Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skredene på Bruhjell



Garden Bruhjell ligg på vestsida av Skåsheimsdalen. Gjennom dalen renn Skåsheimselva like frå høgfjellet til ho munnar ut i Sognefjorden. Vest for gardstunet renn det òg ei mindre grov som kjem frå skogvakset kring 400 meter over havet. Begge desse stadene har det gått store og øydeleggjande snøskreder.

Dette biletet er teke frå inste del av Tusshamrane. Kjøpmann Morten Kielland sin villa stikk opp mellom dei store trea. Nede ved sjøen ser me villaen til kunstmålar Kaulum. Dei som bygde sommarhus ved Bruhjell sette og opp vakre naust og bryggjer. Skreda i 1928 raserte alt dette og tok livet av 5 menneske.

Dette biletet er teke frå inste del av Tusshamrane. Kjøpmann Morten Kielland sin villa stikk opp mellom dei store trea. Nede ved sjøen ser me villaen til kunstmålar Kaulum. Dei som bygde sommarhus ved Bruhjell sette og opp vakre naust og bryggjer. Skreda i 1928 raserte alt dette og tok livet av 5 menneske.

Eigar: Alice Opdal / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-93155.0014.

Datering: 1900-1920.

Fotograf: Ukjend.

Skreda i 1871

Den eldste skreda me kjenner detaljar om er den som gjekk i 1871. Den gjekk ned grovgjelet vest for gardstunet på Bruhjell. Skreda gjekk i 6-tida om kvelden den 22. februar. Dette var tida då dyra skulle ha kveldsstellet sitt. Tenestejenta på garden, Sigrid Olsdtr. Hagen, var i løa og kona på garden, Solveig Bruhjell, var i fjøset. Fjøset og løa vart sopte bort av raset, og dei to kvinnene omkom. Fonna var 6 alner djup der kona låg, men det var lite snø der dei fann jenta. Om lag 40 menneske frå Esefjorden og Holmen samlast på Bruhjell for å hjelpa til etter ulukka. Heile buskapen til Anders og Solveig Bruhjell sette livet til med unnatak av ei kyr og ein kalv.

Miljøet ved fjorden

Gamle folk fortalde at i eldre tider hadde skreda i Skåsheimselva gått like fram til Hagahaugen som ligg 100-200 meter frå fjorden. Då Kielland og Kaulum bygde hus, vart dei åtvara. Lokalkjende folk sa det var utrygt. I 1928 var det eit særmerkt miljø langs stranda ved Bruhjell. På Skåsheimsida, like før elva, låg Bratlandsmeieriet. På den andre sida av elva stod handelsbua i Osen og kafeen Hygea. 30 meter vidare vestover låg sommarbustaden til det kjende teaterparet Fahlstrøm frå Oslo. Kunstmålar Håkon Kaulum hadde bygd "Villa Jotunheimen" kring 1900, no var det kafe. Eit par år seinare bygde kjøpmann Kielland seg sommarbustad like ved. Ovanfor vegen stod det nye huset til Per Stokkebø. Thea Vestreim hadde ei lita stove på plassen Øyra, og Rognald Hagen hadde bygd nytt bustadhus over vegen. Ved elva stod sagbruket hans. Skredene i februar 1928 gjorde slutt på dette miljøet og dermed ein epoke i soga om garden Bruhjell.

Redselstimar

Robert Hagen opplevde dei redselsfulle dagane 8. og 9. februar 1928. Han såg at elva tok til å fløyma og føra snø om kvelden den 8. Folk vart redde og våga ikkje å gå til sengs. Rognald og faren gjekk fleire gonger og såg til saga ved elva. Kl. 5.30 om morgonen kom det fyrste raset og stengde vegen og øyrde ned brua. Straks etter gjekk det eit nytt ras på den andre sida av huset og stengde den vegen. Huslyden la på sprang mot sjøen og ville koma seg bort i båt. Medan dei stod i fjøra, kom det ei ny skrede like ved. Sjøen kasta båten opp i fjøra. Dei gjekk då attende til huset og gøymde seg i kjellaren. 14 til 15 skreder for forbi huset. Per Stokkebø budde lenger frå elva. Tidleg i morgontimane gjekk han med lykt til Bratland og såg til beista sine i fjøset til Anders Skåsheim. Då han tok på heimveg, høyrde han første skreda gjekk i elva. Han vassa i snøsørpa. I Osen gjekk Brita Skåsheim på kaien. Per skreik at ho skulle koma seg bort. Ho kom seg opp på Skåsheim. Då Per kom seg opp på Øyrahaugen, såg han at skreda hadde teke sommarvillaen til Kielland. Brått braka det på nytt oppe i gjelet. Han la i veg mot huset og fekk tak i vriaren til kjellardøra. Skreda fór høg som eit hus og med ofseleg fart forbi huset hans. Han heldt seg fast av all makt.

Store materielle skadar

Per Stokkebø var augnevitne til at denne skreda tok "Villa Jotunheimen" der det budde 5 menneske. Dette var redselstimar for folka som budde i dette området. Det var òg store materielle skadar. Saga hans Rognald, stova til Thea Vestreim og villaene til Kielland og Johannessen vart alle tekne av skreda. I 1931-32 vart det planta gran langs Skåsheimselva til vern mot liknande ulukker. I året 1931 sette dei ned heile 12 500 grantre langs elva.

Nytt ras i grovgjelet

I 1928 gjekk det òg ei ny skrede i grovgjelet vest for garden til Hans Bruhjell. Ho gjekk nøyaktig der ho fór i 1871. Hans gjekk oppe heile natta og såg og høyrde på det fæle vêret. Han sa: "I natt spørst det ikkje vel." I 5-tida om morgonen gjekk det fyrste store raset. Det tok gardfjøset og mange epletre. Seinare gjekk det mange ras. Alle i huset stod ute og såg på. Det var eit fælt syn, men til all lukke gjekk det ikkje menneskeliv den gongen. Han og sønene fekk eit stort arbeid med å rydda, men dei fekk gjort dette storarbeidet same våren. Dei som har opplevd å sjå slike skreder gløymer det aldri.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar:Balestrand Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med folk på Tue, Bruhjell, Skåsheim.

PERMANENT IDENTIFIKATOR