Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vetvik - storgarden som vart fråflytta



På nordvestsida av Bremangerlandet - ut mot det opne storhavet, finn ein den fråflytta grenda Vetvik. Her budde det folk før, eit heilt lite bygdesamfunn. Dei siste flytta bort i 1951.

Oversiktsbilete over Vetvika. Vi ser Vetvikstranda sett frå garden Vetvik mot garden Solheim.

Oversiktsbilete over Vetvika. Vi ser Vetvikstranda sett frå garden Vetvik mot garden Solheim.

Eigar: Einar Vetvik.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Einar Vetvik.

Skildring frå 1968

Presten Arne Eltervaag var innom i Vetvika i 1968. Han skildra etterpå turen i kyrkjelydsbladet:

".. som en port midt i svarte fjellet. Vi kommer inn på en stille bukt med en lang, tindrende hvit sandstrand og rundt denne en vakker liten bygd: Vetvik. (...) Vi nærmer oss bebyggelsen, tomme nakne glassruter stirrer nyskjerrig på oss - men ingen mennesker bakom dem. En dør skriker skjelvende på rustne hengsler, en løs lem slår i vinden, overalt er der øde og tomt. En gammel låvebygning har gitt seg ende over - den maktet ikkje å stå der alene lenger - nå ligger bordbiter, planker, vindusrammer og taksten i en eneste floke nede i grunnmurene."

Fleire gardsbruk

På slutten av 1800-talet var det tre, ikkje så reint små gardsbruk i Vetvika. Her budde på det meste opp til 40 menneske, og med eigen skule og gravstad, var grenda eit heilt lite samfunn i seg sjølv. Men der det før trødde mange kyr og leika store barneflokkar, er det no stille. Dei husa som står att, må ta til takke med eit tilvere som feriebustader.

Bilete av gravstaden på Vetvik.

Bilete av eit hus på Vetvik med ein stor stein framfor.

Eit offer for framsteget

"Vetvik vart eit offer for teknikk og framsteg. Det er som vi alle vert fatigare." Dette vemodige sitatet er henta frå Reidar Torvanger, seinare ordførar i Bremanger. Han skreiv ein nekrolog over staden då dei siste fastbuande flytte hausten 1951. Tida hadde då gått frå bruka på gardane Vetvika og Solheim, og fråflyttinga var ei erkjenning av at ein ikkje kunne "rekne med å få noko slikt som rutesamband, veg, elektrisk kraft, eller andre samfundsgoder."

Bilete av garden Solheim i Vetvika.

Lang busetjingssoge

Med fråflyttinga var ein lang busettingstradisjon komen til ende. Fornminne og segner fortel om ei busetting som strekkjer seg langt tilbake i førhistorisk tid, og alt i alt finst det eit rikt kjeldetilfang om Vetvika og folka der.  

Går ein tilbake til 1900, såg situasjonen langt lysare ut enn tilfellet i 1951. Då budde det med stort og smått 36 menneske på gardane Solheim og Vetvik, fordelt på seks hushald. Folketalet hadde då vore i vekst sidan midten av hundreåret. Det var heller ikkje små gardsbruk det var snakk om. Faktisk hadde den eine garden, Solheim, den største matrikkelskulda ute på Bremangerlandet. Gardane hadde eit stort og godt beite, og potet- og kornavlingane kunne også vere rett store år om anna, men det kunne også hende at potetkålen vart svidd av saltråka frå storhavet.

Fiske og forlis

Det var ikkje berre gode beite som låg til grunn for busettinga i Vetvik, men også den strategiske plasseringa i forhold til fiske. Ein hadde kort utror til fiskefelta, og gardane hadde eit rikt laksefiske. Historia syner likevel at det ikkje berre var ei velsigning å bu på ein slik stad. Forlisa har såleis vore mange og tragiske. 

Den verste hendinga ein kjenner til hende i 1810, ikkje under fisket, men i samband med ein bryllaupsfest. Anders Endreson frå Vetvika skulle etter planen gifta seg med Marta Monsdotter frå Førde, og var innover til Grotle for å hente sysken og anna skyldfolk til festen. Trass dårleg vêr la dei i veg med kanskje så mange som elleve bryllaupsgjester i båten. Men verken Anders eller gjestene nådde nokon gong fram. Dei bleiv, og den planlagde festen vart erstatta med sorg og gravøl. Anders, som sjølv hadde mist far sin på sjøen som åtteåring, etterlet seg ei gravid festarmøy.

Amtsløyvingar for betre hamnetilhøve i Vetvika

Det lunefulle vêret fekk på 1890-talet amtet til å løyve pengar til bygging av naudhamn med molo på Vetvika. Moloen med båtopptrekk vart ferdig i 1901 og skulle ikkje berre gjere landinga lettare for folka på staden, men også koma til nytte for alle andre som prøvde lukka på torskefiske nordvest om Olderveggen. I innstillinga vart det også understreka at det dei siste åra hadde vore tilstrøyming av fiskarar frå andre område og at "et Overfald af Søndenkuling paa Havet [var] langt mere farlig end for Hjemmefolket, da de fremmende er mindre kjent." At det var bruk for ei slik naudhamn fekk ein snart erfare. I 1907 måtte 72 fiskarar søke livd inn i Vetvika samstundes. Som mange før dei, hadde dei vorte overraska av eit rasande stormvêr.  

Vêret var også ei viktig årsak til at Vetvika i 1923 fekk eigen gravplass. Ferda til den siste kvila kunne verte vel balesam. Det kunne vere stridt nok for dei vaksne og spreke å frakte med seg dei gamle og borna over fjellet, eller å ro til kyrkja på Grotle og seinare Frøyen. Det seier seg sjølv at det heller ikkje var noko særleg å vere vêrfast saman med avlidne. Etter at dei fekk eigen gravplass kunne folka på Solheim og Vetvik sjølv ordne med gravlegginga, mens presten stod for jordpåkastinga når det høvde for han.

Bilete av utsikt over bøane på Vetvik.

Folkenedgang og krigstid

På trass av naudhamn, gravstad og seinare telefonline, gjekk utviklinga etter kvart frå gardane i Vetvika, og folketalet kraup nedover. Ei viktig årsak var at staden hamna i ei kommunikasjonsmessig bakevje. Så lenge ein ikkje hadde større båtar enn at dei let seg dra på land kunne ein enno halde fram med fisket, men med overgangen til større båtar og etter kvart motoriserte farty, vart det vanskelegare å basere seg på hamna i Vetvika. Staden vart også liggjande utanfor det rutebåtnettet som voks fram ut etter 1900-talet. 

Rett nok hadde Vetvika sjølv ein stor rutetrafikk ei tid, men då av det slaget ein ikkje kunne finne i rutetabellane. Under krigen var det nemleg ein stor trafikk frå Vetvika og over til Shetland. Herifrå vart ikkje bare unge bremangerar frakta over, men også folk frå andre stader i landet. Trafikken gjekk lenge utan store problem, men hausten 1942 var det slutt. Gestapo slo til og to menn var sendt i tysk fangenskap.

Avvikling

I 1951 reiste altså dei siste frå Vetvika. Samfunnsutviklinga førte til at både det lokale fisket og gardsdrifta til vetvikarane vart liggjande i ei bakevje. Mens staden tidlegare låg godt til rette for kombinasjonsdrift av fiske og jordbruk, var den no tilsvarande lite egna på begge område. Som tidlegare nemnt hadde Vetvika ikkje hamneforhold tilpassa moderne fiske, men også for den andre søyla i busettinga, gardsdrifta, vart det etter kvart vanskeleg.

Sjølvberging var lenge eit grunntrekk ved gardsdrifta, men ut etter første halvdel av 1900-talet vart dette av mindre og mindre vekt, til fordel for ein meir marknadsretta produksjon. Dei fyrste åra i etterkrigstida vart såleis mange små eller avsidesliggjande gardsbruk lagde ned, medan mange av dei gardane som var att, slutta med arbeidskrevjande driftsformar som mellom anna stølsdrift.

Bilete av to personar i Krypsdalen.

Vetvika i dag

Trass i fråflytting er det ikkje rett å tale om Vetvik og Solheim som øydegardar. Nokre av bygningane vert enno haldne i stand. Mange har også vorte freista av dei kvite strendene eller dei høgreiste fjella til å turen, anten over fjellet eller med båt.

Vetviksongen av Jørgina Vetvik

"På Vest-Noregs ville og sundskorne strand
ei vik skjer seg inn,
ligg open mot storhav med sjøbrått og brann
i vêr og i vind.
Ei fjellrekke ringar seg rundt og til side frå nord og til sør,
og med utsyn så vide.
I Nonsfjellet, aksla og Nebba så bratt,
der dvergmålet ljomar ved dag og ved natt.
Den vika er Vetvik på Bremangerland,
ein avfolka stad.
Men vi som voks opp der ved storstein og sand,
vi kjenner oss glad når atter frå utferd vi heime kan finnast
og framfarne dagar i samvær får minnast."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda folkeblad. 27.09. 1951.
Fjordenes Tidende. Julebilag 1968.
Jul i Sunnfjord. 1979.
Kyrkjebladet for Bremanger og Davik. Nr. 3 og 8. 1971. Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger 1958.
Upublisert hefte til Slektstemne i Vetvik, 25 juni 1994.
Folketeljingane for Kinn 1801, Bremanger 1865 og 1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR