Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. november 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Krigsminne i Sogn og Fjordane - Kontroll og varsling



Ein viktig del av kystforsvaret er kontroll av trafikken på sjøen, på land og i lufta, og varsling av fiendtleg aktivitet. I det norske Luftforsvaret er kontroll og varsling eiga tenestegrein, men omgrepet kan også nyttast om all militær kontroll av trafikken på sjø og land. I krigsåra 1940-45 bygde den tyske okkupasjonsmakta eit omfattande nettverk av postar og stasjonar for kontroll og varsling langs heile norskekysten. Formålet var trafikkontroll, og varsle om allierte fly eller fartøy. Framleis i dag finn vi spor av slike postar og stasjonar på små fjellknausar, langs skipsleia eller ved bilvegane.

Flymeldepost Brg 17 på Husefjellet ved Steinsund i Solund.

Flymeldepost Brg 17 på Husefjellet ved Steinsund i Solund.

Eigar: Frå boka «Fronten er kysten!»

Datering: 1941-42

 

Flymeldepostar
Det tyske luftvåpenet Luftwaffe hadde hovedansvaret for flyvarsling. Tyske fly var frå tid til anna ute på rekognoseringsturar, men i tillegg vart det bygd eit nettverk av flymeldepostar på bakken. Postane låg gjerne på ein liten fjelltopp med godt utsyn, og flyaktivitet blei meldt over radio, telefon, eller fjernskrivar til flymeldesentralar. Dei fleste av postane på Vestlandet rapporterte til Flug-Melde-Zentral (FMZ) Bergen. På Rundemann var radiostasjon, og på Fløyen låg FMZ Bergen. Der var også Jägerleitstelle Bergen som bestemte om jagarfly skulle sendast opp frå flyplassen på Herdla. Flymeldepostane fekk nummer og namn etter sentralen dei høyrde til. Postar under Bergen var Brg, Trondheim var Dri, og Sol var Sola ved Stavanger. Kvar flymeldepost kunne ha 13 mann, ein underoffiser, to sambandsmenn, og ti menige. Mannskapet var delt i tre vaktlag med fire mann i kvart. Kvart lag hadde 8 timar vakt, og kvar mann 2 timar vakt. Ved spesielle høve var det forsterka vakt. Det var eit einsformig liv med vakt og atter vakt, ofte på ein forblåst fjelltopp, difor var det rullering av mannskapet for å skaffe litt avveksling. Flymeldeposten hadde eit lite vakttårn med ein god kikkert som vart nytta til observasjon. Like ved var vakthytte, og forlegningsbrakke. Til nærforsvar hadde mannskapet gevær og eit par maskingevær, og ved nokre postar var det piggtrådgjerde og lagt ut miner.

Luftwaffe flymeldepostar i Sogn og Fjordane
Brg.  2 Naesholmen Hyllestad  Nesholmen/Tveit
Brg.  3 Aakre Høyanger  Åkre
Brg.  4 Nesse Balestrand   Nessane/Ortnevik
Brg.  5 Vik    Vik    Ligtvor
Brg. 16 Bjørknaes  Gulen  Byrknesøy
Brg. 17 Stensund  Solund Steinsund
Brg. 18 Hugö    Solund  Hugøy/Hersvik
Brg. 19 Herland Askvoll Herland
Brg. 20 Svanöy   Flora    Gripland
Brg. 21 Florö       Flora Florø
Brg. 22 Kallevaag   Bremanger Kalvåg
Brg. 23 Vaage    Vågsøy Vågsvåg
Brg. 25 Opheim Voss Oppheim
Brg. 26 Nes  Luster Nes
Brg. 27 Kvammen Gaular  Viksdalen
Brg. 29 Myklebost Eid  Kjølsdal
Brg. 30 Utvik   Stryn Utvik
Dri. 40 Ervik  Selje    Ervik/Kjerringa


Radarvarsling
Både den tyske marinen og Luftwaffe brukte radar. Det vart brukt fleire typar radar alt etter formål. Det kunne vere radar for flyvarsling, skipsvarsling, skyteradar for luftvern og kystartilleri, eller det var leieradar for eigne jagarfly. Ein av dei første radarane sett opp på norskekysten var marinen sin radar på Kråkenes i mars 1942. Frå sommaren 1942 starta Luftwaffe for fullt bygginga av radaranlegg i Norge, og våren 1945 var det radarstasjonar i ein samanhengande kjede på kysten av Sør-Norge.

I Sogn og Fjordana hadde Luftwaffe to radarstasjonar. Eit stort anlegg på Stadlandet, og eit mindre på Sandøy i Askvoll. Etter krigen blei alle tyske radaranlegg demonterte av dei allierte. Idag finn ein på desse stadane restar av fundamentet for radaren, forlegningsbrakker og stillingar. Den tyske nemninga på radar var Funkmessortungsgeräte – FuMO.

Radarstasjonar i Sogn og Fjordane
FuMO "Steineiche",
Radarstasjon Stadlandet Selje  Kjerringa/Vestkapp
FuMO "Salbei",
Radarstasjon Sandö Askvoll  Sandøy/Bulandet
Radar FuMO Kraakenaes Vågsøy   Kråkenes


Radiosendarar og linkstasjonar
På slutten av krigen hadde Luftwaffe bortimot fullført eit bakkenett av radiosendarar og linkstasjonar langs kysten av Vestlandet og over til Austlandet. I Sogn og Fjordane var det to radiolinkstasjonar.

Radiosendar Bremanger Bremanger  Veten
Radiosendar Gulen Gulen  Brosviksåta

Marinen
Marinen hadde ansvar for kontroll av skipstrafikken, og elles anna aktivitet på sjøen i kystområdet. I skipsleia og i skjærgarden patruljerte marinefartøy, ofte var det rekvirerte og armerte sivile fartøy (forpostbåtar). På stader med god hamn var det ein tysk hamnekaptein, og langs skipsleia låg det vakt- og kontrollstasjonar. Signalstasjonane signaliserte kontroll-ordrar til passerande båtar, eller dei kunne kalle inn mindre båtar for kontroll. I Sogn og Fjordane var det hamnekaptein i Måløy, Florø, og Askvoll.

Fyrstasjonane
Dei fleste større fyrstasjonane som  Utvær, Geita, Ytterøyane, Kvanhovden og Kråkenes fyr hadde ei vaktavdeling frå marinen under heile krigen. Ved andre fyr var det kanskje vaktavdelingar ein periode under krigen. På Utvær og Ytterøyane vart det også lagt ut landminer, og vaktstyrken fekk støtte av eit par luftvernkanoner. Mange fyr og fyrlykter var sløkt under krigen, og av dei som var i drift skulle ingen lyse ut mot havet.

Mot slutten av krigen vart mange av fyrstasjonane delvis øydelagde og sett ut av drift av allierte flyangrep. På det vestlegaste støttepunktet i Norge, Utvær fyr, gjekk allierte fly våren 1945 til angrep på fyret, ei forlegningsbrakke vart skoten i brann, og toppen av fyrtårnet (45 meter høgt) vart skote ned. Også Ytterøyane hadde allierte flyangrep under krigen.

Marine kontrollstasjonar og vaktpostar i Sogn og Fjordane
Hamnekaptein Måløy Måløy
-Fjernskrivarstasjon Måløy Måløy 
-Hamnekontrollstasjon Måløy Måløy
Hamnekaptein Florø Florø
-Marine-Radiostasjon Florø  Florø
Hamnekaptein Askvoll  Askvoll

 

Marine-Signalstelle (MSS)
Marine-Signalstasjon Stadlandet Hovden/Ervik i Selje
Marine-Signalstasjon Måløy Måløy 
Marine-Signalstasjon Florø Færøy
Marine-Signalstasjon Askvoll Askvoll
Marine-Signalstasjon Stensund Tungodden i Solund

 

Küstenwache (KüWa)
Kystvakt-stasjon Kvanhovden fyr
Kystvakt-stasjon med luftvern/ minelagt Ytterøyane fyr 
Kystvakt-stasjon Vallestad
Kystvakt-stasjon Smelvær
Kystvakt-stasjon Eidfjord
Kystvakt-stasjon Geita fyr
Kystvakt-stasjon  Tangenes
Kystvakt-stasjon med luftvern/ minelagt  Utvær fyr


Hæren
Landtrafikken kontrollerte hæren ved hjelp av kontrollpostar og streifpatruljar, som regel i tilknytning til stader der det var stasjonert avdelingar og etablert støttepunkt. Det kunne vere kontrollpostar i tilknytning til sprengningsobjekt som bruer, eller viktige forsvarsobjekt som industrianlegg, drivstofflager og kraftverk. På stader med stor militær aktivitet var det ein plasskommandant og Ortskommandantur. Ein periode hadde hæren eigne flyvaktpostar - Heeres-Flugwache. Ein del stader kan ein enno finne restar etter kontrollpostar ved vegen, mellom anna i Vadheimsdalen.

Hærens flyvarsling i Sogn og Fjordane
H 33 Myrdal Forlegningsområdet
H 34 Fretheim  Forlegningsområdet
H 35 Høyanger   Fabrikkområdet
H 36 Laerdal  Forlegningsområdet
H 37 Aardal   Verket i Årdal under bygging
H 38 Yndestad Verket i Stongfjorden
H 39 Förde Forlegningsområdet
H 40 Svelgen  Fabrikkområdet
H 43 Nordfjordeid Forlegningsområdet         

 

Kontrollpostar og vegsperringar – sperreplaner
Vegane rundt tettstadane Nordfjordeid, Måløy, Florø, Førde
Vegane i Ytre Sogn og mellom Vadheim og Sande i Sunnfjord
Vegen frå Lærdal mot Austlandet og Gudvangen mot Voss i Indre Sogn  
kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999)

PERMANENT IDENTIFIKATOR