Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvilestølen



Kvilestølen ligg i skoggrensa, ca. 560 m o.h. Dette er stølen for garden Kvile, gard nr.81 i Gloppen. Her i Breimslia ligg stølane på rekke og rad. Rett utanfor ligg Hetlastøylen og Kålsstøylen. Litt opp og innover Jorangerstøylen, og vidare innover Steinsåkerstøylen. Kvilestølen er ein romsleg støl med stor stølskvie og husa spreidt plassert. Her finn vi eit sel med tømra innsel og ope utsel. Dette er sikkert ei utvikling frå sel med eitt rom til i dag då alle sel i bygda har eit utsel i tillegg. Dette selet er truleg eit av dei eldste i distriktet. Stølskvia har hatt gjerde, men berre indre kvia har rester av gjerde att. Kvia er flat og slett og har tydeleg vore viktig som slåttemark. I seinare tid har dei demt opp ein bekk rett ovanfor kvia til glede for borna.

Gamalt sel med tømra innsel og ope utsel.

Gamalt sel med tømra innsel og ope utsel.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det gjekk 1 - 1,5 time å fylgje råsa oppover lia til stølen. I dag er det 3 km skogsbil-/dyrkingsveg til Hjelltunet, og vidare vel 2 km rås.

Bruk av stølen

I seinare tid rekna dei med at det var 30-40 kyr på stølen til vanleg. I tillegg kunne det vere kviger. Drifta var vanleg med å setje mjølka til syrning i treasker, fløyta av rømmen etter ca 3 dagar, bære heim surmjølka dagleg og rømmen ein gong i veka. Dei reiste til stølen først i juli og heim att i slutten av august.
Etter slåtten heime, var det å ta stølsslåtten. Det gjekk nok nokre dagar før dei var ferdige og høyet forsvarleg innlagt på fjøslemmen. Høyet vart frakta heim på slede om vinteren. Det vart slutt på vanleg stølsdrift og slått omkring 1950.

Klebersteinsbrot og tjøremile

I skogen mellom innmark og stølsmark stikk det opp mindre felt med olivinfjell. I ytterkant av desse finn vi ofte nærslekta bergarter som til dømes kleberstein. I utmarka til bruk 2 på Kvile har dei no funna eit klebersteinsbrot i kanten av Holten. Her ser vi tydeleg korleis dei har hogd ut emne til gryter.
Skogen har og vore viktig som råstoff for tjørebrenning. Mellom innmark og stølsmark finn dei rester etter tjøremiler. Nokre av desse har eigne namn. På bruk 1 har vi m.a. Davidhjellen (tjørehjell) som ligg rett ved den gamle stølsråsa.

Nokre fakta

Kvile, gard nr 81, Breim sokn, hadde 5 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR