Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 27. august 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sunnfjord folkehøgskule - minnestein over skulestyrar



På framsida (eller baksida) av den eldste bygningen på Sunnfjord Folkehøgskule står det ein bautastein. Steinen vart reist i 1933 til minne om Rasmus Øvrelid, skulestyrar på Sunnfjord ungdomsskule i åra 1903 - 1916.

Sunnfjord Ungdomsskule/Folkehøgskule på Solvang

Sunnfjord Ungdomsskule/Folkehøgskule på Solvang

Eigar: Fylkesarkivet i Vestland: SFFf-1989013.0671

Fotograf: Olai Fauske

Øvrelid-steinen

Øvrelid-steinen er hoggen i granitt, vel fire meter høg og 75 cm ved foten. Han er festa i eit todelt, kvadratisk forma betongfundament der det går lekkjer mellom låge feste i kvart hjørne. Innkrifta står i uthogde felt.

På framsida:

RASMUS * ØVRELID * 1876-1931 * SO SIGNE * DAA GUD DET * GODE SAAD.

På baksida:

VENER REISTE * DENNE STEINEN 1933

Øvst på steinen er innhogge ei strålande sol.

 

Rasmus Øvrelid

Rasmus Øvrelid fekk omtale i Norsk Allkunnebok som kom ut i åra 1948-1964. Det står:

”Rasmus Johannes Øvrelid (1876-1932) norsk skulemann, fødd i Hareid. Eksamen frå Volda lærarskule 1897, lærar der 1897-1903, styrar på Sunnfjord ungdomsskule 1903-1916, overlærar på Volda lærarskule 1916-1932. Stipendferder til Danmark, Færøyane, Island og England. Gav ut bladet Voldingen (sambandsblad mellom Volda lærarskule og tidlegare elevar) 1920-1925. Gav elles ut ”Arbeid, framgang og lukka” (1910), ”Volda lærarskule i 25 år” (1920) og ”Sundagsfred” (1932). Øvrelid var mykje nytta talar for fredssak, fråhaldssak, målsak, o.a. Flittig medarbeidar i målpressa på Vestlandet.”
 

Rasmus Øvrelid døydde 22. april 1932 og vart gravlagd i Volda.

Minnestein

Same året Øvrelid døydde sende styret for Sunnfjord Ungdomsskule ut eit opprop om å reisa ein minnestein over han på ungdomsskulen. Steinen vart reist året etter og avduka under elevstemna søndag 29. okotber 1933. Det var mykje fok samla frå alle sunnfjordbygder.

Avdukingstalen

Formann i fylkesskulestyret, klokkar A.B. Vamraak heldt avdukingstalen. 50 årsskriftet til skulen har med eit stykke om Rasmus Øvrelid skrive av Kristian Ulltang. Han trekkjer fram noko av det Vamraak sa i talen sin, mellom anna fylgjande:

- Den som skal få ein minnestein, må ha gjort eit innslag i folket som er meir enn det andre har gjort. Talaren tok fram noko av ungdomsskulen si soga i Sunnfjord: Anders Haave og Thorbjørn Horten, - han som fostra tankane og som gjennom "Ungdomsvennen" arbeidde dei fram. Så vart skulen røyndom [1902] og Øvrelid skulde setja desse tankane i verk. Det vart spørsmål mellom motsetnaden eller samhøve mellom kristendom og kultur, mellom det menneskelege og det kristelege."

Mange andre talar

Ved avdukinga var det elles mange som tala, - formannen i styret for skulen, Nils Husetuft, skulestyrar Bertel Kaale, skulestyrar Lauvsnes og rektor Kristvik. Kristian Ulltang tala særleg på vegner av Øvrelid sine mange elevar gjennom 13 år.

Lova å ta godt vare på minnesteinen

Skulestyrar Otto Huseklepp tok mot steinen på vegner av skulen. Han sa mellom anna:

"- Rasmus Øvrelid grov djupt i grunnen. Han flutte ikkje mykje, for han slo røter der han kom. På tvo stader gav han si kraft og sitt arbeid: Ved Volda lærarskule og ved Sunnfjord ungdomsskule. Båe stader vann han mange og trufaste vener.

I Volda var han med og bar eit stort og godt arbeid, men her i Sunnfjord gjorde han grunnarbeid. Både ungdomsskulen og mykje av det beste ideelle arbeidet i Sunnfjord byggjer på den grunnmuren som Øvrelid la.

Difor skal minnesteinen stå her, og difor takkar skulen fordi eit kjært minne er fest til denne staden med ein ven og vyrdeleg bauta. Og vi lovar at vi vil vyrdsla minnesteinen og æra minnet som skal leva lenge etter Rasmus Øvrelid."

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sunnfjord Ungdomsskule. Solvang. 1902-1952.
Frå Indremisjonssoga i Sunnfjord.1965.
Norsk Allkunnebok. Band 10. 1964.
Informasjon frå:
Leon Haugsbø, rektor på Sunnfjord Folkehøgskule.

PERMANENT IDENTIFIKATOR