Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle båtfeste i Kvamsøysundet



Langs kysten og inne i fjordane finst det eit eige slag gamle båtfeste. Me finn dei der det frå naturen si side låg godt til rette for mindre seglfartøy å lasta, lossa, søkja naudhamn, leggja seg til for natta eller for å venta på bør. No er dei fleste båtfesta å sjå på som kulturminne, kulturhistoriske spor etter ferdsla i fjorden eller langs leia før motoren kom. I Kvamsøysundet i Balestrand er det minst tre slike båtfeste. I Feios i Vik minst to.

Kvamsøysundet. Det sirkelforma feltet i svart og kvitt "varslar" at her er det eit båtfeste, - her ein fortøyingsring.

Kvamsøysundet. Det sirkelforma feltet i svart og kvitt "varslar" at her er det eit båtfeste, - her ein fortøyingsring.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1995.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kvamsøysundet

Båtfesta var markerte med ei sirkelflata i svart og kvitt. Ved det ytste båtfestet i Kvamsøysundet "treffer" markeringsfeltet ferdafolk som eit auge, såvel i grålysninga som i skyminga. For sjøfarande på 1800-talet og fyrst på 1900-talet var fargefeltet eit optisk varsel om at det her fanst eit offentleg båtfeste, ein ring (som båtfestet vest i Kvamsøysundet) eller som ein solid T-forma bolt. Det er to til lenger inne i sundet, eitt av dei på Nepeholmen. Grunnen til at det var mange båtfeste i Kvamsøysundet er openberr. Her var ei av dei beste hamnene for jekter og andre farty som seglde på Sognefjorden. Her søkte farty og farkostar hamn på veg utover og innover i fjorden.

Offentleg regulering

Heilt frå dei eldste tider har det vore offentleg regulering for ferdsla på sjøen. Lover og føreskrifter har skifta i takt med teknologiske nyvinningar og endringar elles. I 1827 kom det t.d. ei lov angaaende Havne- og Ringvæsenet. Her går det fram at det i fyrste rekkje var grunneigaren som skulle ordna med fortøyningsfeste etter tilvising frå vedkommande styresmakt. Etterpå skulle det utskrivast offisielle dokument på festet, m.a. eit heimelsbrev. I røynda vart eit båtfeste ei såkalla herlighed, eit økonomisk aktivum, knytta til grunnen og grunneigaren. Båtfesta stod der ikkje til fri bruk. 1827-lova har føresegner om godtgjersle for å nytta eit autorisert fortøyningsfeste.

Eigne båtar

Hamnestellet fekk etter kvart eigne båtar som reiste rundt og sytte for vedlikehald og sette ned nye boltar og ringar når det trongst. Alle farty hadde rett til å bruka festa, men berre for kortare tid.

No er det lenge sidan det gamle systemet med offentlege båtfeste på nes og i viker langs kysten vart avlegs og hamnestellet slutta med regelmessig vedlikehald. Somme stader blir boltane og ringane framleis brukt, men ikkje i same omfang og på same måten som før.

Vern

"Tidens tann" tærer på dei gamle båtfesta. Jernet rustar og markeringsflatene kjem bort. Nokre stader prøver folk å halda dei vedlike. Dei friskar opp markeringsflatene med stålbørste og måling, dei pikkar rust og set inn jernet med mønje eller spillolje. Sommaren 1997 var t.d. medlemmene i Ytterøyane 4H i Flora kringom på fleire gamle båtfeste med stålbørste, hammar, mønje og måling. Dei restaurerte mange gamle båtfeste på øyane Kinn, Reksta, Skorpa og Frøykalven. Kystverket tykkjer dette er bra, og har i somme tilfelle halde måling.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lov om hamne- og ringvesenet av 1827.
Firdaposten. 23.6.1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR