdskrigen steig prisane på tekstilar kraftig, og verksemda vart svært lønsam nokre år. I 1917 vart overskotet 28 000 kr, noko som tilsvarte 55 % av eigenkapitalen. Men i det heile er mellomkrigstida prega av svært vekslande konjunkturar. I periodar, særleg i 1930-åra, måtte ein permittere og stanse produksjonen i periodar.

Sesongvariasjonar

Eit anna særtrekk ved verksemda var dei store sesongvariasjonane. Om våren og sommaren vart det liten etterspurnad i marknaden etter tekstil, særleg ull. Etterspurnaden auka utover hausten, og nådde ofte ein topp i november, desember og januar. I desse periodane kunne det være 20 - 25 arbeidarar ved fabrikken, men så kom sommaren att, og då kunne alle verta permitterte.

Etterkrigstid - stabilitet og produksjonsvekst

1940- og 1950-talet var gode år for fabrikken ved Henjaelva. Bedrifta hadde god avsetnad for sine produkt, sjølv om sesongvariasjonane no òg var store. Sygna hadde mellom 20 og 35 sysselsette i denne perioden.

I 1963 overtok Norsk Kamgarnindustri i Oslo aksjemajoriteten i Sygna. Frå midten av 1960-talet begynte problema å tårne seg opp. Marknaden svikta.

På veg mot stupet

I 1964 gjekk dei nye eigarane til stor oppgradering av maskinparken, noko som førte med seg ein stor produksjonsauke. Fabrikken byrja å produsere kamgarn, og selde strikkegarn gjennom Norsk kamgarninddustri AS i Oslo. 30 % av garnet vart eksport til Finland, Danmark, Holland og Tyskland.

Men satsinga kosta. Høg lånegjeld og prisfall på tekstilmarknaden pga. auka utenlandsk konkurranse, gjorde at bedrifta på slutten av 1960-talet gjekk med årvisse underskot.

Konkurs og nedlegging

I 1972 var det slutt. Då vart bedrifta slått konkurs. Men disponenten sidan 1949, Anders Sunde, kjøpte maskinene og dreiv produksjonen vidare for eigen rekning ein periode. Noko seinare fekk han Sandnes Kamgarn Spinneri AS til å overta bygningane og inventaret. Fabrikken vart no heitande Sandnes Kamgarn Spinneri Avdeling Sygna.

10 år seinare var det slutt. I 1982 brann fabrikken til morselskapet ned til grunnen på Sandnes, og maskinene vart flytte dit.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Menes, Ivar: Frå "bondegods" til kamgarn. I: Systrendingen, nr 1.1994. Leikanger.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, privatarkiv: SFF-87035 Sygna Ullvarefabrikk
Risnes, Trude: Sygna, Silden og Saften. Om småindustrien og arbeidarrørsla på Leikanger i mellomkrigstida. Semensteroppgåve, Lokalhistorie HiSF, 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR