Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Fylkesmannsgarden på Nybø



Fylkesmannsgarden på Nybø er ein av tre eldre embetsmannsgardar i Leikanger. Kommunen overtok Fylkesmannsgarden i 1974. Eigedommen omfattar sju bygningar; hovudbygningen og fire små hus tett attmed, eit turkehus og eit naust lenger ute. På 1980-talet var det planar om å gjera Fylkesmannsgarden om til eit kulturtun for Leikanger-bygda. Det vart det ikkje noko av. I dag held Nybø barnehage til i den gamle Fylkesmannsgarden.

<p>Fylkesmannsgarden 2013. Hovudbygningen er i bruk som barnehage. Me ser to andre hus, eit kvitm&aring;la til h&oslash;gre og litt av Amtskontoret p&aring; oppsida.</p>

Fylkesmannsgarden 2013. Hovudbygningen er i bruk som barnehage. Me ser to andre hus, eit kvitmåla til høgre og litt av Amtskontoret på oppsida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-SA 3.0 NO) http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Fylkesmannen til Leikanger i 1862

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (namneendring i 1919 frå Nordre Bergenhus Amt og amtmann til Sogn og Fjordane fylke og fylkesmann) har hatt sete på Leikanger sidan 1862. I tida før hadde amtmennene sete andre stader, dei fyrste åtte åra etter at fylket vart oppretta i 1763, på Kaupanger, i tida 1771-1843 i Bergen, og i åra 1843-1862 Lærdal, Kaupanger, Loftesnes og Bergen. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen (1817-1879) til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø frå sorenskrivar Hjorth som hadde ått garden sidan 1851. Året etter selde Falsen eigedommen til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte Nybø til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.

Mange bygningar

Nybø er som namnet seier, ingen gammal gard. Han er utskilt frå Henjum, og fekk eige matrikkelnummer i 1838. Nybø var likevel busett og brukt lenge før. Kapellan, seinare sokneprest og prost Anders Daae budde på Nybø til han døydde i 1816, og deretter prosteenkja, Adelus Daae, til ho døydde i 1833.

Det vart etter kvart mange hus på Nybø. Ei branntakstforretning i 1856 reknar opp ikkje mindre 18 bygningar: Hovudbygning, bryggjehus, ein bygning ikkje nærare spesifisert, vedhus, turkestove, kvernhus, smie, båtnaust, kjeglebane, borgstove, stabbur og kontorbygg. Vidare: stallbygning, sauehus, fjøs, låve, kornløe og høyløe. I 1863 hadde dessutan garden eit stølshus på vårstølen Flya, og to hus på sommarstølen i Friksdalen. Begge husa i Friksdalen vart tekne av snøras vinteren 1864/65, men oppattbygde etterpå.

Branntakstforretningane fortel bygningshistorie

Ved lov om brannforsikring i 1845 kom ei allmenn brannforsikringsordning som lokalt vart administrert av lensmennene. Dei som ynskte å forsikra husa sine, fekk besøk av takstmenn som føretok bygningsregistrering. Takstforretningane er ei svært god bygningshistorisk kjelde. Dei fortel om bruk (kva slag hus), storleik, byggjevyrke, vindauge, dører, listing, overflatebehandling, omnar, o.a. Normalt var det omtaksering kvart 10. år, eller etter store endringar eller oppføring av nytt/nye hus.

Av branntakstforretningar og dokument i fylkesmansarkivet, går det fram at fylkesmannen straks gjekk i gang med påbygging og reparasjonsarbeid i den nye embetsgarden. I 1863 vart sidebygningen på hovudbygningen sett opp, og borgstova reparert. Stabburet vart skrudd opp og grunnstolpane skifta. I 1864 vart det lagt nye doble golv i løene, reparert tre bustadhus, laga takrenner til turkestova og utført reparasjonsarbeid i fjøset. Ei takstforretning halden 28. november 1866 på "Amtmandsembedsgaarden" syner at det var sett opp "2de nye Husebygninger og [gjort] "en Deel Forandringer med andre Bygninger." sidan takstforretninga året før. Tverrfløyen i vest vart påbygd i 1890-åra, truleg samstundes med ein del andre byggjearbeid. Sameleis vart det utført eit større reparasjons- og ominnreiingsarbeid i åra 1926-1928.

Kommunal eigedom

Leikanger kommune overtok den vel 16 mål store Fylkesmannsgarden i 1974. Kommunen hadde då bygd ny fylkesmannsbustad like innom hovudbygningen, der fjøsen stod, og alle kontorfunksjonane var for lenge sidane lokalisert i tinghusa lenger ute. Kommunen vart eigar ved makebyte med staten som fekk den nye fylkesmannsbustaden

Bygningane 1977

Kommuneingeniør Kaare Risnes laga i 1977 eit oversyn over bygningane. Oversynet inneheld opplysningar om kvart einskild hus, storleik, grunnmur, innreiing, o.a. I tunet kring hovudbygningane stod desse husa: drengstove/tenarbustad, stabbur, kontorbygning (det gamle fylkesmannskontoret), paktarbustad, og ein garasje samanbygd med paktarbustaden. Risnes greidde og ut om tilstand, og konkluderte med at det var trong for omfattande reparasjons- og utbetringsarbeid, alt etter kva ein ynskte å bruka dei til. Og nett det, kva den gamle fylkesmannsgarden skulle nyttast til, vart snart eit sentralt politisk spørsmål.

Kulturtun for bygda?

Hausten 1984 sette kulturstyret ned eit arbeidsutval for å sjå nærare på framtidig bruk av Fylkesmannsgarden, og våren etter sende kulturstyret ved formannen Tore Thorsnes, ein søknad til fylkeskommunen om tilskot til å få utarbeidd ein bruksplan, ein plan for heile området, bygningane, stranda og resten av uteområdet.

Det overordna målet var at flest mogeleg av bygdefolket skulle få nytte og glede av Fylkesmannsgarden, heile bygningskomplekset og friluftsområdet, og difor var det ikkje ynskjeleg å overlata bruk og drift til andre, t.d. einskilde lag eller organisasjonar. Kulturstyret tenkte seg eit kulturtun for bygda. Ein stad der det kunne vera faste og skiftande utstillingar, der ein kunne arrangera temakveldar, halda "ope hus" for eldre og born om føremiddagen, og ulike grupper kunne få nytta eitt eller fleire rom til møtelokale. Om sommaren kunne det vera aktuelt med ulike arrangement både ute og inne, og det kunne ordnast med sal av kaffi, brus og is i tilknytning til bruken av friluftsområdet.

Status 2002

Arkitekt Knut Eldholm vart engasjert til å stå føre utarbeiding av plan, og han samarbeidde med ei Fylkesmannsgarden-gruppe. To år seinare, i 1985, var ein førebels plan i tråd med overordna mål skissert i søknaden til fylkeskommunen, ferdig, og straks etter fremja for formannskapet og kommunestyret. Kommunestyret gjorde vedtak om å be kulturstyret arbeida vidare med planen, og at hovudbygningen mellombels kunne takast i bruk til kommunal barnehage.

Lite i den føreslegne bruksplanen vart røyndom. I år 2002 var det framleis barnehage i hovudbygningen, og det hadde vore, og var, liten aktivitet i dei andre bygningane. Fleire bygningar var prega av manglande vedlikehald. Derimot svara eit yrande badeliv på fine sommardagar fullt og heilt til det Fylkesmannsgarden-gruppa la opp til, eit friluftsområde for heile bygda.

Endringar og uteprosjekt

Fylkesmannsgarden var på fleire vis annleis år 2002 enn då kommunnen overtok i 1974. Frå å vera ein bygdesosialt avstengd og isolert embetsmannsbustad, var Fylkesmannsgarden no ei maurtue av småborn, møtestad for småbarnsforeldre og eit uteområde for folk flest. Det var laga parkeringsplass for eit 20-tal bilar, laga køyreveg ned mot sjøen og utover til den gamle frukthagen. I 1979 vart det ved Risagrovi sett opp ei turke som tidlegare hadde stått på Eggja. Den eldgamle bautasteinen, Nybøsteinen, vart same året flytta frå ein stad lenger oppe, på oppsida av vegen. Historisk Museum i Bergen ga løyve til flyttinga fordi steinen hadde vorte flytta ein gong før. Det vart og gjeve løyve til å flytta hellene frå ei grav dei fann ved i nærleiken av bautasteinen der han stod opphavleg.

Nybø barnehage

Etter 2002 heldt barnehagen fram i Fylkesmannsgarden. I 2010 vart den vesle bygningen kalla Drengestova riven og erstatta med eit nytt hus i same storleik og stil. Det nye huset vart bygt saman med hovudbygningen.

Amtskontoret

Eit anna bygningsmessig tiltak gjekk føre seg i 2013. Då vart den gamle kontorbygningen som låg nærast utilgjengeleg kloss i vegen, demontert og sett opp att seks meter lenger unna.
Det var i 2012 at Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens vegvesen Region Vest gjekk saman om å setja huset i stand. Det «nye» amtskontoret skal opnast 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år.

kjelder:

Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok. Gardssoga. 1965.
Munnlege opplysningar frå Kjerstin Risnes, Leikanger.
Kommunearkivet for Leikanger, kulturkontoret, kassett merka Fylkesmannsgarden.
Statsarkivet i Bergen:
Branntakstforretningar.