Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Stortingsmann Anfin Refsdal



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Anfinn Refsdal frå Vik.

Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal møtte som varamann for Gjert Holsen. Sonen til Anfinn Refsdal, den kjende kartteiknaren Ivar Refsdal har notert namnet "Refsdal" på biletet(nummer 1 frå høgre andre rekkja).

Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal møtte som varamann for Gjert Holsen. Sonen til Anfinn Refsdal, den kjende kartteiknaren Ivar Refsdal har notert namnet "Refsdal" på biletet(nummer 1 frå høgre andre rekkja).

Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Kort biografi
I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814 - 1970 står denne biografien:
"ANFINN LARSSON REFSDAL, fødd på Orvedal i Vik 4. juli 1839, son åt jekteførar Lars Markusson Tveit frå Balestrand og Gjørdis Johannesdotter Orvedal. Eksamen frå Balestrand lærarskule 1865, lærar i Davik og Sogndal, lærar og klokkar i Vik frå 1868, hadde og gard.
Var med i heradstyret frå 1874, ordførar to bolkar, eitt år formann i amtsskulestyret. Var med i styret for Noregs Lærarlag. Døydde i Vik 28. april 1920. Gift med 1) Anne Bentsdotter Risløv, 2) Eli Hermansen, 3) Gjertine Anderssen.

Representerte Venstre (Moderat). Var 2. vararepresentant frå Nordre Bergenhus amt 1886-1888, 1. 1889-1891, 3. 1892-1894, 5. 1895-1897 og 2. 1898-1900."
I boka er ikkje kome med at Refsdal var 1. vararepresentant i perioden 1903-1906.

Fråsegner frå amtstinga
Forhandlingane mellom Norge og Sverige om å løysa opp det felles konsulatvesenet braut saman i samla statsråd i Stockholm 7. februar 1905. Utover våren samla dei norske politikarane seg om å oppretta norsk konsulatvesen på eiga hand. Frå heile landet strøymde det inn støttefråsegner, - frå folkemøte, veljarmøte, kommunestyre og fylkesting. Nordre Bergenhus amtsting sende si fråsegn 27. mai. Ho hadde denne ordlyden:

"Telegrafisk bekjendt med de begivenhederne af i dag er det en trang for Nordre Bergenhus amtsting enstemmig at udtale tilslutning til, at nationalforsamlingen og regjeringen enigt og mandigt gjennemfører Noregs fulde ret og selvstændighed uden vaklen og uden affslag."

Tok ordet 23. mai
Då stortingsmann og lagtingspresident Holsen vart sjuk i mai, møtte Refsdal som 1. varamann. Han vart medlem av Lagtinget. Refsdal møtte på Stortinget 15. mai - 14. juni og frå 24. august 1905 ut sesjonen 1904-1905 og sesjonen 1905-1906.

Anfinn Refsdal vart såleis med på det endelege vedtaket av konsulatlova i Stortinget (Lagtinget) 23. mai og 7. juni-vedtaket.
Møtet i Lagtinget varde berre vel ein time. Berre sju deltakarar hadde ordet. Ein av dei var varamannen Anfinn Refsdal. Han tok fatt i ord som hadde falle frå ein representant i Odelstinget (Hagerup), at meiningsytringane som var komne inn til Stortinget, ikkje var av særleg stor verdi. Om amtstinga sa han (omskrive til nynorsk):

"Det sit menn i amtstinga rundt om i landet, som har vore med i mangt eit tak i Norges Storting, og vore med og røysta når ansvaret kvilde tungt. Og det kan eg ikkje tru, at når folk tilkjennegjer si meining i amtstinga, gjer det under mindre ansvarskjensle, enn dei har gjort her [i Stortinget]."

To vikjer på Stortinget i 1905
Laurdag 29. desember 1905 stod det i avisa Sogningen ei kunngjering om Folkefest i Vik. Medlemmer av kommunestyret og andre ba inn til "en festlig sammenkomst" på Kommunelokalet i høve "Norges Frigjørelse." Folk kunne kjøpa bilettar a 50 øre i Viks Forbrugsforening. To menn vart bedne inn som heidersgjester: Liljedahl og Refsdal.

Biografiske opplysningar om Liljedahl i Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970:
"EDVARD APOLLONIUSSEN LILJEDAHL, fødd i Vik i Sogn 6. august 1845, son åt lærar og klokkar Apollonius Liljedahl og Brita Olsdotter. Eksamen frå Balestrand lærarskule 1864, frå Stord seminar 1866. Var lærar og klokkar i Kyrkjebø 1867-1889, postmeister i Ålesund frå 1891 og i Bergen frå 1901. Statsråd og stortingsmann.

Liljedahl var 5. representant frå Nordre Bergenhus amt 1880-1882, 3. 1883-1885, det same 1886-1888 og 1889-1891. Var representant frå Ålesund og Molde frå 1895 til 1906, og frå Ytre Sogn krins, NBA, 1906-1909."

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens Opløsning 1905.
Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970.

PERMANENT IDENTIFIKATOR