Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. januar 2002

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hermetikkfabrikken på Grytøyra



Det starta med produksjon av krabbehermetikk, men etter kvart vart sardinproduksjonen viktigast. Etter omstruktureringa innanfor hermetikkindustrien vart det slutt på hermetikkproduksjon, og fabrikkanlegget vart ombygd for slakting og pakking av laks.

Etter at fabrikken vart nedlag overtok firmaet Grytlaks AS i 1985. Men i 1994 tok firmaet Norsalmon AS over anlegget og gjorde utover i 1990-åra store endringar både med tomten (utgraving og utfylling) og med utstyrsinstallasjonar.

Etter at fabrikken vart nedlag overtok firmaet Grytlaks AS i 1985. Men i 1994 tok firmaet Norsalmon AS over anlegget og gjorde utover i 1990-åra store endringar både med tomten (utgraving og utfylling) og med utstyrsinstallasjonar.

Eigar: NORSALMON AS.

Datering: 1999.

Fotograf: Terje Hatlem.

Oppstart

Det var i 1928 O. A. Skaar og Bernt Skaar starta krabbeproduksjon på Grytøyra. Den første var handelsmann, og hadde drive med salting av sild, torsk og sei. Den andre hadde m.a. drive med transport av krabbe til Sigurd Løkeland sin krabbefabrikk på Atløy, og fekk lyst til å prøve slik produksjon sjølv. Bernt stod for den praktiske leiinga av produksjonen, medan O. A. Skaar sytte for produksjonslokale i si romslege sjøbu.

Krabbehermetikk

Produksjonsutstyret var det vanlege på den tida. Det var to store kjelar til koking av krabben, ein autoklave, der kokinga føregjekk under trykk. Her vart boksane steriliserte. Dessutan hadde dei ei handdriven falsemaskin til å lukke boksane. Etter eit par år skaffa dei seg motordrift. I sesongane var fem til seks mann og kring tjue kvinner i arbeid. Midt på trettitalet vart krabbeproduksjonen avvikla, etter at ein sesongs produksjon måtte vrakast, då emballasjen ikkje heldt mål.

Sardinproduksjon

I 1930 tok dei til med sardinproduksjon. Dei var kjende med sardinproduksjonen på Askevold Canning A/S i Askvoll. I bua på Grytøyra vart det montert fire røykomnar. Under krigen 1940-45 tok tyskarane over bua, og etter krigen kom krabbeproduksjonen i gang på ny.

Eigarskifte og ny fabrikk

I 1949 selde Skaar fabrikken til Norwegian Preserving. Same hausten brann fabrikken. Ny fabrikk stod ferdig sommaren 1950, og vart seinare utvida med m.a. velferdsrom. Produksjon av sardiner og kippers vart no viktigaste produkta. Først på 1950-talet var her kring 50-60 tilsette, flest kvinner. Det var eit typisk kvinnearbeid å leggje sardiner i boks. Introduksjonen av tre-maskin på sekstitalet, slik at det ikkje lenger var nødvendig å manuelt henge opp brislingen til røyking, reduserte talet på arbeidarar. Krabbehermetikk vart produsert i krabbesesongen oktober-desember.

Omstrukturering og avvikling

I tiåra etter 1950 vart talet på hermetikkfabrikkar kraftig redusert, grunna høge produksjonskostnader, periodevis råstoffsvikt og marknadssvikt. Eit ledd i omstruktureringa var etableringa av Norway Foods i 1981, som tok over dei resterande sardinfabrikkane i landet, inkludert dei to på Grytøyra og Askvoll. Sardinproduksjonen på Grytøyra var då avvikla, og i 1982 vart det og slutt med krabbehermetikk. Dei neste tre åra vart fabrikken sin frysekapasitet nytta til fryselager av sild og brisling.

Over til laks

I 1985 vart anlegget teke over av firmaet Grytelaks AS. Fabrikken vart endra, modernisert og tilrettelagt for mottak, slakting og pakking av laks. Det var vanskeleg å få til lønsam drift, og etter at fleire selskap hadde drive anlegget, vart det i 1994 teke over av verksemda Norsalmon, leia av Terje Hatlem. Verksemda driv med slakting og pakking av laks. Fisken kjem frå kysten av Sogn og Fjordane. Verksemda har dei siste åra produsert mellom 2500 og 5000 tonn laks årleg.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystbygdene skifter ham. Kystlæremiddelprosjektet. Sogn og Fjordane DH. Hefte 3. Sogndal 1986.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960. Universitetsforlaget 1982.
Munnlege opplysningar frå:
Anders Skaar, Fjaler.
Terje Hatlem, Fjaler.
Olav Mundal, f. 1918, Fjaler.

PERMANENT IDENTIFIKATOR