Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 21. november 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Om Andreas Tansø og frakteskuta «Fresvik»



Nyhende på førstesida til avisa Sogn og Fjordane, måndag 4. august 1963: «Andreas Tansø gjekk ned då «Fresvik» forliste». Ei tragisk hending, og ein syrgjeleg slutt, for ein mann og eit fartøy. Avisa fortel litt om begge. «Fresvik» var ei kjend skute på Sognefjorden, sameleis eigaren, Andreas Tansø, eller Tansøyen som han vart kalla. Han har vore reiar for «Fresvik sidan 1920, og hadde før reist med andre kjende sogneskuter, såleis «Vangsnes» av Fresvik». Denne artikkelen har meir om Tansøyen og skuta hans, etter leiting i fleire kjelder.

Andreas Tansø (1876-1963) om bord på MS «Fresvik». Biletet stod i avisa Sogn og Fjordane 5. august 1963, dagen etter at han omkom då «Fresvik» blei pårend og sokk i skipsleia eit kort stykke nordom Florø.

Andreas Tansø (1876-1963) om bord på MS «Fresvik». Biletet stod i avisa Sogn og Fjordane 5. august 1963, dagen etter at han omkom då «Fresvik» blei pårend og sokk i skipsleia eit kort stykke nordom Florø.

Datering: 1950-1963

Fotograf: Ukjent

«førebels … ikke noko nærare om årsaka»

Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, melde i fyrsteoppslaget sitt at «Fresvik» hadde vore ute for ein kollisjon i skipsleia «utafor Florø». Båten hadde eit mannskap på 4, og var på veg til Trondheim frå Odda. Natt til søndag 3. august, i klårt og stille ver, hadde «Fresvik» vorte råka «på baugen» av måløy-båten «Grei», slik at «nærast heile sida vart slått inn.» Båten hadde gått ned «på få minuttar». Tre av mannskapet hadde vorte berga, men den 87 år gamle Andreas Tansø «sette livet til.» Avisa melde elles at «førebels» var det uråd å seia noko om årsaka til ulukka.»

Oppslag i mange aviser

Avisa på Leikanger var raskt ute med nyhendet, dagen etter, og truleg med NTB som kjelde. Avisa skøytte på med foto og informasjon av lokal karakter; t.d. at både skuta og mannen var kjende i Sognefjorden. Andre aviser melde og om forliset, rundt om i heile landet. Naturleg nok hadde Firda Folkeblad som kom ut i Florø, god dekning. I førsteoppslaget går det fram meir nøyaktig kvar forliset skjedde:  «i skipsleia mellom Nærø og Urane», altså eit kort stykke nord for Florø.  Avisa melder og at det skal haldast sjøforklaring i Florø.

Sjøforklaring

Onsdag 7. august hadde Firda Folkeblad utførleg referat frå sjøforklaringa. Her kjem det fram nærare om båtar og mannskap, om kva som skjedde like etter kollisjonen, og om årsaka.

Mannskap på båtane

«Fresvik», føringsbåt, bygd 1919/1920
1 Nils Andreassen Tansøy (63), skippar, kystskipparsertifikat av kl. 2
2 Peder Halvorsen (68), styrmann
3 Magnus Tansøy (19), motormann, son til nr. 1
4 Andreas Tansø (87), «bestmann», tidlegare skippar på «Fresvik», far til nr. 1. Andreas Tansø var på

«Grei» 1, bygd 1916, tidlegare fiskebåt, ombygd 1949, tilhøyrde Moldøen Canning:
Severin K. Gangsø (64), skippar, hadde vore på båten sidan 1947
Ragnvald Drage (67), stod til rors då kollisjonen skjedde, var hyrd med på denne eine turen, haddeeiga fiskeskøyte
Ola Lillesalt (38), frå Selje, hadde frivakt, fyrste turen hans.

Årsaka

«Mannen ved roret om bord på «Grei 1» hadde somna» stod det å lesa i Firda Folkeblad etter sjøforklaringa. «Det var dette som syntest vera årsaka til den tragiske hendinga..». I sjøforklaringa vedgjekk han at han «hadde kjent seg svært trøytt og [hadde] somna.» Han var åleine i styrehuset då kollisjonen skjedde. Skipparen var ein snartur i lugaren sin, «for å rulla seg ein røyk».

«alkohol med i spelet»

Etter kollisjonen heldt «Grei» 1 seg på ulukkesstaden eit par timar. Det kom folk ut frå land og dei overlevande frå «Fresvik» fekk på seg turre klede. Etter om lag ein time kom politi frå Florø. I sjøforklaringa fortalde skipparen på «Fresvik» at «politimannen nemnde noko om at det måtte ha vore alkohol med i spelet». Mannskapet på «Grei» 1 hadde vedgått at «dei hadde drukke noko pils» før dei gjekk frå Måløy, men verken han eller dei andre på «Fresvik» hadde «nytt alkohol». Vitnet hadde kravt at det skulle takast blodprøve av han tilliks med mannskapet på «Grei» 1.

Fann den omkomne

Andreas Tansø var i styrehuset/på brua då «Grei» 1 rende inn i «Fresvik», saman med skipparen. I sjøforklaringa fortalde skipparen at dei straks etter fekk purra dei to av mannskapet som hadde frivakt og var i lugarane sine. Dei kom opp, og alle fire var på brua då «Fresvik» brått gjekk ned. Då det skjedde ramla faren «ned i eine bruvingen, og det var uråd å få han opp.» Onsdag, vel ei veke etter forliset, greidde ein froskemann å ta seg ned til vraket. Han fann Andreas Tansø hengande fast i vraket.

Straffesak

Hausten 1964 melde Firda Folkeblad (12.10) at det var reist straffesak mot «føraren og rormannen» på m/k «Grei» 1. Saka var føre i heradsretten i Florø fredag 9. oktober. Aktor la ned påstand om 60 dagars fengsel for skipparen og 30 dagars fengsel for rormannen. Dom fall kort tid etter. Begge blei dømde for å m.a. å ha vore i rusa tilstand «under teneste», men dommen vart omgjord til fengsel på vilkår.

Skipet.no – om m/k «Fresvik»

Nettstaden Skipet.no har oversyn over norske skipsforlis, ordna etter år. For kvart skip er det ført opp tekniske data (materiale, storleik, vekt/mål, maskin m.m.), byggjeår, eigar/ar, endringar, og til slutt: korleis det enda. I lista for året 1963 står følgjande om «Fresvik»:

7) Tre-M/S FRESVIK (LGAQ)
Bygd av Kristian Olsen & Nils Johannessen Vangsnes, Vangsnes i Sogn
95 brt, 59 nrt, 170 t.dw. 79.4 x 22.9 x 8.7
2cyl. 2T Wichman RM, 80 bHK

1919: Levert som FRESVIK for K. N. Vangsnes, Fresvik/Bergen
1921: Solgt til A/S M/S Fresvik (N. J. Vangsnes, Fresvik), Bergen
1928: Disp. overtatt av Hans Storaas, Bergen
193? Disp. overtatt av N. J. Vangsnes, Fresvik/Bergen (SF-12-L)
1952: Aug.: Overtatt av Skips-A/S M/S Fresvik (Anders Tansø, Losnegard), Bergen
(SF-135-G)
1963: 04.03.: Sank etter kollisjon med M/S GREI I ved Drågskjær lykt, på reise
Eitrheim – Trondheim med gjødning. 1 mann omkom.

Litt meir om Andreas Tansø

Andreas Tansø kom frå Tansøy i Kinn kommune (pr 2018 Flora kommune). Han vart fødd 25. mars 1876, og fekk namnet Andreas Bertin på dåpsdagen 25. juni, s.å. Foreldra var Nils Brusesen og Birthe Ingebriktsdotter. Søndag 20. september stod han konfirmant i Kinn kyrkje saman med 47 andre i hovudsoknet Kinn i Kinn prestegjeld. Presten gav karakter for «Kristendomskundskab m.v.» Meget godt var best. Andreas Nilsen frå Tansøy fekk meget godt – (minus). Han var mellom dei flinkaste.

 År 1899, den 22. januar 1899, vart Andreas Tansø gift med Ingeborg Oline Thorsdotter Netteland, fødd 1871. Netteland er namnet på ein gard på øya Losna som då høyrde til Gulen kommune. Brudgommen står oppførd som «sømand». Giftarmålet står notert to stader, i lista over ektevigde i Nykirken, Bergen, og i kyrkjebok for Gulen sokneprestembete. Det kan sjå ut som Andreas Tansø og Ingeborg Netteland blei ektevigde i Bergen, men at dei så i mange år var busette på Losna. Andreas og Ingeborg fekk mange born. I folketeljinga 1910 står familien busett på Fretheim, Losna. Oline står oppførd som «Gaardmandskone», Andreas er «Gaardbruger og reiser til Sjøs».

Sonen Nils Andreassen Tansøy, skippar då «Fresvik» forliste, vart fødd 27. februar 1900. Foreldra budde på Netteland.

«reist med (…) kjende sogneskuter»

Andreas Tansø hadde «reist med andre kjende sogneskuter» skreiv avisa Sogn og Fjordane. I to folketeljingar finn me Andreas som sjømann på båtar knytte til Sogn; som «baasmand» på galeas «Debora» i teljinga 1900 og som «bestmand» på DS «Vangsnæs» i teljinga 1910.

Til slutt: Eit anna foto av frakteskuta «Fresvik»

Fylkesarkivet har eit foto nr. 2 av frakteskuta «Fresvik». Det er teke av fotografmester Malvin Horne i Florø. Fotoet er datert til 1949, og viser «Fresvik» til kai i Florø. Samanlikning med bilete lenger oppe viser at «Fresvik» har fått nytt styrehus, men, ein annan detalj er vel så interessant: Skansekledningen framme på babord baug er på det næraste borte, og på styrbord baug ikkje i stand. I omtalen står det ikkje noko om kva som har skjedd.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane 05.08.1963


Firda Folkeblad 05.08.1963


Firda Folkeblad 08.08.1963


Folketeljing 1900


Folketeljing 1910


www.skipet.no: skipsforlis i 1963

PERMANENT IDENTIFIKATOR