Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fitjevårstøylen



Denne vårstølen ligg ca. 300 m o.h. Det er gnr.5, Fitje indre, og gnr. 6, Fitje ytre, som eig og brukar stølen. Det vart slutt med tradisjonell stølsdrift i 1949. Husa på stølen er tett plassert på graskledd stølsvoll. Vi finn 7 sel derav 2 nye(fornya). 8 fjøs er haldne i orden.

Fitjevårstølen med høgt gras på vollen.

Fitjevårstølen med høgt gras på vollen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølen ligg i Fitjedalen omlag 1,5 km ovanfor Veslevatnet (Fitjevatnet). Det er fure- og lauvskog omkring og det er no laga bilskogsveg til litt framom stølen. Frå Veslevatnet er det bomveg. Frå stølen går det fleire merka stiar vidare. Sjå elles omtale av Fitjestølen.

Bruk av stølen

I dag er stølen fint istandsett, men ikkje så mykje brukt som sommarstølen i Langedalen. Stølsdrifta var tidlegare i tida ca 20. juni - ca 25. september. Først var dyra 2-3 veker på vårstølen, deretter på sommarstølen og så 2-3 veker på vårstølen om hausten. Husa ligg for det meste på felles grunn, men utanfor var slåttekvie der kvar hadde sine teigar. Jorda er litt våtlendt og dei slutta med å slå her ca 1940.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 38. Sandane 1988.
Knut Fitje har vore kontaktperson og har gjeve opplysningar om Fitjevårstølen.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR