Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gardfjøs på Mannset



På Mannset i Remmedalen står murane etter ein gardfjøs. Det var Guttorm Mannset som sette opp fjøsen på Steinane, i skiljet mellom innmarka og utmarka fire-fem hundre meter frå gardstunet. Gardfjøsen er eit interessant gardshistorisk kulturminne. Eit spørsmål melder seg: Kvifor bygde Guttorm ein så stor og solid gardfjøs så kort stykke frå heimefjøsen?

Gardfjøsen på Mannset ligg i skiftet mellom innmarka og utmarka. Fjøsen er ein del av steingarden mot utmarka som går ned frå hjørnet lengst søraust (til høgre), og ut frå hjørnet i sørvest (til venstre).

Gardfjøsen på Mannset ligg i skiftet mellom innmarka og utmarka. Fjøsen er ein del av steingarden mot utmarka som går ned frå hjørnet lengst søraust (til høgre), og ut frå hjørnet i sørvest (til venstre).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gardfjøsen år 2000

Gardfjøsen på Mannset ligg i eit nokså bratt lende kring 400 meter i austleg retning frå gardstunet. Murveggene er framleis i god stand, medan taket og det meste av trevyrket er borte. I år 2000 stod fleire velvaksne, minst tjue år gamle seljer i frodig vokster innom murane.
Fjøsen ligg orientert aust/vest og dannar øvre hjørne mellom utmark og innmark. Frå eine hjørnet går det steingard bortover eller utover og frå andre hjørnet nedover.

Mest stein

Inngangsdøra er på tverrveggen i aust. Tvers over døropningen er lagd ein svær steindragar. Eit lag av jamtjukke steinar langs halve breidda av muren må ha danna basis for gavlen som i denne enden var bygd i tre. Den motsette endeveggen var derimot bygd i stein heilt til mønet. På utsida her er det laga steinbru opp til ei døropning midt på gavlen. Taksperra var festa i solide raftestokkar som låg langs kvar langvegg med tversgåande bindebjelkar. Taket var tekt med bølgjeblekk.
Spor etter ''kyrabåsane'' syner enno. Dei var laga til frå døra med fire mot kvar vegg, Steinheller var sette opp som båsskilje. Innom båsane er det på langveggen mot innmarka ei opning for å hiva ut møka Lengst inne var det ein garde, og over denne garden var ein lem der dei la inn lauvkjervar til turking.

Guttorm Mannset bygde fjøsen

Guttorm Mannset (1878-1963) bygde gardfjøsen. Han gifte seg i 1912 med Johanne, fødd Smørdal (1887-1971), og fekk skøyte på garden i 1909. Guttorm var ein drivande gardbrukar, ein mann som stod med stubbebrytaren og nedi grøftene seint og tidleg, og som stadig dyrka nytt land.
Me veit ikkje årstalet gardfjøsen kom opp, men Anna Langø, fødd 1917 og som tok over garden etter Guttorm i 1947, minnest fjøsen heilt frå ho var lita.

I 1960 vart Guttorm heidra for livsinnsatsen sin på Mannset. Fylkeslandbrukssjefen og heradsagronomen kom på besøk og tildelte han Sogn og Fjordane fylkeslandbruksstyre si heiders-medalje. Anna og Bjarne Langø baud på middag. Den tilhøyrande diplomen heng framleis veggen i bestestova.

Bygd som åtgjerd mot kalvekasting

Kalvekasting vil seia at ein kalv vert fødd for tidleg. Ei slik hending var sjølvsagt ei ulukke på garden, og aller verste var det når fleire kyr i ein buskap kasta kalvane sine. Ein snakka då om kalvekastingsfeber. Einaste måten å verta kvitt denne sjukdommen var å halda kyrne borte frå fjøsen i lenger tid.
Anna Langø meiner ho har høyrt at Guttorm ein gong vart utsett for kalvekasting, og at det var dette som var grunnen til at han sette opp ein så solid gardfjøs i så kort avstand frå gardstunet.
Norges Veterinærhøgskole har på førespurnad opplyst at det var ei vanleg ågjerd mot kalvekasting å isolera kyrne frå den smitta fjøsen ei tid.

I bruk til kring 1970

Gardfjøsen på Mannset var i bruk i alle år fram til kring 1970. Jorunn Nyttingnes, fødd 1949 og oppvoksen på Mannset, var med og mjølka frå ho var 6-7 år gammal, og hjelpte tidvis til med mjølkinga heilt fram til 1968.
Dei gjekk opp om kveldane med mjølkebytter, hylkje og mjølkesil. Det hende dei måtte leita opp kyrne, men oftast var dei komne på plass frå beita i utmarka og venta på å verta sleppte inn i fjøsen der dei hadde sine faste båsar. Det vart lite i mjølkebytta og hylkjet på denne tida av året. Alle kyrne var haustbere og enten avsina eller i ferd med å verta avsina.

Ordforklaringar

kasta - kasta fosteret, abortera.

kjelder:

Opplysningar frå Jorunn Nyttingnes, Leikanger.
Norges Veterinærhøgskole, Ås.

PERMANENT IDENTIFIKATOR