Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. februar 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Sogndal kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Sogndal.

Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Eigar: Sogndal Sogelag

Datering: 1905

Fotograf: N. O. Reppen.

Sogndal kommune i 1905
Sogndal kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Stedje, Norum og Kaupanger. Fjærland sokn høyrde til Balestrand, og garden Tingastad på sørsida av Sogndals-halvøya til Fresvik sokn i Leikanger.

I 1900 var folketalet 3479, fordelt med 2067 i hovudsokna, 884 i Norum og 528 i Kaupanger. I tillegg kjem Fjærland sokn, då i Balestrand, med 757 innbyggjarar.
Viktigaste næringa var jordbruk med m.a. produksjon av gamalost for sal. Fruktavl var viktig, særleg i Norum og Stedje sokner. På Foss i Sogndal var Sogns Uldspinderi og Farveri. Kommunen hadde bank (Sogndal Sparebank), oppretta i 1841 som den første i Sogn. Det var hotell i Fjærland (Mundal Hotell), i Fjøra (Danielsens Hotel) og på Stedje (Frk. Lems Hotel), fem postopneri (Slinde, Fardal, Kaupanger, Sogndal og Fjærland) og tre rikstelefonstasjonar (Amla, Sogndalsfjøra og Norum).

Fylkesbaatane hadde stoppestad på Slinde, i Fardal, Sogndal, Jordal, Fjærland og Amla. Hovudvegen frå Sogndalsfjøra til Hafslo var nett omlagd frå Gildreskreda til andre sida av elva. Elles var det ein del bygdevegar. På Loftesnes budde kommunalt tilsett ferjemann som skyssa over Sundet.
Sogndal Folkehøgskule - Helgheim - avslutta vinterkurset sitt 4. april med fest. Mellom talarane var lærar og redaktør Jens Kvåle som "heldt fram at skule og kundskap burde styrkja den nasjonale vokster i folket, so me vart eit sterkt folk".

"i spændt Forventning"
I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Sogns Tidende kom ut i Sogndal frå 1903, eigd og driven av Jens Kvåle. I ei fråsegn ved oppstarten gjekk det tydeleg fram at avisa skulle vera talerøyr for oppløysing av unionen med Sverige.

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedøme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvæntning nede ved Dampskibsanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Krigsfåren var aktuell, noko eit lite minne frå Fjærland skildrar:
" I 1905 hugsar eg det sat ein flokk ungdomar like heimanfor huset her og prata, det kunne verta krig og at dei måtte i krigen. Då sa ein: Eg er sikkert ein av dei første som vert skoten, for eg er høg, og eg er ikkje flink til å gøyma meg."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk - engasjerte mange. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det første toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet og bygging av sjukehus.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.
Innføringa av Blix-salmane var eit av stridsemna i sokna, med opne møte, ordskifte og avrøysting i kyrkjene. I Fjærland vart det omval. I Sogndal var det innsamling til kyrkjeorgel.

Loenulukka natt til 17. januar, då eit ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske, gjorde stort inntrykk. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og bonde Ivar Gurvin vart vald til ordførar. Ove Guldberg Arctander var sokneprest. Nils Landmark Lem var lensmann og han var medeigar i Sogns Uldspinderi og Farveri. Bonde Skak Lystrup Ormelseng, tidlegare ordførar, var 4. varamann til Stortinget frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906. Jens Kvåle var varaordførar, redaktør av Sogns Tidende (som kom ut i Sogndal), lærar ved Sogndal Folkehøgskule og venstrepolitikar. Lærarkollegaen Vilhelm Flugheim var målreisingsmann, lokalhistorikar, venstrepolitikar og republikanar (han skreiv under eit opprop mot kongedøme). Gert Falch Heiberg i Amla bygde på denne tida det første museumsbygget på garden, på det som skulle verta De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum.

Amtsdyrlege Jonas S. Mossige budde i Sogndal, det same gjorde amtsgartnar Jon Valset.

Lag og organisasjonar
I Sogndal var det i 1905 eit politisk lag (Venstre) og fire ungdomslag, (i Sogndal og Kaupanger og to i Fjærland), eit songlag med utspring i Sogndal ungdomslag og eit aktivt mållag som tok opp arbeidet med innføring av Blix-salmane. Andre lag var Sogndal skilag skipa i 1895 og Sogndal sjukepleiarforening (seinare Sogndal helselag). Eit arbeidarlag hadde tilskipingar med foredrag "haldne utanum politisk og religiøs partistrid". Med basarar samla dei inn pengar til ein hjelpekasse til bruk ved sjukdomstilfelle til dokterhjelp og medisin. I 1905 var det 32 medlemer i laget, truleg helst arbeidarar ved ullvarefabrikken. Elles var her fleire misjonsforeiningar, fråhaldslag og barnelag.

Då striden kring unionsspørsmålet kveste seg til, vart det skipa mange skyttarlag kringom i landet. I 1905 veit me om fire lag kring i sokna, Sogndal, Middalen, Loftesnes og Barsnes, og Fjærland, men det var truleg fleire.

17. mai 1905
Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905.
I Sogndal samla folketoget seg 17. mai ved heradsbygningen og gjekk i tog til Prestadalen der folkehøgskulestyrar Olav Hauge heldt tale for dagen og Jens Kvåle for Stortinget. Om kvelden var det mange festar i hovudsokni, for folkeskulen i Trudvang, for folkehøgskulen på Helgheim, i Prestegarden for ungdomsforeningen, i heradshuset for ungdomslaget og hjå landhandlar Ølnes i Fjøra var det skipa til folkefest av venstrelaget, mållaget og arbeidarlaget.

I Kaupanger vart 17. mai høgtida for 3. gong. Folk samla seg ved den nye dampskipsbryggja der høgskulelærar V. Flugeim og Jørgen Holen heldt kvar sin tale for dagen. Møtelyden gjekk i tog til skulehuset der det var fest om kvelden med barneleikar, servering, song og opplesing, framsyning av eit tablå med jenter i nasjonalbunad, folkeviseleik og tale for flagget og ungdomen.

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk rundt om i landet venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.
Fyrste pinsedag las sokneprest Arctander opp "Kundgjørelse fra Norges Storting til det norske folk!" frå preikestolen i Stedje-kyrkja. Etterpå skreiv han i kyrkjeboka:"Oplæsning af Storthingets proklamation til det norske folk om den nye regjering."

Den 13. juni 1905 vart det sendt eit telegram til regjeringa og Stortinget: "Sogndals herredsstyre og større del af bygdens folk, i dag samlet til møde, hilser regjering og storthing, idet vi udtaler som vort faste haab og vor sikre tro, at de tagne skridt vil blive til held og lykke for Norges land og folk. Gurvin, ordfører. Arctander, sogneprest. Lem, lensmand."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedøme og republikk.

Sogndal valsokn tilsvara dåverande Sogndal kommune. Valstyret for Stedje sokn var samansett av: lensmann Lem (formann), Nils T. Aaberge, Andreas K. Tylden, Jens Kvåle og Ingebrigt L. Ølnes, for Kaupanger sokn: N. Knagenhjelm, Erik O. Bjørk, Ivar Gurvin og for Norum: Anders L. Slinde, Elling N. Fimreite og Jens J. Ylvisager. For Fjærland sokn, då i Balestrand: Johannes Mundal og S. Bjaastad.

I begge røystingane var røystestadene i kyrkjene. Oppteljinga for Sogndal valsokn gjekk føre seg i Stedje kyrkje.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Ein person som var til stades under folkerøystinga i Fjærland den 13. august sende eit stykke til avisa Sogningen om hendinga:
"Større sogedag hev vel Fjærland aldri sett. Gamle og unge, norske og utlendingar gjekk med i ja-toget vaart. (..) Alle var i høgtidsstemning. Kyrkjeklokkorne kalla toget mot kyrkja, - skoti dundra sitt ja til 7de juni, og flagdi vifta yver eit lite, men frit folk." Ved hotellet heldt kyrkjesongar Dahle ein kort tale, og så gjekk dei til kyrkja der Ola Lidal heldt ei bøn og fedrelandssalmen vart sungen. "Inngongen til stemmestova var soleis tilstelt, at der var trongt for ein nei aa sleppa inn. (Ein maalar Johannesen og hans tyske kona hadde stræva mykje her). So kom det største: Eit reint ja som seint vil gløymast. Um kvelden song me og engelsmennene um kapp. Baal vart brent paa fjorden. Me slutta ikkje den 13de fyrr den 14de kom."

Resultatet i Sogndal valsokn: Av 706 som hadde røysterett, røysta 677. Av desse vart 672 røyster godkjende, 670 ja-røyster og 2 nei-røyster. Diverre har me ikkje tala for Fjærland. Sogndal hadde to av dei tre nei-røystene som vart avgjevne i heile amtet. Frammøteprosenten var på 95,9. I nabokommunen Leikanger var frammøteprosenten 96 og i Sogn og Fjordane 88,7.

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905, men dei ynskte å gje sitt ja tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar, men måtte gjennomførast snøgt. Avisa Sogns Tidende 09.08. fortel at dei har fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men at kvinner i Sogndal har " .. alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt." Me har kopi av Kaupangerlista, der den første til å skriva under var fru Magda Knagenhjelm og sidan kvinner i hennar heim. På lista finn me kondisjonerte fruer og jomfruer, tenestjenter og leiglendings- og husmannskoner.

Folkerøysting i november - kongedøme eller republikk
Resultatet av folkerøystinga i november for Sogndal valsokn: Av 717 med røysterett, røysta 614. Det gjev ein frammøteprosent på 85,6. Tre røyster vart forkasta. 463 røysta ja (for kongedøme), 148 røysta nei (for republikk). Me har diverre ikkje tala for Fjærland.

Før valet i november var det aktiv valkamp frå begge sider. I Sogndal vart det halde foredrag av amtmann Utheim som var republikanar på sin hals. I Sogns Tidende skreiv Jens Kvåle etterpå at: "Dei maa vera underlegt laga dei som etter dette foredraget kann faa seg til aa røysta ja."
Avisa Sogningen var høgre-avis og for kongedøme. Lensmann Lem ivra for dette og skreiv i denne om føremunene med eit slikt. "Vi ved alle, hvilken farlig Situation vi isommer var oppe i. Nu søger de, der ikke kan trives uden idelig Strid og Ufred, at forlede Folket til atter at kaste Landet ind i utrygge Forhold og Tilstande, for hvis Udgang ingen kan gjøre Rede."

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England, og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og sonen Alexander fekk namnet Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. I kommunestyret i Sogndal 20. november heldt ordførar Gurvin tale for fedrelandet og den nye norske kongen. Medlemane reiste seg i samla flokk og ropa eit trefaldig hurra for kongen. Det vart vedteke at ordføraren skulle senda ei telegrafisk helsing til kongeparet den dagen dei gjorde sitt inntog i hovudstaden.

"Fest i anledning tilendebringelse av frigjørelsesværket"
Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.
I Sogndal var det takkegudsteneste i Stedje kyrkje om føremiddagen den 7. desember og i Kaupanger om ettermiddagen. Trass i ruskever møtte mykje folk fram og flagga var heiste som så ofte i det siste. Kyrkja var pynta med gran og småflagg. Sokneprest Arctander heldt preika etter den teksten kyrkjestatsråden hadde peika ut, den 118. Davidssalmen, og utanom vanlege salmar vart sunge dette verset av fedrelandssongen: "Norske mand i hus og hytte, takk din store Gud!" og fedrelandssalmen: "Gud signe vårt dyre fedraland!"

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogns Tidende.
Avisa Sogningen.
Risnes, Kjerstin: Kvinneunderskriftsaksjonen i 1905. I Kjelda, nr. 3, 2004.
Helland, Amund:Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II. Kristiania 1901.
Soknepresten i Sogndal: Dagsregister.
Stortingsarkivet: Landskvinnerettsaksjonen. Faksimile av underskriftsliste.

PERMANENT IDENTIFIKATOR