Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Frå rideveg til køyreveg - mellom Kaupanger og Sogndal



Kaupanger har vore ein viktig historisk plass i Sogn. Staden står nemnd i sagalitteraturen og har vore marknadsplass, kyrkjestad, tingstad og sete for futar og fylkesmenn. Kontakten med omverda skjedde med båt, men det gjekk og ein veg som knytte Kaupanger og Sogndal saman.

Frå Øvre Amla med utsyn mot Kaupanger hovedgård og kyrkja i bakgrunnen. Biletet er frå 1880 og viser den gamle kjerrevegen, bygd i 1848. Husa står der dei fyrste bygningane på Sogn Folkemuseum kom rundt 1900.

Frå Øvre Amla med utsyn mot Kaupanger hovedgård og kyrkja i bakgrunnen. Biletet er frå 1880 og viser den gamle kjerrevegen, bygd i 1848. Husa står der dei fyrste bygningane på Sogn Folkemuseum kom rundt 1900.

Eigar: Sogndal Sogelag.

Datering: 1938.

Fotograf: Knud Knudsen.

Kong Sverre i Lusakaupang

Det gjekk ein gamlal rideveg frå Loftesnes via Kjørnes til Amla. Det var naturleg å leggja ein veg der, då det var langt raskare enn med båt frå Sogndal. Historiske kjelder nemner vegen i fleire samanhengar. Kaupanger var fleire gonger sentral i striden mellom birkebeinarar og baglarar. Kong Sverre og mennene hans vitja Lusakaupang (ved Amlabukta) ved fleire høve for å sikra seg makt og slå ned motstandarar.

Ein gammal ferdselsveg

Den første ridevegen gjekk gjennom tunet på Kjørnes, vidare gjennom dei fleste gardstuna i Vestrheimsgrenda over Kaupangerskogen til Amla (16 km). Biskop J. Neumann vitja Kaupanger i 1823, og då hestane ikkje kom til avtalt tid, byrja han, prosten Qvale og presten Friis å gå den lange vegen fram til Loftesnessundet. Det var ein lang tur for biskopen som nok var mindre van med å ta seg fram til fots. Biskopen sa etterpå: "Veien gik i lang Tid trættende opad. Siden gik det jævnt henad igjennem en Skov, og endelig bar det nedover en meget lang og steil Bakke til Stranden."

Ein hovudveg?

I 1848 vart vegen ombygd og utbetra til kjerreveg, slik mange av dei andre trafikkerte ridevegane vart, som til dømes vegane gjennom Lærdal, vegen mellom Hafslo og Sogndal opp Gildreskreda, og vegen til Solvorn. Det var eit ønske frå kommunane at desse vegane skulle bli klassifiserte som hovudvegar, men vegkomiteen i fylket hevda at korkje folk frå Luster, Hafslo eller Lærdal vil nytta denne vegen. Dei hevda at det var lettare tilkomst sjøvegen, og dei reisande ville heller ta vegen om Solvorn enn Amla. Dessutan ville det bli for dyrt.

Sogndal-Amla får vederlagspengar

Aukande biltrafikk og eit anna vegmønster endra synet på vegen over Kaupangerskogen. Med ferje frå Kaupanger var det kort veg til Lærdal, og vegnettet i indre Sogn kunne settast i samband med vegen austover. I 1933 søkte Sogndal om å få vegen Kaupanger-Sogndal fremma ved ekstraløyving, noko vegnemnda i fylkestinget var samd i. Anlegget vart då teke med i vederlagsplanen for jernbana i 1936, med den grunngjevinga at vegen ville bli ein viktig del av trafikken over Flåm. Vegen var utanom Vadheim-Sandane, den første av vegane som vart sett opp på vederlagsplanen.

Raskare vegarbeid enn planlagd

Arbeidet på vegen Sogndal-Amla byrja like før jul 1936, og i april 1937 var arbeidsstyrken på rundt 100 mann. Dei var inndelte i fem arbeidslag med 30 mann, tre lag var frå Sogndal, eitt frå Årdal og eitt frå Hafslo. Frå Kjørnes til Hovland vart det lagt ein ny vegtrase. Vegarbeidet på Kaupangerskogen gjekk raskare enn forventa, og i byrjinga av juni 1938 vart den omlag 10 km lange vegen opna for trafikk.

Strid om ferjekai i Amlabukta

Den tidlegare dampskipskaia låg ved Amla. Det var ikkje semje om kor den nye ferjekaien skulle ligga. Det vert hevda at både Knagenhjelm (Kaupanger hovedgård) og Heiberg (ein del av det tidlegare Amlagodset) ville ha ferjekaia på sin eigedom. Resultatet vart eit kompromiss, og ferjekaien vart lagt midt i mellom gardane. Heradsstyret gjekk inn for at bilferjekaia vart i Kaupanger. I 1947 (avlevert i 1951) vart det bygd ny ferjekai, då vegen vart omlagt. Ferjekaia vart då flytta litt austover.

Eit viktig trafikk-knutepunkt

Med den nye vegen, som fekk riksvegstatus i 1941, kunne heile strekninga Skjolden-Leikanger få samband med båt frå Amla til Flåm. Ferjesambandet utvikla seg til å bli det viktigaste og største i heile fylket og var av stor interesse for turistnæringa. Hit kom ferjene frå Lærdal, Gudvangen, Flåm og Årdal. Vegen og ferjesambandet vart óg ein særs viktig lekk i sambandet mellom Sogn og Sunnfjord over Gaularfjellet.

Aukande trafikk

Sommaren 1938 leigde Fylkesbaatane ein motorbåt, Vesle Øyvind, til sambandet Lærdal-Kaupanger, med den kunne berre ta fire bilar og ikkje bussar eller større lastebilar. Likevel frakta båten 995 bilar i løpet av sommarsesongen. Det var meininga ferja skulle gå til 30. november, men sambandet vart halde i gang heile vinteren. I 1938 var biltrafikken i ferd med å sprengja Fylkesbaatane sin ferjekapasitet, og selskapet måtte skaffa to nye bilferjer med større kapasitet.

Slutt med roturane over fjorden

For å komma til Sogndal hadde folk til alle tider vorte rodd over Loftesnessundet. Bru var difor med i vegplanen. Då bilvegen kom, vart det førebels sett inn ei kabelferje med motor. Ferja hadde plass til ein buss eller 4-5 personbilar, og gjekk når det var ein buss eller fleire personbilar som skulle over. Først i 1958 vart Loftesnesbrua bygd og ein kunne køyra ferjefritt mellom Kaupanger og Sogndal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896, Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statisktisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, del II, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919, Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylke 1958.
Sandal, Per: Sogndal Bygdebok bd 1. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800, Sogndal Sogelag 1986.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR