Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eilivane i Naustdal



I mellomalderen kom ei av dei mektigaste ættene i Noreg frå Naustdal. Rett nok har fagfolk drøfta om dei "Dei tre Eilivane" kom frå Naustdal i Sunnfjord eller Naustdal i Nordfjord, men lokalhistorikaren Albert Joleik har på ein overtydande måte argumentert for at dei hadde sete i Sunnfjord.

"Eilif af Naustdal og Ragnvald Urka kommer sine kammerater til undsætning."

"Eilif af Naustdal og Ragnvald Urka kommer sine kammerater til undsætning."

Datering: 1901

Fotograf: Etter teikning av A. Block i W. Coucheron-Aamot i Det norske folk paa land og sjø. Christiania 1901.

Eiliv 1.

I fylgje engelske annalar invaderte "Acho, king of Norway" i 1263 vestkysten av Skottland med "160 segl" og 20 000 mann. Annalane refererer til leidangsferda til kong Håkon Håkonson då han ville forsvare Noregs herredøme over Suderøyane mot skottekongen Alexander III. Ein av hovdingane som var med kongen, var lendmannen Eiliv av Naustdal.
Det gjekk berre så passeleg med herferda til nordmennene, men omsider, i byrjinga av oktober 1263, kom det til ei trefning eller slag med skottane ved Largs. Skottane hadde svær overmakt og trengde nordmennene ned til stranda så mange for i båtane og rodde frå land. Medan striden sto på, var det så svær storm at kongen ikkje såg seg råd å få fleire folk til. Då baud Ragnvald Urka og Eiliv seg til å fare til land med ei skute. Ragnvald veik attende ut til skipet sitt men " - - Eiliv kom til striden med nokre få menn og for svært djervt fram, - -" heiter det i kjeldene.

Dette var det siste slaget nordmennene kom til å ha på dei britiske øyane. Eiliv 1. er nemnd eit par gonger til i åra utetter. Det siste ein høyrer om han er i året 1277, då ein finn i ein islandsk annal: "Veginn Eilifr i Naustdal". Korleis eller kven som drap han er ikkje nemnt, men det er gissa på at det kan ha ein samanheng med ein annan framståande mann som stig fram desse åra: Audun Hugleikson frå Jølster, som nett vart baron dette året. Ei segn vil også ha det til at Naustdalskongen og Jølstrakongen låg i strid med einannan og at dei slost ved ein stor stein i Botnaskardet i Angedalen.

Eiliv 2.

Eiliv 2.var son til Eiliv 1. Kjeldene seier lite om han. I 1309, under ei leidangsferd mot Danmark, var han som riddar med å skrive under ei dansk-norsk fredssemje. Sommaren 1319 var han i Oslo saman med 29 andre herrar i Det norske riksrådet og skreiv under ein traktat med Det svenske riksrådet om at Magnus Eirikson skulle verte konge både i Noreg og Sverige. Sidan høyrer vi ikkje meir om denne Eiliv 2.

Gyrid Erlingsdotter og Eiliv 3.

Den tredje Eiliv er nemnd fyrste gongen i 1343, han var då riddarsvein. I 1347 fekk han kong Magnus til å søkje paven om løyve til å gifte seg med firmenningen sin, Gyrid. Ho var dotter til Erling Vidkunson, drottsete og ein av dei mektigaste mennene i Noreg på den tida. Grunngjevinga for å gifte seg med ein så nær slektning, var at det var så få stormannsætter i Noreg at det var vanskeleg å finne høveleg gifte.
Eiliv og kona Gyrid drukna i 1358. Dei etterlet seg ei einaste dotter, Margreta. Ho vart gift tre gonger, men hadde ikkje born etter seg. Det gjekk såleis ut med den mektige ætta då ho døydde i 1424 eller 1425.

Naustdalsgodset

Eilivane åtte mykje jord. Det kan sjå ut til at mykje av Naustdalsgodset vart halde saman som ei eining i lang tid etter Margreta. Godssamlinga hamna etter kvart under bispestolen i Bergen og kom til å danne kjernen i det såkalla Svanøygodset.
Av det jordegodset bispestolen åtte i Sunnfjord kring 1600, låg to femtepartar i soknene Førde, Naustdal, Vevring og Bru. Av dette var det i Naustdal åleine omlag like mykje bispestolgods som i dei tre grannesoknene tilsaman.
Albert Joleik konkluderte med at ei så svær godssamling innanfor eit så lite område, ikkje kan forklarast på andre måtar enn at det må vere kjernen i eigedomane etter Eilivane.

"- - det store, eldgamle bibliotek - -"

I Bygdebladet for 24. november 1927, har B. B. (Bertel Byrkjeland 1853-1939) nokre tankar om kvifor ei så mektig ætt kunne slå rot i Naustdal:
" - - Gamle høvdinger valgte oftest bosteder ved isfri havn; men havde det veret hovedsak, havde ikke Eiliv boet indenfor Ålesundet. Der blev nok også tat hensyn til det daglige utkomme og da tilbød Naustdal sig med sine naturherligheter at vere godt skikket. - -"
B. B. skriv også: " - - Jeg har også hørt, at det store eldgamle bibliotek der nu er hos Jens Svanøe skal være forflyttet fra Naustdal og skal vere en levning efter Eiliv. Jeg har seet denne boksamling; det er en sal på ca. 4 mt. i hver kant hvor så vidt jeg husker alle vegger er optat av hyller med bøker. - -"

kjelder:

Byrkjeland, Bertel: I Bygdebladet. 24.11.1927. Naustdal.
Naustedalen, B. B.: I Sogeskrift for Naustdal 2000. Naustdal.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok. Band I. Otta 1995.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok. Band III. 1999.
Joleik, Albert: Sunnfjordsoga. Band I. Flora 1959.
Svoen, Sigmund: Pavebrevet. I Sogeskrift for Naustdal 1992. Førde 1992.
Tordsson Sturla: Soga om Håkon Håkonson. I Noregs kongesoger 4. Oslo 1979.
Tordsson, Sturla: Soga om Magnus Lagabøte. I Noregs kongesoger 4. Oslo 1979.
Wikander, Johan Anton: Kulturminner i kystlandskapet. I Agder historielag, Årsskrift nr. 74. Kristiansand S. 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR