Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskeværet Rognaldsvåg



Rognaldsvåg er tettstaden på øya Reksta, langt vest i Flora kommune. Det har truleg budd folk på Reksta i over 5000 år. Rognaldsvåg fekk etter kvart stor betydning på grunn av dei gode hamnetilhøva på staden, nærleiken til dei rike sildefiskeria og ein sentral plassering. I 1860 var Rognaldsvåg den største tettstaden på kysten av Sogn og Fjordane.

Rognaldsvåg ligg heilt vest på øya Reksta. Slik ser staden ut sett frå vest. Heilt i bakgrunnen kan vi skimta fastlandet.

Rognaldsvåg ligg heilt vest på øya Reksta. Slik ser staden ut sett frå vest. Heilt i bakgrunnen kan vi skimta fastlandet.

Eigar: På Rognaldsvåg Skulekrins si heimeside.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Frode Klokkernes.

Rikt sildefiske

Dei fastbuande har til alle tider hausta av havet, og framover på 1700- og 1800-talet vart det også vanleg at fjordabønder og fiskarar nord- og sørfrå kom farande til vintersildfisket i januar og februar. Silda vart i hovudsak fanga med garn, og noko også med landnot. I perioden frå 1808 og fram til 1873 var sildefisket årvisst og auka på i omfang. Etter 1850 vart fisket særs rikt og førte til kolossale fangstar dei neste 20 åra. Folketalet auka mykje under sildefisket, og i den mest aktive perioden steig folketalet frå dei vanlege 300 fastbuande til over 3000 i dei månadene sildefisket gjekk føre seg. Ganejenter og tilreisande fiskarar sov der det var plass i losjihus, på salteriloft eller andre plassar det var mogeleg å huse folk. Ein av oppsynslegane skildrar det på dette viset: "Det er utrolig at se hvorledes den almindelige antagne rumbesparende Maade at nedlegge Sild paa, ogsaa lader sig praktisere paa levende, aandende Mennesker."

Bygging av sjøhus og salteri

Dei fastbuande hadde naust og sjøbuer i Rognaldsvåg. Nausta var for robåtar og tilfar til desse. På sjøbuene arbeidde dei med fisken og her vart også fiskereiskap og bruk oppbevart. Frå 1700-talet av sette også mange fjordabønder opp fiskarhus eller rorbuer i Rognaldsvåg. Desse husa vart for det meste brukt under vinterfisket, og stod tomme resten av året.

Framover på 1800-talet vart det bygd salteri i Rognaldsvågen. Dei første var små og bygd av lokale folk eller fjordabønder. Men etter kvart etablerte byborgarar, hovudsakleg frå Bergen og Stavanger, seg med større salteri. I 1862 var det reigistrert 106 salteri på Reksta, 21 av desse eigd av byborgarar. Det er likevel grunn til å tru at mange av salteria ikkje vart registrert og at talet derfor var ein del større. Silda vart levert til salteria og så gana og salta i tønner. Sia kom det frakteskuter og førte med seg silda til Bergen og Stavanger, eller til England, Baltikum og andre land på kontinentet. I starten var desse skutene hovudsakleg jekter, men seinare vart også jakter vanlege føringsfartøy. Det rike sildefisket varte fram til 1873, då silda brått forsvann frå området. Seinare kom silda berre sporadisk att med ulike mellomrom, og det var ikkje lenger trong for dei store salteria. Fleire av dei vart derfor selde og flytta til andre stader. Andre stod til forfall og ramla til slutt ned, mens nokre få framleis står att. Dei fleste sjøhusmurane finst framleis rundt om i vågar og på berg, og vil i framtida verte ståande som minnesmerke om det rike sildefisket på 1800-talet.

Handel og skjenking

Det rike fisket og den faste busettinga gav grunnlag både for handelsmenn og gjestgjevarar. Alt frå starten av 1700-talet er begge desse verksemdene registrerte i Rognaldsvåg. Den landhandelen som er i drift i dag, vart starta opp i 1893 av Lyder Sunde. Han hadde handel i eit stort gammalt hus, og dreiv også fiskemottak og trankokeri som ein del av verksemda. Det var dessutan bakeri i kjellaren på handelen. Varene kom i tønner, kasser og sekker, og vart selde i laus vekt over disken. På fiskemottaket nede på sjøbua vart fisken anten salta, eller hengt opp på hjell til tørrfisk/stokkfisk. Noko av den salta torsken vart tørka på berga til klippfisk. Produksjon av stokkfisk og klippfisk heldt fram til seint på 1930-talet. Det var handel i dette store gamle huset i 100 år, fram til 1993. Då bygde noverande handelsmann Hans-Jacob Sunde nye og moderne butikklokale nærare rutebåtkaia.

Moderne fiske

Etter at det rike sildefisket på 1800-talet tok slutt, gav motoriseringa av fiskebåtane nye framtidsutsikter på starten av 1900-talet. Ein kunne no drive fiske over eit større område og det voks fram ein variert flåte av mindre fiskefartøy i Rognaldsvåg. Sigmund Rognsøy starta opp med eit moderne fiskemottak - fekk i 1998 namnet Bergen Fiskemat AS, og tek i mot fisk frå båtar som fiskar i området. Det meste av fisken vert levert vidare til Bergen. Dei seinare åra har mange av fiskarane i Rognaldsvåg teke hyre på større fiskebåtar og er borte delar av året.

Utvikling av folketalet

På Reksta har hovuddelen av folket dei siste 150 åra vore busett i Rognaldsvåg. I 1860 var Rognaldsvåg med sine 160 innbyggjarar den største tettstaden på kysten av Sogn og Fjordane. Talet på fastbuande auka med det rike sildefisket på 1800-talet, og vi ser dette tydeleg i tabellen. Nedgangstider i fisket, mekanisering av fiskeflåten og generell sentralisering i Noreg framover på 1960-talet påverka også folketalet i Rognaldsvåg. Folketalet har i ein periode gått nedover, men dei seinare åra har kurven snudd. Folk flyttar no til Reksta og Rognaldsvåg att, og nye hus vert bygd. Det er mykje og lett tilgjengeleg tomteland på Reksta og fleire nederlandske familiar har etablert seg på øya. Rutesambandet til Florø er bra, og det er mange som no ser positivt på framtida i bygda ytst mot havet i Flora kommune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Otnes, Torleif og Setran, F.: Reksta og Rognaldsvåg - Før og no....og ka so? Florø 1993.
Diverse munnlege kjelder.

PERMANENT IDENTIFIKATOR