Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Trollefos Uldvarefabrik



I over tretti år forsynte Trollefossen ved garden Engjabøen i Holmedal ein ullvarefabrikk ved same namn med straum, fram til bygningane brann ned i 1932. Tiltaket skapte arbeidsplassar, men møtte mange vanskar.

Brevarket vart nytta av fabrikken i 1924. Brevhovudet inneheld bilete av fabrikkbygningane, Nyksvatnet og Trollefossen. Brevet er adressert til R. Fagerheim med beskjed om at Theodor Bjaanes ikkje kunne møta på neste skulestyremøte. Det er underskrive av Chr. M. Vestrheim.

Brevarket vart nytta av fabrikken i 1924. Brevhovudet inneheld bilete av fabrikkbygningane, Nyksvatnet og Trollefossen. Brevet er adressert til R. Fagerheim med beskjed om at Theodor Bjaanes ikkje kunne møta på neste skulestyremøte. Det er underskrive av Chr. M. Vestrheim.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1924.

Starta opp i ei gründertid

Aksjeselskapet Trollefos Uldvarefabrik vart skipa i 1898, i det som må karakteriserast som ein veldig vekstperiode for industrien i Dalsfjordområdet. På omtrent same tid kom teglverka i Vårdal og på Helle, kloggefabrikken i Dale og smørfabrikken "Flora" i Holmedal. Bergensaren Johan Jenssen, som då budde på Holmedal gard, hadde ein finger med i spelet ved skipinga av dei fleste av desse tiltaka, likeins i Trollefos Uldvarefabrik. Han fann investorar som var viljuge til å satse, og vassrettane i fossen og fabrikktomt vart kjøpte.

Portrettbilete av Johan Jenssen.

Produksjonen

Året etter var fabrikken komen under tak og produksjonen kunne ta til. Vevstolar, spinnemaskiner, strikkemaskin og kardesett vart leverte frå Tyskland. Lokale bønder leverte ulla, i tillegg til tilsette agentar som reiste rundt og kjøpte opp ull og filler. Det vart laga dresstøy, kjoletøy, ullteppe, strikkegarn, filleryer, golvteppe og vatteppe. Fabrikken hadde eige utsal på kaien i Holmedal, og eigen arbeidarbustad på Engjabøen med rom til fire familiar. Elles hadde mange arbeidarar lang veg - nokre kom roande over fjorden kvar dag.

Ein farleg arbeidsplass

Arbeidsmiljøet var, som i dei fleste andre tekstilfabrikkar på denne tid, lite påakta. Maskinane støya fælt og arbeidarane var dårleg skjerma mot tromlar og valser. Fleire gonger hende det at dei tilsette sette fast fingrar og hender.

Vanskar frå første stund

Ullvarefabrikken ved Trollefossen viste seg å verte eit ulukkeleg økonomisk prosjekt. Alt før produksjonen kom i gang, laut ein gå til inkasso for å drive inn midlar frå aksjeeigarar som ikkje hadde betalt inn det dei skulle. Berre etter få år laut fabrikken falby varene sine for å få inn til lønsmidlar. Periodevis var avsetnaden betre, men utetter på 1920-talet vart situasjonen svært vanskeleg, og i 1923 vart selskapet slått konkurs. Drifta vart likevel halden i gang av eit nytt selskap. Så hende den store ulukka ei aprilnatt i 1932. Sjølve fabrikklokalet brann då ned til grunnen. Bøtter og slangar låg inne i fabrikklokalet, og det var difor lite ein kunne gjere for å sløkkje brannen.

Ullvarefabrikken vart sidan ikkje bygt opp att. Maskinane vart selde til skrapjern, og fabrikkområdet har sidan vorte stadig meir tilgrodd.

Bilete av ein gruppe menensker med tilknytning til ullvarefabrikken.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Eikemo, Kjell: Ein som skapte liv og rørsle i ei still sunnfjordbygd. I: Sogeskrift for Askvoll nr. 12. Askvoll 1999.
Grane, Leif: Trollefos Uldvarefabrikk. I: Sogeskrift for Askvoll nr. 7. Askvoll 1994.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR