Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vassreguleringsanlegget på Nummedalsstølen



Harald Nummedal bygde i 1930 eit sjølvregulerande anlegg for vasstilførsel på Nummedalsstølen. Anlegget gav jamn tilførsle av vatn til gardane i Nummedal.

Vassreguleringsanlegget på Nummedalsstølen. Anlegget vart bygt i 1997, nøyaktig slik det opphavleg var.

Vassreguleringsanlegget på Nummedalsstølen. Anlegget vart bygt i 1997, nøyaktig slik det opphavleg var.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1997.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Mannen bak

Harald Nummedal (1912-1991) var gardbrukar i Nummedal i Vik. Garden fødde 4 kyr og nokre sauer. Harald fatta tidleg interesse for teknikk og tekniske innretningar. Alt i 10-12 års alderen var han komen så langt med eksperimenta sine at han kunne setja i drift ein spinnerokk driven med vasskraft. Harald fekk inga teknisk utdanning. Einaste utdanninga han hadde var sløydskule vinteren 1933/34 i Ortnevik hjå Lars Norevik.

Grøver ned frå fjellet

Mellom bustadhuset og eldhuset på garden renn ei grov ned frå fjellet. Her sette Nummedal opp ein kvernkall som dreiv rokken. Grova med tilsig frå fjellet ovanfor Nummedal deler seg i to, Skulegrovi og Nummedalsgrovi. Far til Harald hadde hatt tilsynet med overflatevatnet over Nummedalsgardane mot ei lita godtgjering. Vatnet frå begge grøvene utnytta bøndene i Nummedal både til sliping og tresking. I somme periodar kunne grøvene vera vasstomme, andre gonger fløymde dei over. Begge deler var like ille. Den ideelle løysinga var ei stabil vasstilførsle i begge grøvene.

Kontroll med vatnet

Å få kontroll med vatnet oppe i fjellet vart ei utfordring for Harald, og 18 år gamal fann han ei genial løysing på problemet. Han konstruerte eit sjølvregulerande system som gav passeleg med slipe- og treskjevatn, og som regulerte overløpsvatn attende til hovudvassfaret, elva Turao. Ein tredje føremon var at det sparde ein for mange inspeksjonsturar til fjells. Sjølve anlegget fungerte i meir enn 30 år, til frampå 1960-talet. Dette originale kulturminnet er restaurert og sett i stand av Einar og Olav J. Nummedal.

Teknisk løysing

Sjølve anlegget ligg i nedre delen av Nummedalsmyrane på høgd med Flateng. Innretninga ligg mellom elva Turao og ei lita grov. Mellom grova og Turao sette Harald opp to stokkar som balanserte mot kvarandre med lodd og oppheng. I enden på fyrste stokken hadde Harald festa ein reguleringskasse av tre med hol i. Når det var mykje vatn i grovafaret, fylte vatnet kassen, og kassen seig ned. Høgre ende av stokken for opp, og pressa dermed ned den andre stokken. I enden på den stokken var det festa ei luke i eit spor. Denne luka opna og stengde seg automatisk alt etter kor mykje vatn det til kvar tid var i reguleringskassen.
Når det rann lite vatn i grova, tømdest reguleringskassen, dermed letta han seg opp. Dette forplanta seg vidare slik at luka vart opna og sleppte vatn frå Turao til Nummedalsgrovi. Vatnet som slapp gjennom luka, kom ned til nummedalsbøndene som slipe- og treskjevatn. Overskytande vatn for attende som overløp til Turao. For å få dette til å verka, måtte det fininnstilling til. Det kunststykket greidde Harald Nummedal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergfjord, Kjell: Harald Nummedal - sjølvlærd og innsiktsfull teknikar. I Pridlao, nr. 2, 1993. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Olav J. Nummedal f. 1927, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR