Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mars 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bedehuset på Vassenden i Jølster



Vassenden kyrkje stod ferdig til bruk hausten 2001. Nokre år før vart Vassenden bedehus rive og selt. Det stod tett attmed hovudvegen i sentrum, men måtte bort i samband med utviding.

"Jølster bedehus" står det under dette biletet som stod i Det Norske Indremisjonsselskap sitt hovudorgan <em>For Fattig og Rik</em>, 3. februar 1952. Var dette bedehuset på Vassenden?

"Jølster bedehus" står det under dette biletet som stod i Det Norske Indremisjonsselskap sitt hovudorgan For Fattig og Rik, 3. februar 1952. Var dette bedehuset på Vassenden?

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane / For Fattig og Rik

Datering: 1952

Fotograf: Ukjend

Staden

"Vassenden bedehus står fint til straks nedanfor enden av vatnet, ikkje langt frå Vassenden hotel." Dette stod i eit avisstykke då bedehuset på Vassenden vart vigsla i 1932. Vassenden var ein sentral stad i Jølster kommune og knutepunkt for den nedre delen av kommunen. Vassenden var også ein sentral stad for samkomer i Ålhus kyrkjesokn.

Ålhus indremisjon bygde huset

Ålhus indremisjonsforeining vart skipa i 1907 etter opptak av lærar og kyrkjesongar Sigurd Fossen. Han var formann til 1923 då han flytte til Holmedal. Indremsjonsfolket sakna lenge eit forsamlingshus på den mest sentrale staden i bygda, Vassenden, men først vinteren 1931/32 gjekk dei for alvor i gang med byggjesaka. Mykje av byggjekostnaden vart dekka ved gåver og gratisarbeid slik at foreininga hadde berre kring 5000 kroner i gjeld då huset stod ferdig.

Stort hus

Bedehuset vart teke i bruk i påskehelga 1932, og vigsla første søndag etter pinse. "Huset tek seg svært godt ut og er sikkert eit av dei finaste bedehus som er bygde i Sunnfjord, " skreiv ein meldar til avisa Firda. "Det er sers praktisk og moderne innreida." Kjellarhøgda var innreidd med kjøken og matsal med plass til kring 100 menneske. Byggmeister Olai Slaatten stod føre byggjearbeidet.

Vigslinga

Mellom 4 og 500 menneske var tilstades under vigslinga. Høgtida tok til med føremiddagsmøte kl. 11 og heldt fram med sjølve vigslingsfesten kl. 16.00. På føremiddagsmøtet var det talar av sekretær Hagnor, og emissærane Hårvik og Holsen.

På vigslingsfesten fortalde formannen i byggjenemnda, Samuel Løset, litt om reisinga av huset og takka alle som hadde vore med og hjelpt til. Han overleverte deretter huset til Ålhus Indremisjon. Formannen, Kristen Slåtten, tok imot og takka. Han bar fram takk til arbeidsformannen, byggmeisteren og arbeidarne for godt og velgjort arbeid.

Sokneprest Bondevik heldt vigsletalen ut frå bibelordet "Huset skal helgast ved herlegdomen min, segjer Herren" (2. Mos. 29). Deretter tala Hagnor frå Landsindremisjonen. Han ynskte Guds rike signing over huset, og helsa med bibelordet "La oss gjera det gode og ikkje verta trøytte."

Etter matøkta vart ordet gjeve fritt og mange nytta høvet til å seia noko. Sigurd Klakegg helsa frå Sunnfjord indremisjon, emissær Hårvik frå Kinamisjonen og Kristianne Fluge frå Santalmisjonen. Soknepresten helsa frå kyrkja og kyrkjelyden. Elles var det helsingar frå skulestyrar Nils Husetuft, pastor Tromborg og bibelbod Mindor Dragsund.

Folk godt nøgde

Vigslehøgtida slutta i 9-tida om kvelden, og "meldar" skreiv til slutt i avisstykket sitt:
 

"Alle tykte at (...) det hadde vore ein rik og gild dag. Mykje godt hadde det vore bore fram denne dagen, til tukt, til trøyst, til minning. Gudsordet er so rikt og har noko å gjeva til alle.

Jølstrebygda har fått seg eit stort og godt bedehus og sikkert var det mange jølstringar som denne dagen var takksame både mot Gud og menneskje for ein slik merkedag."
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda. 02.04, 14.05, 25.05.1932.

PERMANENT IDENTIFIKATOR