141 bilar første året
Den 2. juli 1932 meldeFjordabladetat ferja Innvik-Faleide var i full sving og at det sidan starten, 24. juni, var frakta bilar over fjorden kvar dag. I byrjinga av august var talet kome opp i over 7
0 bilar, og i september oppsummerte ferjedrifta med i alt 141 bilar og 20 motorsyklar. Dagsrekorden var 16 bilar, søndag 4. september. Stryn ungdomslag hadde vore på tur til Førde.
I påvente av vegen Olden-Innvik
Bilferja Innvik-Faleide vart oppretta i påvente av veg mellom Olden og Innvik. I 1932 var arbeidet i full gang, og vegen var komen langt utover mot Årholen, om lag 10 km frå Innvik. På Utvikfjellet heldt dei óg på med omlegging og utbetringsarbeid, men det let seg gjera å koma fram med bil. Me kjenner til at ein bil kom seg over fjellet frå Utvik alt i 1923, rett nok med hjelp i det brattaste partiet opp mot Brekka. Bilen kom frå Austlandet og vart truleg frakta over fjorden til Innvik med rutebåt.
Fylkesbaatane tok over i 1933
Etter første sommarsesongen heldt ferjetrafikken i indre Nordfjord fram i somrane 1933 - 1936. Det fyrste året vart ferja driven privat. I 1933 tok Fylkesbaatane over. Ruta vart då utvida med ferjestogg i Årholen der det vart sett opp ein "ny bilkai".
Ny rekordar
Kjeldematerialet til kunnskap om det første bilferjesambandet i fylket er magert. Av ei notis i Fjordabladet 8. august 1933 går det fram at ferjeføraren heitte Svoren. Han hadde fortalt at dagsrekorden var 13 bilar og 1 motorsykkel, og at trafikktala så langt i sesongen var 210 bilar, 25 motorsyklar og 675 passasjerar. Innsendaren avsluttar med fylgjande "Etter dette ser det ut til at fylket [Fylkesbaatane] gjer fin forretning med ferja si her i sumar."
Kristoffer Svoren
Føraren på ferja Innvik-Faleide-Årholen første året hadde etternamnet Svarstad. I 1933 tok Kristoffer Olai Svoren frå Innvik over. Han var fødd 1899 på Atløyna i Askvoll og var son til Elias Olsen og Karoline fødd Knutsen frå Molde. Familien flytte til garden Svoren ved Skatestraumen, heilt nord på Bremangerlandet. Kristoffer Svoren vart gift i 1928 med Jenny Tjugen frå Innvik. Han miste livet 20. juli 1942 i ei krigshandling på hamna i Hammefest. (Les om hendinga i KAL/SFF-369.1400 Sletta krigsgrav i Honningsvåg - minne om bombedrama)