Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Ytterøyane fyr



Ytterøyane fyr, den største i Sunnfjord, vart bygd i 1881, og har stått av både orkanar og flyåtak. Fyret er eitt av dei få langs kysten som enno ikkje er automatisert.

Ytterøyfyret ligg i eit naturreservat, og her er fyrvaktar Trygve Strømmen på inspeksjon ved Ytterøyane i småbåt ein godvêrsdag. Ytterøyane er ein av dei kring 30 fyrstasjonane som det framleis er folk på her i landet.

Ytterøyfyret ligg i eit naturreservat, og her er fyrvaktar Trygve Strømmen på inspeksjon ved Ytterøyane i småbåt ein godvêrsdag. Ytterøyane er ein av dei kring 30 fyrstasjonane som det framleis er folk på her i landet.

Eigar: Firdaposten / Are Fjellestad.

Datering: Ca. 1997.

Fotograf: Are Fjellestad.

Kyst- og innseglingsfyr

Det runde, raude støypejarnstårnet med kvitt belte er 31 meter høgt. Tårnet står på ein åttekanta betongsokkel, og linsa står nær 50 meter over havflata. Utsikta er frå havranda i vest til Jostedalsbreen i aust, i nord skimtar ein Stadlandet, og i sør ruver Alden, og vidare fjella sørover i Sula.
Ytterøyane er eit kyst- og innseglingsfyr, og karakteren er tre kvite lynblink i minuttet. Fyret sitt opphavelege 1. ordens linseapparat er noko ombygt, men framleis i drift. Den første radiotelefonen, loddkassen og eit lodd som dreiv "urverket" for linserotasjonen, er framleis lagra i tårnet. Maskinhus, fellesbustad og uthus er i betong, og står tett samla ved fyret. Fellesbustaden er så stor at den er utstyrt med fire skorsteinar. På taket er store skiferheller. Silhuetten av det tette, velforma anlegget er synleg lang lei.

Fyrvaktaren naturvernar

Det første ein merkar seg på øyane sommarstid er den fargesprakande blomsterfloraen, og særleg nokre intense veker kring jonsok. Her er rikt fugleliv, og fyret ligg i eit området som er verna som naturreservat etter lov om naturvern. Fyrvaktaren har oppsynsansvar, og tek dertil daglege, meteorologiske målingar.
Den første tida var det berre fyrmeister og "fyrdreng", seinare vart det familiedrift. Tilkomsten er brukbar, men vinterstid i gamle dagar var det viktig å proviantere godt. Med robåt var det ikkje råd å kome seg til og frå i uversbolkar, så fyrfolka kunne vere isolerte lange stunder.

Kulehol i tårnet

Under første verdskrigen kom mannskapet frå ei torpedert skute inn til Ytterøyane og fekk hjelp av fyrfolka der. Under andre verdskrigen overtok Wehrmacht fyrstellet på Ytterøyane. Dei la ut over tusen landminer, sette luftvernkanon på taket av fyrmeisterbustaden, og ein kanon med grovare kaliber like vest for tårnet. Ein eller to gonger skaut dei på britiske fly på retur frå tokt over Florø. Eitt av flya gjorde vendereis og pepra fyret med mitraljøsene sin. Ein tysk soldat var drepen, fleire vart såra, og den store og verdfulle linsa vart delvis knust i kuleregnet. Kulehol er å finne i jerntårnet den dag i dag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora kulturhistorisk vegvisar, s. 278. Førde 1999.
Riksantikvarens rapporter nr. 24: Norske fyr - nasjonal verneplan for fyrstasjoner, s. 95. Oslo 1997.
Seim, Einar: Fyr i Sunnfjord. Udatert, ikkje prenta.

PERMANENT IDENTIFIKATOR