Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. januar 2008

Sist oppdatert 03. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Engelske soldatar - frå Årdal til Florø våren 1940



Laurdag 11. mai 1940 gjekk to menn opp Moadalen frå Øvre Årdal for å møta ei gruppe engelske soldatar. Gruppa var på flukt frå Gudbrandsalen mot kysten. Takka vere lokale hjelparar greidde følgjet å nå fram frå Årdal til Tirdalen ved Florø etter ein 17 dagars strabasiøs tur. Før dei kryssa fylkesgrensa hadde dei alt vore på marsj austanfrå i fleire døgn. Artikkelen her gjer i kortform greie for turen dag for dag gjennom Sogn og Fjordane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Engelsk retrett frå krigsavsnitt i Gudbrandsdalen

Den 18. april 1940, ni dagar etter det tyske angrepet på Noreg, blei britiske tropper landsette i Åndalsnes. Dei blei sende over til Gudbrandsdalen og var med i kampane i Lillehammer-avsnittet. Dei kunne lite gjera for utfallet. Dei norske og britiske styrkane var snart drivne tilbake nordover i Gudbrandsdalen.

Nokre mindre grupper engelske soldatar miste kontakten med hovudstyrken, og for å unngå tysk krigsfangenskap, prøvde nokre av dei å ta seg austover mot Sverige, andre vestover mot kysten.

Kaptein Peter Brantson si gruppe

Ei gruppe på 16 mann under leiing av kaptein Peter Brantson kom til Eidsbugarden onsdag 8. mai. Dei hadde teke seg opp Sikkilsdalen om Gjendesheim og Gjendebu etter å ha fått god orientering av den norske soldaten Wolfgang Stang.

Ned i Moadalen

Torsdag 9. mai la dei ut frå Eidsbugarden og kom fram til Tyinoset etter om lag 12 timars marsj. Berre ein mann hadde ski. Her var dei så heldige at dei møtte ingeniør Torgeir Nygaard frå Årdal som var på synfaring på Norsk Hydro sine anlegg. Han kunne hjelpa dei både med husrom i anleggsbrakker og mat. Han kunne og orientera dei om kvar det var tyskarar. Nygaard kom nedatt til Årdal om kvelden fredag 10. mai. Han kontakta to ungdommar, medisinstudenten Sverre Hestetun og Odd Ve. Dei bestemte seg for å gå dei engelske soldatane i møte. Dei starta turen seint om kvelden, natt til laurdag 11. mai, med kvar sin ryggsekk pakka med mat.

Laurdag 11. mai

Hestetun og Ve møtte soldatane ved Holsbruvatnet. Dei var då på veg nedover etter å ha prøvd å ta seg ned til bygda på Heirsnosvegen. - Dei var i dårleg fysisk form, og det einaste dei bar på var ein revolver og ein liten pose med mjøl, fortel Hestetun i ein artikkel i Årbok for Sogn 1986. Dei tok inn i ei stølsbu. Maten kom vel med og Hestetun behandla ein soldat for ein verkebyll i nakken. Gruppa fekk råd om å ta seg ned Moadalen til Svalheim om kvelden og derifrå over Moa til garden Svalheim i Utladalen. På denne måten ville dei sleppa å koma ned i bygda der det no var tyskarar.

Søndag 12. mai (pinsedag)

Gruppa kom til Svalheim om kvelden 11. mai. Her vart dei vel mottekne og fekk sova i løa. Søndags morgon vart dei vekte med frukost og salmesong. Dei fekk hjelp av to skomakarkunnige til å reparera skorne sine og elles var fleire i Utladalen til hjelp. Tolv av gruppa vart om kvelden førde vidare til Avdalen. Fire soldatar vart att i tre dagar hjå Håkon Skår på garden Skåri. Ein rømling som låg i dekning hjå Anfinn Vetti slo lag med dei 12 på ferda vidare.

Måndag 13. mai (2. pinsedag)

Gruppa kom til Avdalen måndag morgon, og heldt seg i ro her om dagen. Om kvelden og natta losa Edvin Hjelle og Torstein Asperheim flyktningane over fjellet til den einbølte garden Fuglestig i Fortun.

Tysdag 14. mai

Flyktningane kom til Fuglestig tysdag morgon. Her oppheldt dei seg i to hus, seks mann i kvart. Dei overnatta på Fuglestig til onsdag 15. mai. (Dei fire som stogga att i Skåri, vart losa same vegen omtrent ei veke seinare av Edvin Hjelle og Håkon Skår.)

Onsdag 15. mai

Om kvelden gjekk ferda frå Fuglestig til Eide gard i Skjolden med Knut, Arne og Otto Fuglesteg som førarar.

Torsdag 16. mai

Dei kom til Eide natt til 16. mai. Her vart dei mottekne av Anna Rebni. Dei heldt seg i ro om dagen. Om kvelden reiste følgjet frå Skjolden mot neste stogg i Vigdalen. Harald Skjolden skyssa dei med motorbåt til Dalsøyri. Han heldt seg langs sørsida av fjorden til han var nokolunde tvers av Dalsøyri. Broren Sigurd Skjolden sykla langs vegen på nordsida som vaktmann. Frå Dalsøyri fylgde Erik Hærum dei opp Dalsdalen til garden Kilen der Anders Kilen tok over og førde dei vidare over Storehaug til Vigdalen.

Fredag 17. mai

Gruppa kom fram til Peder Vigdal fredag morgon. Ragnar Vigdal sa seg villig til å følgja vidare og no vera med dei lenger enn berre ein etappe. Om kvelden gjekk ferda frå Vigdal etter vegen ned i Jostedalen, heim dalen eit stykke og opp til Lars Leirdal i Leirdal. Anna Hansine Vigdal var vegvisar på denne etappen. Ragnar Vigdal skulle koma dagen etter og ta gruppa med over fjellet til Veitastrondi.

Laurdag 18. mai

Dei kom til Leirdal natt til 18. mai og heldt seg i ro om dagen. Om kvelden gjekk dei frå Leirdal.

Søndag 19. mai

Frå Leirdal gjekk dei over Grøndalsreset og bratt ned i Grøndal på vestsida til garden Kvam, første garden på Veitastrondi. Herifrå gjekk dei vidare framover til den fremste garden Nes, der dei kvilde seg til om kvelden.

Måndag 20. mai

Om kvelden, søndag 19. mai, la dei i veg vestover mot Fjærland gjennom Snauedalen og Skardet ned i Supphelledalen. I femtida søndag morgon fekk dei kontakt med folk på dei fremste gardane i Supphelledalen, Supphellen og Øygard. Her heldt dei seg i ro om dagen. Om kvelden vart flyktningane skyssa heim dalen og opp til Bøyastølen. Der tok dei fatt på fjellovergangen til Jølster over Jostedalsbreen og Lundaskardet med Eirik Øygard og Harald Supphellen som breførarar. Ragnar Vigdal var framleis med. Øygard og Supphellen snudde då dei var komne over breen.

Tysdag 21. mai

Etter ein hard tur over breen kom dei måndag morgon ned til garden Lunde aust i Kjøsnesfjorden. Dei vart tekne hand om av bonde og breførar Anders Lunde. Han kontakta hotelleigar Skrede på Skei og dokter Bydal i Førde. Saman med ingeniør Erling Skåre ordna dei med reisa vidare. Flyktningane overnatta på Lunde natt til tysdag 21 mai.

Onsdag 22. mai

Etter to dagar velfortent kvild vart soldatane tysdag kveld skyssa med båt frå Lunde til Sægrov. Frå Sægrov skyssa Bertel Svidal dei vidare med lastebil til Vassenden. Dei reiste ned til Sørvassenden, og vart losa over ei bru lenger nede enn brua heilt oppe ved vatnet.

Torsdag 23. mai

Følgjet reiste frå Sørvassenden like etter midnatt og la vegen mot Flugedalen. Ragnar Vigdal takka no for seg og Bertel Svidal tok over som førar. No fylgde ei heil natt og ein dags vandring for å koma seg fram til Svoa i Naustdal. Dei kom hit om kvelden og overnatta hjå Hedvin Svoen.

Fredag 24. mai

Natta vart ikkje lang. Dei var på farten att i firetida torsdag morgon. Vegen gjekk no mot Løtuft (Hogjen) som neste stopp. Turen gjekk over Ramsdalsheia og ned Ramsdalen. Dei kom til Slåtten i Eikefjorden torsdag kveld i elleve-tida.

Laurdag 25. mai

I firetida fredag morgon vart så den 12 mann store Gruppe Branston - og flyktningen som slutta seg til i Årdal - skyssa frå Eikefjord med skøyta Fram til garden Tirdal på nordsida av Nordalsfjorden ikkje langt frå Florø. Båten kom dit i seks-tida om morgonen.

I Tirdal vart dei vel mottekne og budde her til det var ordna med ei skøyte til å føra dei over Nordsjøen til Storbritannia. Måndag 27. mai gjekk dei om bord i skøyta Livlig som sette kurs for Shetland.

kjelder:

Haugnes, Bjarne: Diverse materiale, prenta og uprenta, samla i åra 2005-2007.
Hestetun, Sverre: Engelske soldatar i Årdal 1940. I Årbok for Sogn. 1986.
Lunde, Malmfrid: Minne frå våren 1940. I Firda. Julenummer 1945
Haugen, Kaare, journalist: Diverse brev, notat o.a. til artikkel om hendinga i avisa Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR