Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kannesteinen - ein særmerkt steinformasjon



Kannesteinen er ein særmerkt steinformasjon ved Kvalheimsvika på Vågsøy. Steinen som er av omdanna eklogitt står ved garden Nord-Oppedal og er ein av dei største turistattraksjonane i Vågsøy.

Kannesteinen står i fjøra ved Kvalheimsvika, ikkje langt frå garden Nord-Oppedal.

Kannesteinen står i fjøra ved Kvalheimsvika, ikkje langt frå garden Nord-Oppedal.

Eigar: Fylkesgeologen.

Datering: 1999.

Fotograf: Ukjend.

Forma av bølgjene

I tusenvis av år har bølgjene slege inn mot norskekysten og danna mange særmerkte formasjonar. Ein av dei mest kjende av desse er Kannesteinen i Vågsøy. Nokre vil seia at han har fått form som eit staup med grann fot. Andre seier han liknar ein sopp. Folk i området har kalla steinen Kannestolen og er lite nøgde med at han no har fått nytt namn. Dei tykkjer det gamle namnet var meir meiningsfylt då steinen liknar på ein stol med eitt bein.

Kvalheimsvika ligg heilt vest på Vågsøy med storhavet like utanfor. Her står vestavêret rett inn og lagar kraftige bølgjer. Ein del bergartar let seg forma av desse bølgjene. I dette området av Nordfjord er det mykje eklogitt. Kannesteinen inneheld for det meste denne bergarten. Han er 3 meter høg på sjøsida og den vidaste omkrinsen er 10,4 meter, medan han på det smalaste har ein omkrins på 6,3 meter.

Eklogitt

Fjellgrunnen i Selje og Vågsøy er for det meste grå banddregen eller stripet gneis, den vanlegaste bergarten på Vestlandet. Men i gneisen finn ein eklogitt som klumpar eller linser. Det er raude eller grøne mineral i slirer eller band eller i jamn blanding. Eklogitt er ofte svært vakker og kan nyttast som prydstein, men er vanskeleg å bryta og står i lengda ikkje mot vêr og vind. Eklogitt er mest dobbelt så tung som gneis og vart i eldre tider ofte nytta som ballast i båtar. På overflata har eklogitten eit raudbrunt preg som gjer at mange stadnamn i område med mykje eklogitt har namn som byrjar på raud.

Turistattraksjon

Med bil tek det om lag eit kvarter å køyra frå Måløy til Kannesteinen. Mange turistar vel å ta denne turen. Kannesteinen vert nytta i mange turistbrosjyrar frå Vågsøy og Nordfjord. Han er etter kvart det mest fotograferte objektet i Vågsøy kommune. Steinen står heilt nede ved sjøkanten og ved flo sjø går havet rundt steinen. Ved fjøre sjø kan ein koma seg tørrskodd oppå. Det er mange som klatrar opp på han for å verta fotograferte sitjande oppe på steinen. Men ikkje alle torer, for ein av måtane å koma seg opp på steinen er å hoppa frå svaberget ved sida av.

Kannesteinen er registrert som freda område etter norsk lov. Han skal stå i eige miljø, vert det slege fast. Men han står ikkje så støtt, det skal ikkje meir enn ei gravemaskin til for å velta han. Nokre seier at steinen står trygt og at han ikkje vil gå tapt av naturlege årsaker. Men kva som vil skje med steinen i framtida er eit stort spørsmål. Skal ein gjera noko for å ta vare på steinen eller skal ein lata naturen gå sin gang? Kan ein risikera at han om nokre år veltar og forsvinn i havet?

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Oslo 1957.
Myre, Ragnar: Velkommen til Vågsøy og Kannesteinen.
Geomuseet i Oslo: Eklogitt.
Russenes, Bjørn Falck: Munnleg informasjon.
Vågsøy kommune: Oppmåling av steinen.
Berg, Olav: Notat om Kannestolen. Brev frå Vågsøy kulturvernnemnd.

PERMANENT IDENTIFIKATOR