Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. februar 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bedehuset Betania i Fjærland



Den 18. desember 1913 var 45 personar samla på det nybygde «Indre Fjærlands bedehus». Fire saker stod på saklista: å gje lover for bedehuset, å velja det første styret, å gje huset namn og punkt fire: innviingsfesten. Dette går fram på dei første sidene i møteboka for «Bedehuset Betania». Den siste innførsla i same boka er datert nær hundre år etter, styremøte 13. september 2012. Sak 2: «Bedehuset vert 100 år i 1913 og me vil ha ei markering av dette.»

<p>Bedehuset Betania ligg p&aring; garden B&oslash;yum, tett attmed bygdevegen. Huset stod ferdig i 1913.</p>

Bedehuset Betania ligg på garden Bøyum, tett attmed bygdevegen. Huset stod ferdig i 1913.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Ute

Bedehuset i Fjærland står på garden Bøyum, på vestsida av bygdevegen. Det er eit ein-etasjes hus med inngang på endeveggen mot vegen. Huset har eit lite utbygg på nordsida. Langveggen mot sør har fem vindauge og endeveggen mot aust to vindauge oppe. Dei to andre veggene er utan vindauge.
 

Inne

Bedehuset er utstyrt med lause bord og stolar av nyare dato. Bygningen var opphaveleg innreidd med storesal, vetlesal, galleri og kjøken. Storsalen er utstyrt med lause bord og stolar av nyare dato. Talarstolen er den same som då huset vart teke i bruk. Kjøkenet er utstyrt for matlaging og servering for fullsett hus. Frå gangen går det tropp opp til galleriet.

I 1962 kom spørsmålet opp om å modernisera huset, og i 1970 vart det utarbeidd konkrete planar som innebar utviding. Vegvesenet sa nei til å byggja på. Huset stod for tett i vegen. I 1973 vart det ordna med ominnreiing. Vetlesalen vart teken i bruk som kjøken og det opphavlege kjøkenet i utbygget, vart ombygd til sanitæranlegg.

På veggene

Framme i bedehuset er veggen utsmykka med ein enkel kross over eit vevd teppe, eit smettevev-arbeid. Teppet var ei gåve frå Turid A. Bøyum i 1973. På langveggen heng to bilete i glas og ramme, begge typiske bedehus-uttrykk; eit portrett av Hans Nielsen Hauge, lekmannsrørsla sin far, og eit brodert bibelord, «Gud er trufast». I tillegg har Fjærland fråhaldslag (nedlagt lokallag av DNT) på ein måte sikra seg fast plass i bedehuset ved ei særs vakker lagsfane på veggen og fleire gjenstandar i eit særskilt tillaga skåp.

Tidlegare hang det eit stort maleri på veggen framme. Det blei teke ned, men seinare etterlyst. I 1999 kom det søknad vedlagt underskriftsliste om å få maleriet tilbake. Styret vedtok å sjå på kva stand maleriet var i før det vart gjort vedtak. Det står ingen ting i møteboka om kva som skjedde seinare.

«skal samstava med Guds Ord»

Paragraf 1: «Indre Fjærlands bedehus er oppbygt av frie gåver for det meste gjevne av folket i indre Fjærland krins, som difor eig huset. Tufta er ei gåve av Ivar S. Bøyum etter skriven kontrakt.

Paragraf 2: Huset skal vera eit møtehus, som skal brukast til oppbyggjingsmøte i indre og ytre misjons-arbeid; og bruken av det skal samsvara med Guds ord og den evangelisk-lutherske truvedkjenning. (Merknad: indremisjonsabeid – verksemd i Noreg, ytremisjonsarbeid - verksemd i andre land, først og fremst i Afrika og Asia.)

Paragraf 3: Kjem det ikkje i vegen for bruken av huset etter paragraf 2, kan det også brukast til å fremja det som er godt og gagnlegt for bygda, og som ikkje strider mot Guds ord og kristeleg moral.

Paragraf 4: Dei som held oppbyggjingsmøte i huset må anten vera kjende, eller ha godt skussmål frå kjende pålitande folk.

Paragraf 5: Til styre for huset skal det av og mellom dei røysteføre veljast 5 menn eller kvinner. Dei vert valde på 2 år og dei går ut 3 eller 2 kvart år fyrste gongen ved loddtrekking, 2 varamenn kvart år. Styret vel seg i mellom formann, varaformann og kassastyrar.

Paragraf 6: Dette styret har til oppgåve a) å passa på at huset vert brukt i samsvar med lovene, b) syta for branntrygding, vedlikehald av alt som kjem huset ved, halda reint og varma opp når det trengst, m.m.

Paragraf. 7: Røysteføre er alle over 21 år som har gjeve gåver til huset, og som seinare støttar det med eit årleg tilskot av 25 øre. Dei som ikkje har vore med og bygt opp huset, får røysterett når dei i 3 år betaler årspengar med 25 øre året til huset og er fastbuande i Fjærland.

Paragraf 8: Ved kvart nyår skal styret syta for at det vert halde eit årsmøte som vert gjort godt kjent på førehand. Formannen skal føra bok over bruken av huset og leggja henne fram på årsmøtet. På årsmøtet skal og rekneskapen leggjast fram og då skal det vera val på styret.

Paragraf 9: Brigde i desse reglane kan gjerast på årsmøte når 2/3 av dei røysteføre vert samde om det. Framlegg til eit slikt brygde lyt sendast til styret 3 månader på førehand. Brigde må ikkje koma i strid med den ånd og tanke som er ordlagd i paragraf 2, den paragrafen kan ikkje brigdast.

Eigarskap

Paragraf 1 og 7 fastset kven som eigde bedehuset då det var nytt; folk «i indre Fjærland krins» som hadde gitt gåver og som seinare betalte årspengar. Dette eigarforholdet har vore det same med ei endring i 1971 då avgrensinga «indre Fjærland» utvida til heile Fjærland. Årskontingenten stod uendra på 25 øre til 1950 då den vart auka til 50 øre, seinare auka til kr. 5.- Eigarforholdet i Fjærland er annleis enn ved mange andre bedehus der ei foreining eller ein organisasjon står som eigar.

Styring og leiarskap

I alle år har bedehuset blitt styrt etter vanleg demokratisk organisasjonsmodell, med generalforsamling og styre, årsmøte og styremøte. Det første styret var samansett av Ola A. Bøyum (formann) , «Ole Vaadevik» (varaformann), «Hans Skjeide», Johannes H. Bøyum og Ivar Skarstad. Varamenn var: Anders Aa Bøium Ivar S. Bøyum. Heilt frå starten kunne kvinner veljast inn i styret, og i 1935 vart Randi J. Bøyum første kvinne i bedehusstyret. Ho hadde i mange år oppdraget å vera kasserar, og var med i styret i 21 år, til 1956.

Fleire har hatt tillitsverv i lang tid. Anders Supphellen vart første gong vald inn i styret i 1944, og takka for seg etter 52 år, mange år som formann. i På styremøte 28. mars 1996 vart det vedteke å kjøpa ein blomsteroppsats til Anders Supphellen som påskjønning for lang arbeidstid i styret. «Med sine 88 år kan Anders Supphellen sjå tilbake på eit aktivt liv både for bedehuset, Kyrkja og det kristelege lagslivet i bygda. Kor mykje arbeid han har gjort frivilleg på desse felta i sit lange liv veit korkje han eller andre om det kal reknast i år og dagar,» står det i ein avisomtale.

Bruk av huset

Då huset var nytt, fastsette paragraf 1 at huset skulle nyttast som «møtehus» for «oppbyggjingsmøte». All bruk skulle «samsvara med Guds Ord og den evangelisk- lutherske truvedkjenning».Det var styret si oppgåve å føra tilsyn med dette, passa på at alt gjekk føre seg i samsvar med lovene. Huset kunne også brukast til andre føremål, til slikt som var «godt og gagnleg for bygda», men samstundes ikkje var i strid med «Guds ord og kristeleg moral.» Det vesle som finst av bedehus-arkiv, seier noko om korleis huset har vore brukt gjennom 100 år; kven som har vore brukarar og kva slags tilskipingar. Her tek vi med noko frå den første tida.

I fleire år frå 1914 var Fjærland kristelege ungdomslag, skipa 1908, fast brukar av bedehuset. Søknaden deira i desember 1913 om å få bruka huset, vart innvilga mot at laget heldt seg med eigen ved, eige lys (elektrisk lys vart innlagt i 1915) og at laget gjorde reint etter seg.

Elles høyrer vi i 1914 om «møte», «bønnemøte» og fest for born. Dessutan får me namn på organisasjonar og tilreisande: «Emisær Anders Venes», «Luddvik Hope», o. fl., «frelsesarmeen», «finnemisjonen» og hedningemissionen». Det er også notert notert ei tilskiping av ikkje-kristeleg karakter: «Lanbruksforedrag:»

Seinare finn me notert: basarar, juletrefestar, tilskipingar 17.mai, morsfestar, søndagsskule, offerveker og bibeltimar. Kinamisjonen (Norsk Luthersk Misjonssamband), Santalmisjonen og Indremisjonen (Normisjon), Det norske misjonsselskap, Omstreifarmisjonen og Den vestlandske Indremisjonen.

Vidare treffer me på kjende tilreisande, ofte titulerte som emissærar: Matias Orheim (1917, den vidgjetne «den blinde sjåaren» frå Stårheim, som spelte på glas), Ola Næsse (1917), Jens Vangsnes (1920), «Bjørknes» (1923, Wilhelm B., også kjend som målar av mange bilete i bedehus og kyrkjer). «Hestebeit» (1934, bonde, lokalpolitikar og emissær frå Gaular) og «Falkgjerde» (1934, frå Hafslo). Men ikkje berre menn: «frøken Pedersen» for santalmisjonen (1920), «Frøken Flatset for avhaldssaki» (1915), Malla Moe (1921, i si tid den godt kjende norsk-amerikanske misjonærkvinna i noverande Swaziland) og «emissærkvinde frøken Arnestad» (1956, santalmisjonen). Me legg også merke til eit litt meir uvanleg innslag i 1927, «Engels Doktor». Det vitnar om ei bygd med stor kontaktflate med utlandet, først og fremst ved stor turistferdsle.

Inntekter og utgifter

«Forretningsprotokol for Betania», bedehuset si rekneskapsbok i åra 1913-1954, seier noko om bedehuset sin økonomi i form av kroner og øre, om korleis bedehuset skaffa inntekter og kva pengane blei brukt til. I grove trekk kom inntektene frå årspengar, gåver (t.d. innsamling til koppar 1938), leige, prosentandel av inntekter somme brukarar hadde, overskot av ymse festar og eigne basarar til inntekt for huset, i 1974 vart det skipa til marknad. Utgiftene kan samlast i to store utgiftspostar; byggjekostnader i 1913 og moderniseringa i 1972, og elles i postane utgifter til mindre tiltak, (t.d. omvøle på lemmen, galleriet 1928, ny omn i Storesalen 1950) og vanlege driftskostnader; ved, elektrisk straum, reinhald, m.m.

Frå byggjerekneskapet

 Rekneskapen inneheld oversyn over indkomne gaver». Folk ytte etter evne, frå 5 kroner og opp til 200 (Kari M. Tufte). Elles kom det inn kr. 73,95 «ved ofring Joledag» (i kyrkja ?) , offer på «indvigelsesfesten» og eit «over skud på festen». Utgiftspostane seier noko om kven som leverte byggjematerialer og kven som stod føre arbeidet. «Heiberg» (Kaupanger), «H.M. Knutsen» (Leikanger), «Rumohr» (Frønningen) og «Skerjehavn trælast» og «Skryder» (Schreuder, Skjerjehamn» leverte mesteparten av trematrialene. Lars J Bøyum, Johan Horpedal og John Bjåstad, står oppførde ved utgiftspostar «for bygning». Samla utgifter på kr. 3042,62 står balansert med lån i «Baletrandsbank», kr. 782, og gjeld til Andres M. Tufte, kr. 50.

Meir om moderniseringa 1972

I oktober 1971 var det klårt at byggjeplanar som inkluderte påbygg ikkje realiserast. Det stod deretter om to alternativ, enten å vøla huset utan tilbygg eller å kjøpa skulehuset på Skarestad. Skulehus-alternativet fall ut etter at ein av grunneigarane ønskte at skulehuset måtte få utvida bruk og eit anna namn. Arbeidet tok til mars 1972 og var ferdig same året. Det «nye» bedehuset vart vigsla på juletrefesten 28. desember av sokneprest Egil Torbjørnsen.

 Instrument

I jubileumsåret 2013 har bedehuset eit lite harmonium bedehuset fekk overta frå tidlegare Skarestad skule. Det erstatta eit tidlegare orgel, også av nyare dato, som då vart flytta opp på galleriet. I 1996 hadde styret føre ei sak om å flytta dette orgelet til busenteret i Mundal. Det vart det ikkje noko av. Bedehuset har også hatt eit tredje orgel. Organisten i kyrkja, Knut Mundal, som også spelar i bedehuset, opplyser at det første orgelet var av dårleg kvalitet, og blei bytta ut då bedehuset fekk ei pengegåve frå amerikanarar til å kjøpa nytt. Ein utgiftspost på kr. 40,- «til orgelet» i rekneskapet 1930, er den eldste tidfestinga på når bedehuset fekk instrument.

«skåp til gamle bøker»

 I 1977 vedtok styret å få laga eit skåp på galleriet til oppbevaring av «gamle bøker». I 2012 låg det tre bøker i skåpet og ni handskrivne protokollar frå Fjærland kristelege ungdomslag skipa 1908 og i aktivitet i alle høve til 1965. Bøkene høyrde til ungdomslaget si utlånsboksamling. Arkivet inneheld møtebok, årsmeldingsbok, kassabok og lagsbladet Heimsyn. Etter som ungdomslaget i stor grad brukte bedehuset, er lagsarkivet både ei kjelde til kunnskap om ungdomslaget og om livet på bedehuset.

kjelder:

Arkiv Bedehuset Betania, Fjærland

PERMANENT IDENTIFIKATOR