Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kongevegen gjennom Galdane



I den lange veghistoria i Lærdal står året 1793 som viktig. Då var den fyrste køyrevegen for hest og vogn ferdig over Filefjell og gjennom Lærdal. Soldatar, bønder og husmenn, hadde utført arbeidet på tre år.

Koparstikket frå biskop og prokanslar Erik Pontoppidan si tid viser området ved Steine bru. Biletet, kalla "Gallerne en farlig Vej under Filefield", samsvarar ikkje heilt med terrenget. Brua på biletet var mest truleg ei eldre bru kalla "Fodnestens Bro" som førde den gamle postvegen over elva frå nordsida til sydsida. I 1790-åra vart kongevegen bygt forbi Galdane på nordsida, men vegen vart lagt tilbake på sydsida over Seltåsen att i 1840-åra. Samstundes vart Steine bru bygt som vart øydelagt i den store flaumen 1860. I dag ser vi berre ruinane av brua.

Koparstikket frå biskop og prokanslar Erik Pontoppidan si tid viser området ved Steine bru. Biletet, kalla "Gallerne en farlig Vej under Filefield", samsvarar ikkje heilt med terrenget. Brua på biletet var mest truleg ei eldre bru kalla "Fodnestens Bro" som førde den gamle postvegen over elva frå nordsida til sydsida. I 1790-åra vart kongevegen bygt forbi Galdane på nordsida, men vegen vart lagt tilbake på sydsida over Seltåsen att i 1840-åra. Samstundes vart Steine bru bygt som vart øydelagt i den store flaumen 1860. I dag ser vi berre ruinane av brua.

Eigar: Norsk Folkemuseum.

Datering: 1753.

Fotograf: Koparstikk av Blumenthal.

Den bergenske kongevei

Vegen gjennom Lærdal og over Filefjell har frå urgammal tid vore den viktigaste vegen mellom aust og vest og vart ein periode kalla " Den bergenske kongevei" og seinare "-hovedvei". "Kongeveg" eller "kongsveg" er ei nemning frå 1600-talet på ein hovudveg som låg under kongen eller statens forvaltning og svarar til vår stamveg eller riksveg. Lærdal prestegjeld (Borgund, Lærdal og Årdal) hadde vedlikehalds- og og skyssplikt for kongevegen. Lærdølene hadde òg hatt oppgåva med å frakta "kongens skatter" som då var i klingande mynt over Filefjell til Christiania. Som motyting hadde prestegjeldet sidan 1563 hatt halv skatt og fritak for militærteneste. Lærdal var det einaste prestegjeldet i landet som sat med slike rettar. Men det varde ikkje lenge. I 1802, etter oppreist og mykje strid, måtte lærdølene gje tapt, og dei miste privilegia sine. Føraren for oppreista, Anders Lysne, vart halshoggen på Bergenshus året etter.

Postvegen Christiania - Bergen

Då postvesenet vart oppretta i Norge i 1647, vart det etter kvart stilt krav til ein viss vegstandard. Posten brukte ni døgn frå Bergen til Christiania. ".. Meget vanskelige Veie, Klippe og Dale at passere, hvor det ikke lod sig gjøre at ride, men hvor Postbønderne maate bære Postsekken paa Ryggen ..", heiter det om vegen på denne strekninga midt på 1700-talet.
Sidan kom nye krav. På slutten av 1700-talet skulle vegen mellom Christiania og Bergen oppgraderast til køyreveg og ridevegen gjennom Lærdal vart gjort farbar for hest og vogn. Post- og varetransport hadde sjølvsagt auka, men det låg og militære grunnar for ei slik storsatsing.
I dansketida var det ingen norsk sentraladministrasjon og heller ikkje norske vegstyresmakter. Stiftet var høgste myndigheit, og Bergens stift betalte frå "den bergenske veikasse" til oppgraderinga.

Køyreveg for hest vogn

I åra 1790-93 vart arbeidet gjort. Ikkje minst var etappen gjennom Galdane ei stor utfordring. Dette vegstykket vart rekna som ".. den vanskeligste Vej, som kan findes i noget Land", som biskop Pontoppidan sa i 1749. Andre reisande skreiv og skremmelege skildringar av turen gjennom Galdane, særleg vinterstid. I gammal tid vart nok begge sider av dalen og strekninga kalla "Galderne". Også i dag er dette ei vanskelege vegstrekning som går under namnet "Seltåsen".

Vegbyggjarane

Generalvegmeister i Bergens stift, Christopher J. Hammer (1759-1823) hadde ansvaret for oppgraderinga av kongevegen på vestsida av Filefjell. Han la "Det franske prinsipp" til grunn for vegbygginga. I siste halvdel av 1700-talet kom franske førebilete inn i norsk vegbygging. Vegane skulle helst vera snorrette. Resultatet vart ofte bakke opp og bakke ned i bratte stigningar.
Løytnant Wilhelm Jürgensen (1762-1842), seinare kjend som kompanisjef for det Lærdalske kompani, var kommandert til Lærdal med 50 "gevorbne" (verva) menn. Jürgensen og mennene hans saman med lokale bønder og husmenn bygde vegen "med nogle pryl" frå stiftsgrensa på Filefjell, nedover Borgund, i Vindhella og mest truleg også gjennom Galdane.

Traséen

Frå Husum og nedover mot Lærdalsøyri følgjer traséen nordsida av dalen forbi gardane Fremre og Nedre Øygarden for så å gje seg i kast med sjølve Galdane-strekninga. Den gamle postvegen kryssa elva ved Bruknappen og gjekk på sørsida over Seltåsen til Seltun. Men Hammer følgde nordsida vidare nedover, bakke opp og bakke ned, mange stader på høge murar med brusande elvejuv nedanfor. Eit stykke etter husmannsplassen som har gjeve namn til strekninga, flatar dalen noko ut og lendet vert lettare ved Seltøyni (Fjellheim) og Seltun.
Vegstykket var i bruk i om lag 50 år. På 1840-talet vart den "Bergenske Hovedvei", som den no vart kalla, på nytt oppgradert og lagt på sørsida av denne vanskelege strekninga, "der den tilforn hadde ligget". Kaptein Finne, Vindhellas byggmeister, hadde då bygt "det nye storartede veianlegg over Selthunaasen".
Dei gamle vegane på begge sider av dalføret er i dag godt oppmerka og er populære turvegar i sommarhalvåret.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statens vegvesen Sogn og Fjordane - Lærdal kommune: Frå kongeveg til stamveg. Hermansverk - Lærdal 1993.
Kulturhistorisk vegbok Sogn og Fjordane. Lærdal - Sogndal. 1989.
Hvattum, Harald: På gamle vegar i Valdres. Valdres Forlag og Valdres Folkemuseum, Fagernes 1993.
Skoug, Stein E.: Kongeveien over Fillefjell. Grøndahl 1975.
Karlsø, Nina Mari: Fra kløv til stamveg. Hovudoppgåve 1999, Norsk landbrukshøgskole, Ås.

PERMANENT IDENTIFIKATOR