Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. april 2005

Sist oppdatert 08. januar 2022

Kategori

Kommune

Rå-data

Fritjov den frøkne - "heidra" med hakekors i 1933



Laurdag 27. mai 1933 hende noko uvanleg på Vangsnes. Tyske offiserar i nazi-uniformer la ned krans ved statua av Fridtjov den frøkne. Kransen var laga av granbar og forma som eit hakekors. Offiserane kom frå Balestrand der den tyske kryssaren "Deutschland" låg for anker.

Kryssaren "Deutschland", bygd i Kiel, døypt 1931 av rikspresident Hindenburg. På besøk i Balestrand under jomfruturen våren 1933. Besøkte Noreg 12.-13. april 1934 med Hitler om bord. Senka den norske lastebåten "Lorentz W. Hansen" utanfor Newfoundland 14. oktober 1939. Endra namn til "Lutzow" i januar 1940. Var med på den tyske invasjonen i Noreg 9. april 1940, i posisjon like etter "Blucher" inn Oslofjorden.

Kryssaren "Deutschland", bygd i Kiel, døypt 1931 av rikspresident Hindenburg. På besøk i Balestrand under jomfruturen våren 1933. Besøkte Noreg 12.-13. april 1934 med Hitler om bord. Senka den norske lastebåten "Lorentz W. Hansen" utanfor Newfoundland 14. oktober 1939. Endra namn til "Lutzow" i januar 1940. Var med på den tyske invasjonen i Noreg 9. april 1940, i posisjon like etter "Blucher" inn Oslofjorden.

Flåtebesøk frå torsdag til laurdag

Den nye kryssaren "Deutschland" kom til Balestrand i åtte-tida om kvelden torsdag 25. mai 1933. Avisa Sogningen, som kom ut i Balestrand, melde om flåtebesøket tysdagen etter. Skipet var kome overraskande på dei fleste. Det var nettopp kome melding om at det kunne ventast.

Det ruvande krigsskipet med ein besetning på 623 mann låg for anker på fjorden til laurdag kveld.

Kom rett frå flåtemanøver

Sogningen kunne fortelja at krigsskipet var heilt nytt og nettopp ferdig med innreiinga. I veka før hadde "Deutschland" vore med på ein flåtemanøver "i Kiel", og "rikskanslar Hitler" hadde vore på besøk.

Marinegastane liva opp langs vegane

Avisa fortel også om ilandstigning i Balholm og Fjærland:

"De vakre orlogsuniformer har livet godt op på veiene og tradisjonen tro har gastene opført sig mønsterverdig. De har derfor sikkert fått inntrykk av at de var velsette.
Fredag var 400 mann av besetningen i Fjærland for å se på breene."

Krans på soldatgrav

Laurdag føremiddag var det kransenedlegging på ei tysk soldatgrav på Tjugum kyrkjegard. Nestkommanderande på "Deutschland" var tilstades ved høgtida, som føregjekk under militær honnør.

Krans forma som hakekors ved Fritjov-statuen

Ei hending laurdag ettermiddag fekk eige oppslag. Det er tydeleg at redaktør Knoff ikkje kjende seg heilt vel med denne delen av flåtebesøket: Nedlegging av hakekorsforma krans ved Fritjov-statua på Vangsnes. Han må ha undersøkt hendinga nærare og funne ut at det var søkt om løyve i "utenriksministeriet". Og vi må tru at søknaden vart innvilga. I avisa står:

"Fritjof er blitt nazist.
Tyskerne bekranser monumentet med hakekorset.
Lørdag eftermiddag drog en del officerer fra "Deutschland" iført nazistuniformer til Vangsnes hvor et mektig hakekors bundet av granbar blev lagt på monumentet.
Der var søkt om tillatelse i utenriksministeriet."

Om flåtebesøket i to andre aviser

"Alltid fyrst med alt nytt som hender i ei bygd - må vera ordtaket eit blad arbeider etter. Hugs på det. Dette gjeld like mykje referat av heradsstyremøter og andre møter, som anna meir uventa nytt." Det forkynte Sogns Avis (Vik) i ein eigenreklame 26. mai. På denne bakgrunnen er det underleg at den uventa hendinga med hakekors og Heil Hitler! på Vangsnes, ikkje er nemnt med eit einaste ord. Avisa litt lenger inne i fjorden, Sogns Tidende (Sogndal), hadde to liner, truleg med Sogningen som kjelde:

"Ogso ein nazist.
Laurdag ettermiddag drog nokre tyske offiserar til Vangsnes og klædde "Fridtjof" med eit stort hakekross bunde av granbar."

Fire møte med Noreg

Kryssaren "Deutschland" hadde fire møte med Noreg i åra 1933-1940. Dei to fyrste som fredeleg gjest, dei to siste som angripar og fiende.
1933. "Deutschland" på besøk i Balestrand 25.-27. mai.
1934. "Deutschland" på besøk i Sognefjorden 12. april. Hitler var med.
1939. "Deutschland" senka den norske lastebåten "Lorentz W. Hansen" 1. oktober ved New Foundland.
1940. "Lutzow" (eks. "Deutschland") var med i angrepsstyrken mot Oslo 9. april.

kjelder:

Lokalaviser, nemnde i teksten.


Norsk allkunnebok. Band 9. 1959.


Shirer, William L: The Rise and Fall of the Third Reich. A History of Nazi Germany.1959.


Toland, John: Adolf Hitler. 1976.


Ese, Hallstein: Hitler på viktig tur til Sogn i april 1934. I Sogn Avis 13.04.2005.


PERMANENT IDENTIFIKATOR