Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Guddalsvegen



Folk i Guddalen hadde lang veg til sjøen og til hovudvegnettet i kommunen. Frå 1880 til 1912 vart det bygd veg fram Guddalen til Heggheim. Det var brei semje om at vegen måtte byggjast til Vadheim. Likevel gjekk det over 60 år før sambandet mellom Fjaler og Vadheim vart røyndom. I 1972 fekk Guddalen veg til Vadheim.

Hovlandsvatnet og Hovlandsgardane rundt 1910. Her ser vi vegen som svingar seg oppover mot Guddalen.

Hovlandsvatnet og Hovlandsgardane rundt 1910. Her ser vi vegen som svingar seg oppover mot Guddalen.

Eigar: Ivar Hovlandsdal. SFFf-1996083.0005.

Datering: 1905-1910.

Fotograf: Ukjend.

Aukande politisk semje for vegkrav
I 1876 uttalte vegnemnda i Sogn og Fjordane under handsaminga av statsbudsjettet at: "Beboerne af de mange Dalfører inden Amtet kan ikke længere mangle Adkomst til Sø eller Hovedvei, hvorav deres Fremgang i Udvikling, ja endog deres selvstændige Tilværelse ofte er betinget." Med desse betraktningane kom eit stigande krav frå fylket om statsstøtte til vegar i dalane fram til sjøen og dampskipskaiene. Guddalen var eit av dei dalføra som mangla veg til sjøen. Tidleg på 1800-talet budde det over 400 menneske i Guddalen.

Krav om veg til Guddalen
Alt frå 1850-talet var det spørsmål om å byggja veg til Guddal. I 1855 laga veginspektøren i Sunnfjord eit framlegg til vegline. Seinare vart det utarbeidd fleire vegtraseear mellom Naustsund og Rennestraum. 1876 vart det sagt om Guddalen: "Det er ikke noget Dalføre af saa stor Udstrækng inden Amtet, der er saa uheldig situeret med Hensyntil Adkomst til Søen som dette, da man for at bringe sine Varer til og fra Søen ved Flække, først maa transportere disse 1/4 Mil paa Bygdeveier mellom nævnte Sted og Rennestrøm, og derefter dels bære dem og dels benytte Baadtransport over 5 Vand".

Vedtak om veg
Same året undersøkte vegetaten moglege vegliner på begge sider av Nautsundvatnet og antyda ein 2 m veg frå Rennestraum til Hovlandsdalsvatnet, og ei utbetring av ridevegen som gjekk langs vatnet - og ein køyreveg ovanfor sama vatn. Men vegen vart vedteken bygd på sørsida av Nautsundvatnet med bru over Nautsund.

For lite pengar
I 1879 løyvde fylkesformannskapet 26.000 kroner, og året etter løyvde Stortinget 71.000 kroner til vegpartiet mellom Rennestraum og Engen kyrkje. For desse pengane rokk dei berre å byggja vegen fram til Lassevik, ikkje langt unna Nautsund. I tillegg kom dei igjennom ein del fjellhamrar ved Hovlandsvatnet, og greidde å planera ein rideveg langs vatnet. Vegarbeidet heldt på frå 1882 til 1885. Siste del av den planlagde vegen fram til Engen kyrkje kom ikkje med i vegbudsjettet før i 1890-åra. I åra 1889-1895 vart ridevegen utbetra til Yndestad, og det vart bygd ny veg frå Yndestad til Engen kyrkje i 1894-97. I 1907-1912 bygde dei veg frå Engen kyrkje til Heggheim. Heile strekninga var over to mil.

"Strid strøm og glatte Steene"
Men vegen hadde ikkje særleg god standard, og det ser ikkje ut til at vegen var særleg godt halden vinters tid. På ei reise som distriktslege Dahl i Askvold gjorde i 1905 heiter det: "Paa Thuland maatte baade hest, medicinkiste og reisehyre lades tilbage, sneen blev saa dyb og rokket saa tæt, at hver mand fik nok med sig selv; 2 mand maate skiftes med at braute veien, og vi maatte nøiagtig følge i hinandens spor.

Alle broer var revet væk af flommen, saa dels maatte der hentes stiger, for at vi paa sidde kunde klavre oss over, dels maatte vi klyve i fjeldet langs elvekanten, udsat for med den løse sne at glide ned langs skraaningerne; en af elvene passeredes paa hesteryggen, men det var heller ikke behageligt i den stride strøm og paa glatte stene. Visserlig er ikke min reise omtale værd i sammenligning med, hvad mange læger under haardere naturforhold maa kjæmpe med, men jeg forstaar ikke, hvorfra jeg ved fremkomsten, om der havde foreligget et barseltilfælde eller lignende operativt indgreb, skulde hentet kræfter".

Ein heilt nødvendig veg
I vegplanen som vart utarbeidd same året hevda vegnemnda at Guddalsvegen var høgast prioritert, då den var "ein av dei naudturvelegste vegjer i amtet". Men veg mellom Dale og Osen vart prioritert framfor vegsamband Guddalen-Vadheim. Argumentasjonen var at dei først ville binda saman vegnettet i Hyllestad med vegane i Gaular, Førde og Nordfjord for å få eit større samanhengjande vegnett. Veglina Sørebø-Årøy som ville binda Guddalen saman med Sande i Gaular og Sørebø-Vadheim fekk komma seinare. Det skulle gå mange år før Guddalen fekk samband med Gaular. Planen var ei ny vegline med riksvegstatus til Høgelid og Sygna. I 2005 byrja Gaular kommune å byggja vegen fram til Steinset. Vegen vart opna hausten 2006.

Krav om bilveg og snarleg samband med Vadheim
Den gamle kjerrevegen gjennom Guddalen var ikkje bygd for anna enn hest og kjerre. Alt i vegtrafikkplanen av 1919 kravde Fjaler kommune at Guddalsvegen måtte byggjast om for biltrafikk. I planen låg og det framtidige vegsambandet til Vadheim. Frå Høyangersida var det i 1920-åra veg frå Vadheim til Ullebø, ei strekning på 4,7 km. Striden om kva for veg som skulle komma først; Dale-Osen og Guddal-Vadheim blussa opp att. Det vart hevda at av di det no var bilveg mellom Leirvik og Dale, var det like snart for dei fleste i Guddal å komma seg til Sognefjorden via Leirvik. I 1963 byrja arbeidet med samanbindinga av Guddalen og Vadheim. Vegen var ikkje ferdig før i 1972.

Endeleg vegsamband med Gaular
Det skulle gå mange år før Guddalen fekk samband med Gaular. Planen var ei ny vegline med riksvegstatus til Høgelid og Sygna. I 2005 byrja Gaular kommune å byggja vegen fram til Steinset. Arbeidet var ferdig i oktober 2006. Det nye vegsambandet er kommunalt.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. kristiania 1899.
Nordre BergenhusAmtstings Forhandlinger i Aaret 1907. Bergen 1907.
Skougaard, Joh.: Det norske veivæsens historie med oversigt over Statens Veivæsens virksomhet i tidsrummet1820-1914. Bd II, Kristiania 1914.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 18201940. Oslo 1950.

PERMANENT IDENTIFIKATOR